27.1.08

Nadejda Sokolova

Alle burde forresten ta ein tur innom denne posten hjå Undre.

Mangel på koherens mellom image og utsagn

Min *utsjånad* er ikkje slik den er frå naturen si side. Eg har *faktisk* i stor grad valt sjølv korleis eg ser ut. Det kan du tolka kordan faen du vil. Gjer det meg ueigna til å vera feminist? Til å eventuelt skriva bok? Bli intervjua av dagbladet? Meina noko om moralske spørsmål i det heile?

Er det slik at berre dei som ser 100% naturlege ut, aldri har prøvd dop, aldri har slått nokon, aldri har gjort noko dumt i fylla, aldri har baksnakka nokon, aldri har *fyll inn "umorlaske" ting her* skal kunna koma med råd til andre?

I så fall forventar eg at det blir jævlig stille framover.

Sjølvsagt kan ein kritisera bodskapen folk signaliserar med "imaget" sitt. Det er forøvrig langt frå å kritisera folk for bodskapen dei gjev med "imaget" sitt til å sei at dei grunna "imaget" sitt er ueigna til å gi andre råd om td. dop.

Seriøst.

21.1.08

Utdanning versus folkevit

Tidlegare i dag kom eg over denne posten om kulturelite inne hjå Rockette. Der kjem Avil med følgjande kommentar: "Eg begrip ikkje kvifor ein skal sidestille mangel på utdanning med utdanning.

Alle menneske har lik verdi for meg, men å seie at det å ikkje kunne noko er like verdifullt som å kunne noko, blir uforståeleg og ulogisk."

(Det kan vera lurt å lesa heile posten til Rockette og kommentaren til Avil i samanheng. Det er ikkje meining å få Avil til å framstå som slem med å ta noko ut av kontekst.)

Sidan eg er ein slik uutdanna ein føler eg at eg må koma med nokre innvendingar.

Eg ser poenget til Avil, og er forsåvidt einig i at ein ikkje kan likestille det å kunna noko med det å ikkje kunna noko. Problemet er berre at eg ikkje er einig i at det er slik at dei med høgare utdanning kan noko medan me andre ikkje kan noko. Det det er snakk om er å likestilla ulike typar kunnskap og ulike måtar å tileigna seg kunnskap på.

Det er ikkje slik at me som ikkje har utdanna oss ikkje har tileigna oss kunnskap på den tida dei med høgare utdanning tok udanninga si.

For det fyrste fins det, som nemnt over, ulike måtar å tileigna seg kunnskap på. Til dømes kan ein læra spansk ved å studera det på eit universitet eller ein kan læra seg spansk ved å flytta til Guatemala for å jobba. Kanskje er til og med den sistnemnde måten meir effektiv.

For det andre fins det ulike typar kunnskap, der alle er like viktige for samfunnet. Det er ein grunn til at ein for å utdanna seg til ein del yrke har læretid i staden for lange utdanningar. Ein del yrke er rett og slett lettast å læra når ein driv med det i praksis. Det er ikkje til å stikka under ein stol at snekkarar kan meir om husbygging enn psykologar. Det er heller ikkje til å stikka under ein stol at det hadde vore litt kjipt å bu i noreg om det ikkja fanst folk som kunne byggja skikkelege hus...
Både snekkarar og psykologar er nødvendige for samfunnet.

Eg høyrer til i den fyrste gruppa. Dei siste tre åra har eg jobba som sakshandsamar i eit stort multinasjonalt selskap. I den samanheng har eg blant anna lært mykje jus innan dette fagfeltet. Faktisk så mykje at eg kanskje kan meir om jus på akkurat dette eine området enn mange som er ferdig utdanna juristar. Å få slike spesialkunnskapar innan dei fagområda ein jobbar med er ikkje uvanleg.

Det fins mange grunnar til å ikkje ta høgare utdanning. Kanskje har ein verv i ein organisasjon som er for store til å kombinerast med studiar, kanskje finn ein seg ikkje til rette i akademia, kanskje har ein andre interesser. Uansett er samfunnet avhengig av alle oss uutdanna som kan ha dei ikkjeakademiske jobbane.

Å tru at ein *kan* meir enn andre berre avdi ein har høgare utdanning er i beste fall lite gjennomtenkt, i verste fall arrogant og nedlatande (og det trur eg ikkje Avil er). Som nemnt i byrjinga handlar det ikkje om å kunna meir eller mindr enn andre, men om å ha ulik kunnskap og å tileigna seg kunnskap på ulike måtar.

