7.11.07

Meg, kjønn og seksualitet

Ein post hjå Mihoe har inspirert meg til å skriva litt om det å vera bifil og biseksuel og fordommar rundt dette.

Eg er som sagt bifil. Som verken hetero eller homo hamnar ein lett litt i eit ingenmannsland der "alle" synest du er teit.

Mange påstår til dømes at dei fleste bifile eigentleg er homo, dei er berre ikkje klare for å ta steget fullt ut. Andre igjen lurar på kvifor ein ikkje berre vel å leva heterofilt, då det angjeveleg er så mykje lettare. Mange i det homofile miljøet ser på bifile som eventyrarar som er mest ute etter eksperimentell sex men som nok kjem til å slå seg til ro som heterofile etter kvart.

Personleg kan eg ikkje for mitt bare liv forstå kva som er enklare ved å kalla seg bilfil enn ved å kalla seg lesbisk. Tvert imot. Eg opplever at eg blir møtt med fleire fordommar, både frå homo- og heterofile når eg seier eg er bifil enn når eg seier eg er lesbisk (eg seier av og til det, det gjer ting så mykje lettare).

I ein del lesbiske miljø er det slik at det å ha eit forhald til nokon som er bifile vert sett på som litt riskiabelt. Sidan alle bifile sjølvsagt eigentleg er heteroar på jakt etter krydder i tilværet og følgjeleg kjem til å dumpe den stakkars lesbiske jenta så snart ho vert lei av å leika bifil.

Ofte har heterofile og dette synet på bifile. Bifile er lett forvirra studiner som vil prøva ut den kjekke queertorien dei har lært om på universitetet i praksis.

Argumentet om at det er så mykje lettare å leva heterofilt fell på mange måtar på at det er så urimeleg. Sjølv om ein kan bestemma sjølv kven ein skal ha sex med kan ein ikkje skru av og på kven ein forelskar seg i, og den dagen ein vert hovudstups forelska i ein person av same kjønn som er like forelska tilbake er det nok ikkje eit lett offer å lata vera å inngå eit forhald til denne personen.

At det kan vera vanskeleg å koma ut av skåpet har eg full forståing for, men at det skal verta lettare ved fyrst å påstå at ein "berre" er bifil har eg inga tru på. Det eg derimot trur er at unge ofte kan vera forvirra og usikre på eigen legning. Det er ikkje til å stikka under ein stol at sosiale normer formar oss, og eg skjønar godt at nokon som aldri har vore forelska kan tru at dei er hetero heilt til den dagen dei plutseleg forelskar seg i nokon av same kjønn. Eg har mange homofile og lesbiske vener som lenge har trudd dei var både hetero- og bifile. Om "alle" forventar at Kari skal vera hetero forventar sansynlegvis Kari dette sjølv og. Kari vil altså sjølv gå ut i frå at ho er hetero til det motsette er bevist.

Eg er ikkje heilt ferdig med denne posten, trur eg, men eg må på korøving for ti minuttar sidan.

For øvrig har eg eit ambivalent forhald til heile hetero/homo/bifil opplegget. Og eigentleg til kjønn på generell basis. Eg forelskar meg i og tenner på personar, ikkje kjønn og føler meg eigentleg ganske ukomfortabel med å måtta definera min seksualitet ut i frå kjønn.

Kommentarar eg oppfattar som ekle, usaklege, slemme eller på andre måtar støytande vil bli sletta på denne posten.

17 Comments:

Anonymous Virrvarr said...

Jeg kjenner meg veldig igjen i det du skriver. Jeg kom først ut av skapet som lesbisk da jeg var liten og søt, rett og slett fordi det var «enklere» å ta den helt ut, enn å forklare hvor komplisert det var hver gang. Så forelsket jeg meg i gutter, også, og ble en slags jukselesbe.

Jeg tror mange er redd for bifile, fordi det er litt mer grensesprengende enn det å være helt homo eller helt hetero - man forelsker seg mer i personer enn i kjønn og har den «videste» båsen.

Takk for at du skriver fint innlegg, og godt å se at du blogger igjen (c;

November 08, 2007 12:15 AM  
Blogger Elvis Bling Laden said...

Jeg synes jo også det ligger noe litt pussig i termene. "hetro" er jo liksom normen, og "default", sånn at begrepet har jo en... skal vi si.. Det tilsvarer en grense folk har mot alt som lukter av homoseksualitet.

"homo"-termen er jo en tilsvarende "grense", som avgrenser mot hetroseksualitet. Men den krever også presisjonen "diamant-homo", dvs. en homoseksuell som aldri har hatt hetrofil sex i hele sitt liv. Det er neppe så veldig mange.

