29.12.07

Alle barna i bloggebygrenda

Eskil har tagga meg til å sei fem ting om barndommen min. Så her kjem megmeget.

Eg var visst eit særs snillt og veloppdragent barn (før fylte 4 vel og merka). Ved eit tilfelle skal eg ha stått ved grandtanta mi (som altså var naboen min og) sitt låge stovevindauga fullt av knuseleg nips medan alle naboane såg bekymra på. Sjølvsagt stod eg berre fint og såg utan å røra noko.


Ja, eg veit biletet er feil veg. nei, eg bryr meg ikkje.


Eg gjekk på skule i sju år (inkludert førskule) ikkje langt frå der dette biletet vart teke.



I denne skogen lære eg og å bruka kart og kompass.

Eg er odelsjente, noko som har ført til at det var lite dokker og fine kjolar og meir tråtraktor og kjeledress i barndommen min. Eg har aldri høyrt foreldra mine sei at det fins ting jenter ikkje kan gjera som gutar kan. Me fekk til og med lov til å stå og tissa. Ja, det går an.



Eg har brukt mykje tid med dette treet. Både klatrande og huskande.



Utsikten frå treet er om lag slik.



Så det var det. Eg er ikkje så glad i å fortelja alle og ein kvar om barndommen min, så dette er så personleg som det vert på nett.

Om de vil kan de føla dykk tagga.

8.12.07

Filmar du bør ha sett, ein føljetong. Del 3

Spirited Away/Cihiro og heksene

Eg er så vanvittig uinspirert for tida at eg ikkje ei gong greier å knota ned eit brukande samandrag av filmen... :)

Cihiro er eigentleg ei heilt vanleg jente, men for å redda seg sjølv, foreldra og den hyggelege guten Haku må ho vera modig og lur og gjera masse skumle greier. Det greier ho sjølvsagt.

Filmen er heilt fantastisk absurd og Chihiro bankar alle dei dumme Disneyprinsessene any day.

Ikkje greide eg å finna ein grei trailer heller. For eg fekk heilt angst av dei med engelsk tale. Dei seier jo alt heilt feil. Så her kjem ein litt handlingslaus japansk ein. Bjørn over med meg.

Men filmen er vel verdt å sjå. Eg lovar.



Eg er klar over at eg ikkje akkurat har promotert ukjende filmar i denne føljetongen min. Men slik har det altså berre blitt. Filmblogginga mi er mest for at eg skal skriva noko i det heile når eg eigentleg ikkje har tid til å skriva :)