Forresten treng ein ikkje ha gått på universitet for å ha lese Judith Butler og Simone de Beauvoir, eller kunsthistorie for den del. Det er berre å gå på bokhandelen og kjøpa bøkene, ta dei med heim og lesa dei;)

16.1.08

Staff, lommemenner og idiotar

Eg hadde ikkje tenkt å skriva noko om dette, men sidan eg har litt tid til overs gjer eg det likevel. Det eg seier i dette innlegget er ting eg meinar på generell basis og som eg kunne ha sagt i andre samanhengar og. Så veit de det.

Eg har merka meg at det i denne saka fins to ytterfløyar (for det har me jo aldri ellers, eh). På den eine sida har ein dei som tilsynelatande meinar at ein burde sperra den antekne lommemannen inne på livstid utan å bråk meir med ting som rettsaker og slikt. På den andre sida har ein dei som meinar at målet alltid heilagar middelet og at ytringsfridommen er viktigst alltid, uansett.

Handlingane "Lommemannen" har gjort er grusomme, og overgerp mot born er etter mi meining blant det aller verste ein kan gjera. Dette er forhåpentleg dei fleste einige om. Når det er sagt er det likevel slik at me lever i ein rettstat, og det skal me vera glade for. Dette tyder at alle har rett til ei rettvis rettsak og at ingen er skuldige (offisielt sett, det er sjølvsagt folk som utfører straffbare handlingar dei aldri vert dømde for) før dei faktisk er dømde. Dette er bra, då det faktisk hender at politiet tek feil i fyrste omgang og arresterar feil person.

Dei fleste ser vel sjølve at eit rettsystem er betre enn blodhemn og lysnjemobb.

Dette tyder forøvrig ikkje at det er greit at forsvarsadvokatar kjem med krenkande uttalingar som ufarleggjer pedofili i media. Tor E. Staff kan jo sjølvsagt sei og meina kva han vil og avisene kan trykka kva dei vil. Men det ER jo lov å tenka seg om. Er det eigentleg ein bra ting at nokon som førsøksvis ufarleggjer pedofili har kippekort i avisene? Berikar det debatten? Er det eit poeng å normalisera pedofili? Det er jo grunnar til at å utøve pedofili er ulovleg i utgangspuktet.

Eg trur både offer og overgripar hadde vore betre tent med at sakene heldt seg i rettsalane. Offera hadde sluppe å forhalde sag til krakilske advokatar i media som legg stein til byrden ved å hevda at dei er unormale som tek skade av overgrepa og overgriparen kunne nok ha vore tent med litt mindre merksemd rundt sin person den dagen den skal tilbake til samfunnet.

Som nemnt over må folk sjølvsagt få sei og meina kva dei vil. Det tyder ikkje at alt er konstruktivt. Og av og til kan ytringsfridommen kresja med andre rettar. Av og til kan ytringar få følgje i form av at dei legitimerar ulovlege handlingar eller at folk føler seg trua eller krenka av dei. Er det framleis greit å koma med slike ytringar då?

Eg synest Virrvarr , Minneapolise og Lin har skrive interessant postar om det same emnet.

Link til Minneapolise kjem seinare, då dataen på jobben fekk eit illebefinnande akkurat no.

15.1.08

Lur sjefen!

Kjekke rampestrekar til datarommet på skulen/arbeidsplassen eller dei litt tekninsk tilbakeståande familiemedlemmane dine.

Det må vera windows for at dette skal fungera.

*Når kollegaen/fyren på datarommet/mora di går bort frå datan slår du til.
Trykk på "Alt Gr" og ein piltast (samtidig altså).
Tjoho! Skjermbiletet er feil veg.

Veldig kjekt. Særskilt om du er litt betre enn meg på å halda deg alvorleg slik at det ikkje vert så openberrt at det er deg.

Denne har eg stole frå Sonja.
Hups! det var ikkje Sjona eg hadde teke den frå, men Frøken Makeløs.

*Trykk "Start", så vel du "kjør". Då får du opp ein boks. I den boksen skriv du inn net send/users din beskjed
Då får alle på same nett som deg opp ein boks dei må klikka ok i. Dette fungerar ikkje alltid, kjem an på korleis nettet der du er heng saman. Kanskje er det nokon i finland som er på same server som du (dom du jobbar i ei stor, internasjonal bedrift) som får beskjeden og ikkje dei på avdelinga di. I så fall er det ikkje fullt så festleg. Kanskje bortsett frå for dei i Finland.

Og ja. Eg skriv dette fordi eg ikkje har tid til å skriva noko ordentleg.