En Hetro som ikke er "diamant-hetro", om en kan bruke det begrepet, vil jo på sin side bli oppfatta som _litt_ homo. Eller kanskje bifil, tilogmed?

Begrepet "bifil" blir henvist til en slags inneklemt og mindre bevisst mellomposisjon.

Mens i et frigjort sammfunn vil det vel være naturlig å tro at bifilitet, altså at man tenner på begge kjønn, er "default". Hvis man skal definere seg som noe, så tar man i tilfelle skrittet vekk fra biseksualiteten og dermed avstå fra sex med så-eller-så kjønn.

---

Et helt annet poeng når det gjelder det _å leve som_ bifil. En singel person som har et par partnere i året vil uten problemer bli kalt bifil. En person som har flere forhold i nær fortid kan lett kalles bifil. Men hvis personen inngår i et ekteskap eller tilsvarende seriøst forhold, hvis hen har vært kjærester med èn person i ti år, da vil vel det å fortsatt kalle seg bifil kunne føles som en slags offentlig bekreftelse på at hen fortsatt tenner på andre? Jeg forstår godt at det føles litt lite meningsfullt. Og den _politiske_ kampen dreier seg også om "homofiles" rettigheter; rett til adopsjon, rett til å kunne vigsles osv osv. Derfor er homoseksualitet en identitet som blir politisk nyttig.

En annet og lignende dilemma vil jo den potensielle (hetro eller homo) filien skape i forhold til tidligere partnere av "feil" kjønn;

- "beklager, jeg elsket det aldri i virkeligheten. Jeg har altid vært homo"

Det lyder da også unødvendig strengt, ikke?

----

Ellers så har jeg treffi en hel masse svensker som nekter å kalle seg bifile, men som omtaler seg som "seksuelle" eller andre sånne omskrivinger, nettop fordi de føler at deres seksualitet og kjærlighet ikke trenger å kategoriseres så voldsomt. Hva tenker du om det?

November 08, 2007 1:56 AM  
Blogger Guri said...

Virrvarr: :D Grunnen til at eg skriv så lite for tida er rett og slett tidsmangel og kvasisjukdom (mogeleg eg nemnde det i bryllupet).

Eg har eit veldig ambivalent forhald til det med "å koma ut". Berre det at ein aktivt må definera seg som eit eller anna med ei gong ein ikkje er hetro slår meg som heilt horribelt. Eg synes det er tåpeleg at "folk" anntek eg er hetro medmindre eg presiserar noko anna. På den andre sida er det jo slik at folk ofte trur ein skammar seg over legninga si om ein ikkje har lyst til å diskutera og opplysa om den.

Eg har eigentleg aldri "kome ut". Eg har rett og slett nekta å følgja reglande då eg synes dei er så dumme... No er det jo likevel slik at eg kallar meg bifil og i mange samanhengar lesbisk av praktiske hensyn. Det er rett og slett svært vanskeleg å lata vera å kategorisera seg sjølv slik samfunnet er lagt opp.

Apropos ting ein hadde problem med som søt og liten. Då eg var lite, 10 kanskje, visste eg at eg likte jenter og at eg likte gutar, eg visste og at hetro og homo/lesbisk fanst. men kva f*** var eg? Det var ikkje før eg las ein artikkel og homo/bi/hetrofili i eit eller anna jenteblad (Mag? DetNye?) at eg i det heile teke skjønte at det faktisk fanst ein kategori for sånne som meg. Og på den tida hadde eg behov for ein kategori å putta meg sjølv inn i for i det heile teke å føla at eg passa inn i samfunnet.

November 08, 2007 10:21 PM  
Blogger Guri said...

Elvis: Eg trur eg har svart på ein del av kommentaren din i svaret til Virrvarr og dessutan i posten :)

I forhald til at bifile vert "henvist til en slags inneklemt og mindre bevisst mellomposisjon" er eg ueinig. Eg trur at nettopp fordi bifile ikkje definerar seg ut frå dei "vanlege" kategoriane er det ein meir bevisst posisjon.

Eg trur at i eit "frigjort" samfunn vil det ikkje vera nødvendig å definera seksualitet og følelsar ut frå kjønn men utelukkande ut frå personane ein faktisk har ein relasjon til. Dersom det ikkje har nokon konsekvens kva kjønn personen ein har eit forhald til har er det heller ikkje noko poeng i å definera noko ut frå kjønnet på personen.

Som feminist meinar eg at alle bør bli sett på som individ og ikkje representantar for eit kjønn, ein konsekvens av dette er at det ikkje er noko poeng i å definera til dømes forhald ut frå kva kjønn personane i horhalda har.

