21.1.08

Utdanning versus folkevit

Tidlegare i dag kom eg over denne posten om kulturelite inne hjå Rockette. Der kjem Avil med følgjande kommentar: "Eg begrip ikkje kvifor ein skal sidestille mangel på utdanning med utdanning.

Alle menneske har lik verdi for meg, men å seie at det å ikkje kunne noko er like verdifullt som å kunne noko, blir uforståeleg og ulogisk."

(Det kan vera lurt å lesa heile posten til Rockette og kommentaren til Avil i samanheng. Det er ikkje meining å få Avil til å framstå som slem med å ta noko ut av kontekst.)

Sidan eg er ein slik uutdanna ein føler eg at eg må koma med nokre innvendingar.

Eg ser poenget til Avil, og er forsåvidt einig i at ein ikkje kan likestille det å kunna noko med det å ikkje kunna noko. Problemet er berre at eg ikkje er einig i at det er slik at dei med høgare utdanning kan noko medan me andre ikkje kan noko. Det det er snakk om er å likestilla ulike typar kunnskap og ulike måtar å tileigna seg kunnskap på.

Det er ikkje slik at me som ikkje har utdanna oss ikkje har tileigna oss kunnskap på den tida dei med høgare utdanning tok udanninga si.

For det fyrste fins det, som nemnt over, ulike måtar å tileigna seg kunnskap på. Til dømes kan ein læra spansk ved å studera det på eit universitet eller ein kan læra seg spansk ved å flytta til Guatemala for å jobba. Kanskje er til og med den sistnemnde måten meir effektiv.

For det andre fins det ulike typar kunnskap, der alle er like viktige for samfunnet. Det er ein grunn til at ein for å utdanna seg til ein del yrke har læretid i staden for lange utdanningar. Ein del yrke er rett og slett lettast å læra når ein driv med det i praksis. Det er ikkje til å stikka under ein stol at snekkarar kan meir om husbygging enn psykologar. Det er heller ikkje til å stikka under ein stol at det hadde vore litt kjipt å bu i noreg om det ikkja fanst folk som kunne byggja skikkelege hus...
Både snekkarar og psykologar er nødvendige for samfunnet.

Eg høyrer til i den fyrste gruppa. Dei siste tre åra har eg jobba som sakshandsamar i eit stort multinasjonalt selskap. I den samanheng har eg blant anna lært mykje jus innan dette fagfeltet. Faktisk så mykje at eg kanskje kan meir om jus på akkurat dette eine området enn mange som er ferdig utdanna juristar. Å få slike spesialkunnskapar innan dei fagområda ein jobbar med er ikkje uvanleg.

Det fins mange grunnar til å ikkje ta høgare utdanning. Kanskje har ein verv i ein organisasjon som er for store til å kombinerast med studiar, kanskje finn ein seg ikkje til rette i akademia, kanskje har ein andre interesser. Uansett er samfunnet avhengig av alle oss uutdanna som kan ha dei ikkjeakademiske jobbane.

Å tru at ein *kan* meir enn andre berre avdi ein har høgare utdanning er i beste fall lite gjennomtenkt, i verste fall arrogant og nedlatande (og det trur eg ikkje Avil er). Som nemnt i byrjinga handlar det ikkje om å kunna meir eller mindr enn andre, men om å ha ulik kunnskap og å tileigna seg kunnskap på ulike måtar.

Forresten treng ein ikkje ha gått på universitet for å ha lese Judith Butler og Simone de Beauvoir, eller kunsthistorie for den del. Det er berre å gå på bokhandelen og kjøpa bøkene, ta dei med heim og lesa dei;)

9 Comments:

Blogger Avil said...

Det er nok uhorvelege mengder ting du kan, som eg ikkje kan. Og alle dei tinga er verdifulle for deg, og dermed (igjen:) blir det meiningslaust å seie at det å ikkje kunne noko er heilt likestilt med å ikkje kunne noko.

Alt ein kan er noko verdt for ein, uansett kor ein har lært det.

Eg må jo også få poengtere at folk som går på skule også lever og lærer utanom skuletida. Eg er gift med ein svært nevenyttig akademikar.
Og eg driv for tida med noko eg slett ikkje har gått på skule og utdanna meg til.

Slik er jo livet.
Heldigvis?

January 21, 2008 11:54 PM  
Blogger Guri said...

Men, poenget er ikkje at å ikkje kunne noko er likestilt med å kunne noko, men at å kunne noko bør vera likestilt med å kunna noko anna.

Ting ein kan er ikkje nødvendigvis berre verdt noko for ein sjølv, ein heil del av det me kan er verdt noko for samfunnet og. Uansett kvar me har lært det. Det er viktig å hugsa på at pleieassistentar og bønder er like viktige for at samfunnet skal gå rundt som det lærar og legar er.

Eg er svært klar over at folk som går på universitet og har eit liv utanfor skulen, det er berre det at "alle andre" har *meir* liv utanfor skulen (og gjerne andre typar jobbar og slikt). På same måte som studentar har eit liv utanom skulen er det sjølvsagt mogeleg for alle oss andre å tileigna oss akademisk kunnskap ved å lesa og studera sjølve.

Hehe, det er vel ikkje akkurat uvanleg å jobba med ting ein overhovudet ikkje er utdanna til.

Elles bør eg vel leggja til at eg faktisk studerar for tida. Vel og merka berre eit årsstudium, men dog.

Dessutan, som den sosialisten eg er meinar eg at utdanning skal vera gratis og at ein burde få pensjonspoeng under utdanning.

