5.3.08

Not ready to make nice

Det hender folk prøver å fortelja meg korleis eg skal leva livet mitt. Kva eg bør prioritera, kva eg bør meina, korleis eg bør kle meg, snakka og oppføra meg. Kva kampar eg skal kjempa. Fordi eg er feminist.

Det hender folk meinar at eg burde snakka litt mindre om sex. At eg ikkje burde driva å masa om likestilling i noreg, for det er jo så mykje verre i somalia, må vita. At eg burde ha litt lenger skjørt. At eg burde eller ikkje burde barbera leggane mine. At eg berre burde godta at kvinner og menn vert famstilte gjennomgåande som motsetningar i media, for hadde det ikkje vorte keisamt om alle var like?

Vel, gjett kva. Ingen har rett til å fortelja meg korleis eg skal leva livet mitt. Eg er ikkje feminist for å vera snill, inkluderande eller visa omsorg for dei stakkars kvinnene i afrika.

Eg er feminist fordi eg må. Det er tvingande nødvendig for meg. For at eg skal kunna leva livet mitt slik eg vil. Fordi eg, på grunn av kjønnet mitt, ikkje har same mogelegheitar som menn. Og det er ikkje haldbart. For meg.

Å vera feminist er ikkje ei løna stilling. Eg er ikkje tilsett av nokon som kan bestemma korleis eg bør prioritera. Eg prioriterar på bakgrunn av kva eg, eg ja, syns er viktig. For meg.

Det er alltid nokon som har det verre. Det tyder ikkje at dei andre kampane ikkje er viktige. Å oversjå eigne behov til fordel for å hjelpa andre er sjeldan lurt. Faktisk er det ein av dei mindre konstruktive eigenskapane i den tradisjonelle kvinnerolla. Å vera sjølvutslettande. Eg trur at å tre inn i den tradisjonelle kvinnerolla ville ha begrensa meg så mykje at eg ikkje ville ha vore i stand til å arbeida med og for kvinners rettar globalt.

Så ikkje kom og fortel meg kva eg burde gjera, kva eg burde sei, meina og kjempa for. Kva eg skal bruka mi tid og mine krefter på. For det er det faktisk eg som bestemmer.

"I’m not ready to make nice
I’m not ready to back down
I’m still mad as hell and I don’t have time to go 'round and 'round and 'round"



Og eg lurar på, desse som dukkar opp ei gong i blant og er sure fordi eg snakkar om sex når eg kunne ha snakka om omskorne damer i somalia, når gjorde dei sist noko for å hjelpa omskorne damer i somalia? Eg berre lurar...
Det hadde nok vore meir effektivt om dei engasjerte seg sjølve i staden for å kjefta på meg for at eg brukar kreftene mine på "feil" ting. Just sayin'.

Overskrift og sitat henta frå "Not ready to make nice" av Dixie Chicks. Ja, eg veit kva den eigentleg handlar om.

0 Comments:

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home