1.3.08

Jenta i den grøne kjolen

Eg la to fingrar på kragebeinet hennar. Huda var varm og mjuk. Eg lot handa følgja kragebeinet ned mot midten. Ho låg heilt stille med augene lukka medan eg førte fingrane lenger ned, mot den venstre puppen. Laga ein liten sirkel rundt brystvorta før dei strauk over den perfekt boga underpuppen.

Ho sukka svakt idet du kyssa ho på innsida av kneet. Den sjokoladebrune huda di stod i kontrast til hennar kvite, nesten gjennomsiktige. Eg kunne kjenna at kroppen hennar spente seg under handa mi då du fortsette oppovert låret, med små, lette kyss.

***

I det eg ringte på døra byrja det å snø. Store, kvite flak. Eg hutra. Håpa at nokon skulle opna den gule døra snart. Lurte på om ho var på festen. Du hadde sagt ho skulle koma.

***

Ho klynka svakt då du kom til toppen av låret. Du løfta hovudet og såg på meg. Smilte. Eg lente meg fram og kyssa deg. Kjende smaken av både deg og ho samtidig. Beit deg lett i underleppa. Du sat heilt stille ein liten augenblink, så kyssa du meg hardt. Saug med til deg, før du sleppte meg og lente deg ned igjen til henne.

***

Eg la kåpa mi i ein krok som ikkje var altfor full av jakker frå før av. Golvet var fullt av sko, eg hadde nesten vrikka ankelen då eg kom til å trakka på eit par grøne conversesko som låg rett innanfor døra.
Du hadde smilt då du opna for meg, gove meg eit kyss på kinnet. Sagt at, ja, ho var her. Ho sat i stova og snakka med folk. Ho hadde visst på seg ein grøn kjole som verkeleg framheva det raude håret og den kvite huda hennar.

***

Eg tok den eine puppen hennar i handa mi, strauk over den. Så kyssa eg den andre. Lot tunga gå i sirklar rundt bryustvorta. Sirklar som vart mindre og mindre, før dei var så så små at det ikkje gjekk an å laga sirklar meir.

***

Ho var verkeleg vakker i den grøne kjolen. Eg sette meg ned ved sida av ho. Ho smilte litt sjenert og såg vekk. Svara berre kort då eg sa hei til ho.
Det var stille ei lita stund.
Det rykte litt i kroppen hennar, som om ho ville snu seg mot meg men ikkje gjorde det. Eg la ei hand på skuldera hennar og spurde om det var noko. Ho snudde seg mot meg, såg rett på meg med dei store, grøne augene sine og sa at me måtte snakka, kunne me gå ut på kjøkenet?

***

Ho gispa og skar ei grimase då det gjekk for ho. Det gjekk bølgjer gjennom kroppen hennar. Eg elska å sjå på ho når det gjekk for ho. Sjå korleis ho gav seg over til følelsane. Korleis ho gav slepp på all kontroll.
Ho strekte armane ned og løfta vekk hovudet ditt. Eg lente meg fram og lot leppene mine møta hennar. Du dytta meg vekk og kyssa ho før du snudde deg og kyssa meg og.

***

Ho såg seg litt hjelpelaust rundt. Som om orda ho prøvde å finna låg skjulte i ei hylle bak koppar og fat.
Du gjekk forbi ute i gangen og fekk auga på oss. Du sa nokre orde til dei du snakka med der ute før du kom inn til oss og la ei hand rundt livet mitt. Du såg spørjande frå meg til ho. Eg trekte på skuldrene.

Ho svalde eit par gonger og blunka fort. Trekte pusten.
-Eg må seia noko. Sa ho.
-Eg kan ikkje ha sex med dykk meir. Ho såg på deg. -Eg trur eg er forelska i deg, og... ho beit seg i underleppa. -og eg greier ikkje at me liksom skal vera alle saman. -At alle liksom skal ha akkurat det same forhaldet og dei same følelsane for alle.
-Eg berre greier ikkje.
-Unnskuld.

Ho såg frå deg til meg og tilbake igjen, så pusta ho djupt og retta seg opp.
-Så, ser dykk seinare då...

Labels: ,

2 Comments:

Blogger Esquil said...

du er flink. det var bra. sex og intermenneskelig drama, alt som trengs i grunnen. likevel greide du å gjøre det u-tabloid. bloggposten trenger en tittel som damper av sex, "så pulte vi ho" f.eks., og pinging på de mest brukte nettporn.. portalene hvis du vil ha besøk. men det er sikkert ikke målet ditt :)

March 04, 2008 11:42 PM  
Anonymous Guri said...

Eg er ikkje veldig oppteken av treff...
Men, eg har vurdert å skriva ein sånn "korleis knulle ei kvinne" post. Faktisk.
Og takk. Ikkje blant minje beste, av ymse grunnar, dog..

March 05, 2008 10:28 AM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home