January 22, 2008 12:27 AM  
Blogger Marthe said...

Og "likestilling" når det gjelder utdanning har ofte med penger å gjøre. Jeg synes selv jeg får morsommere jobber med utdanning enn uten - ofte betyr utdanning at man får høyere lønn OG morsommere jobber. Det er teit.

På den annen side får vi studerende ingen pensjonspoeng for å studere, og ender derfor tidvis opp med mindre pensjon enn de ikkestuderende.

Så helt uavhengig av om jeg synes formelt utdannede eller ikke formelt utdannede er "best" er jo pengebiten litt viktigere enn statusbiten. Vaskemennesker f.eks - trenger ei sinnsyk lønnsøkning, og studereden f.eks trenger å få pensjonspoeng.

January 23, 2008 4:37 PM  
Blogger Rockette said...

Dette var en god post, guri.
Jeg uttrykte meg nok litt slurvete og sleivete i min blogg.

Spesielt når vi snakker om _kultur_ (som min post dreide seg om), tenker jeg at det kanskje er slik at det ikkeakademiske miljøet faktisk har mer å tilføre den debatten. (men det kan jo naturligvis være at jeg er forutintatt:)

Forøvrig; jeg lærte mer om antikkens historie av ei analfabet kone i Selcuk enn det jeg hadde fått inn under et helt semester forelesninger . (akkurat det sier kanskje mer om min manglende konsentrasjon i studiesituasjoner, men dog)

January 23, 2008 6:33 PM  
Blogger Guri said...

Marthe: Eg trur nok me er ganske einige.

Eg trur forøvrig at statusbiten og pengebiten heng saman. Ta til dømes læraryrket, der har lønna gått ned (i forhald til andre yrkesgrupper) i takt med at statusen har forsvunne.

Rockette: Eg syntes ikkje du uttrykte deg slurvete, eg vert berre inspirert til å skriva om ting som er litt på sida av det oprinnelege temaet av og til :)

Når ein snakkar om kultur trur eg det akademiske og det ikkjeakademiske miljøet har ulike ting å tilføra som til saman dannar ein heilskap som er bra og viktig.
Ta til dømes meg, eg er musikar innan den klassiske (eller akademiske, om du vil) tradisjonen. Samtidig høyrer eg på td. metal, som ikkje er i ein klassisk (akademisk) tradisjon. Eg ville ikkje ha vore nokon av delene forutan. Eg trur det at eg har tilknyting til ulike tradisjonar gjera at eg "forstår" meir av begge.

Ein skal ikkje undervurdera analfabete gamlingar når det kjem til kunnskap om historie og musikk :)

(Det om manglande konsentrasjon i studiesituasjonar er veldig spanande synest eg, særskilt iom at eg studerar pedagogikk for tida. Men det må eg i såfall skriva eit eige innlegg om.)

January 23, 2008 11:17 PM  
Blogger Rockette said...

Eg trur det at eg har tilknyting til ulike tradisjonar gjera at eg "forstår" meir av begge.
Veldig bra sagt!

January 24, 2008 7:25 AM  
Anonymous Guri said...

:D

January 24, 2008 11:49 AM  
Anonymous Avil said...

1. Dette med at ein får gøyare jobbar som akademikarar meiner eg er ein myte.
For det første er det ikkje likt, kva som er gøy for meg og for deg.
For det andre kan det vere at eg har opplevd sinnssjuke krav til produksjon, ansvar og sjølvstendighet som akademikar, mens eg i dei "ikkje-akademiske" jobbane eg har hatt, har fått lov til å vere meg sjølv med mine avgrensingar på ein heilt annan måte.
For det tredje kan det vere at ein er mest lukkeleg som snekkar.


2. Folk som ikkje har tatt utdanning har "meir liv utanom skulen". Jøss, hæ?
Eg har arbeidd som sentralborddame og ved samleband på fabrikk, for å nevne noko. Fritida mi var ikkje meir innhaldsrik då enn etter eg blei akademikar. Og arbeidet eg gjorde har ikkje gitt meg så mykje perspektiv på kultur og samfunn at eg anyday kan trumfe einkvar akademikar.

Eg tenker slik at fornuftige og observante folk får mykje ut av liva sine uansett, men å nulle ut livserfaringa til folk som har gått på skule fleire år enn andre, blir jo berre rart.

January 30, 2008 3:28 PM  
Blogger Guri said...

Avil:

1. Det er eg einig i (eg hadde berre ikkje tid til å kommentera det då eg svara på den andre kommentaren vedr det), medmindre ein prøver seg i den delen av arbeidsmarknade det er vanleg å ha høgare utdanning i utan at ein har det sjølv. Skjønt, her kan relevant erfaring vega opp så...

2. Klønete formulert av meg. Med meir liv utanfor skulen meinte eg at den tida dei som tek utdanning (forhåpentlegvis) brukar på å studera brukar andre på å jobbe og få den typen erfaringar. Det er jo ait faktum at å bruka td. 30 timar i veka på studiar gjer at ein kan bruka 30 timar mindre i veka på td. jobb.

Eg meinar ikkje at ein skal nulla ut livserfaringa til folk som har gått på skule fleire år enn andre, det ville jo, som du skriv, ha vore rart. Derimot meinar eg at det ikkje nødvendigvis er slik at folk med utdanning kan *meir* enn andre, men at dei kan *andre* ting. Det er ein grunn til at det i stillingsannonser ofte står at ein treng *putt inn spesifikk utdanning her* ELLER relevant arbeidserfaring.

January 30, 2008 5:43 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home