Når det er sagt meinar eg at slik som samfunnet er no er særorganisering absolutt nødvendig for at mange grupper (td. hofile, lesbiske, bifile, kvinner) i det heile skal oppnå noko som helst. Så eg er altså einig i at kategoriane i er nyttige i den politiske kampen slik ting er no.

Eg trur dette "For øvrig har eg eit ambivalent forhald til heile hetero/homo/bifil opplegget. Og eigentleg til kjønn på generell basis. Eg forelskar meg i og tenner på personar, ikkje kjønn og føler meg eigentleg ganske ukomfortabel med å måtta definera min seksualitet ut i frå kjønn. " svarar på det siste avsnittet ditt.

November 08, 2007 10:53 PM  
Blogger Delirium~ said...

Jeg synes det er så fint at du skriver hvordan det er.

Jeg var 17 da jeg skjønte at jeg var bifil - før det hadde jeg bare vært forvirret, og jeg var vel 22 eller noe før jeg sluttet å føle meg noe som helst forvirret, og bare følte meg utenfor og rar.

Nå etter noen år med (tilfeldigvis) bare hetrofile forhold har folk sluttet å tenke på meg som bifil, selv om jeg føler meg like bifil som alltid. Fordelen er at venninnene mine ikke lenger er flaue over å skifte i samme rom som meg.

Blogginnlegget "hvordan er det å være bifil for meg" har ligget og modnet seg noen måneder. Kanskje det er på tide å skrive det snart.

November 09, 2007 8:29 PM  
Blogger Guri said...

Takk :)

Eg har på mange måtar vore heldig. Eg skjøna tidleg kva "eg var" og at det gjekk an å vera slik utan at det var noko gale med meg. No skal det nemnast at eg var tenåring i den perioden det var så utruleg hipt å vera bifil, eller i det minste å kline med veninner på fylla. Det har nok gjort ein del ting lettare.

Med mine veninner har aldri det med å skifta i same rom vore eit problem (så vidt eg veit), men eg trur dei fleste venene mine har eit såpass reflektert syn det det å vera bi at dei veit at det ikkje er det same som å sjå på alle som seksuelle objekt heile tida ;)

Eg tenker at no må jo vera eit bra tidspunkt å skriva det innlegget på :)

November 09, 2007 10:02 PM  
Anonymous Anonymous said...

det stemmer at bifil ikke er noen lett tittel å velge seg, ikke i det homofile miljøet ihvertfall.

jaja. glade minner. det var da kona la ut en tekst som dette på nettet, og fikk respons, at ekteskapet begynte å gå undas. basert på den erfaringen må også jeg innrømme at jeg er noe mer skeptisk til bifile enn til heterodamer.

November 18, 2007 5:28 PM  
Blogger Marthe said...

Hei du fremmede som jeg tror jeg kom til ved å klikke ei lenke i bloggen til ida.

Skrekkelig godt skrevet du. Flink pike.

Mvh marthe
snusmumriken.wordpress.com

November 24, 2007 3:19 AM  
Blogger Guri said...

Tusen takk :)

November 24, 2007 4:22 PM  
Blogger Avil said...

Dei fleste av oss ender opp med ein partnar på eit tidspunkt, og når det har vart nokre år, er det bedageleg å kalle seg hetero/homo/mono-fil. Eg har møtt haldningar til bifile som ein må forsvare seg mot frå heile mono-fronten:
1. "Det er vanleg å oppleve seg sjølv som bifil når ein er ung, dei fleste finn ut at ein er homofil eller heterofil når ein modnast".
2. "Både homofile og heterofile er meir stabile mennesker, mens bifile har ein uklår seksuell identitet".
3. "Seksuell eksperimentering høyrer ungdomstida til."
4. "Om du er bifil, vil du vel alltid sakne noko, uansett kva partnar du har".
5. "Du veit vel innerst inne om du likar kvinner eller menn best".

For meg er definisjonen av bifil veldig enkel: Dersom du har vore betatt, forelska eller seksuelt tiltrukke av både minst ein mann og minst ei kvinne, er du bifil.
Det fortsetter du sjølvsagt å vere uansett om du aldri meir blir forelska eller kåt resten av dine levedagar, eller om du finn den store/varige kjærleiken med ein person. Det er historia di som gjer deg bifil, ikkje notida.

Og når det gjeld dette med å "vite innerst inne", pleide ei bifil venninne å seie det så greitt: "Eg likar både sjokoladekake og ostekake. Eg kan ikkje seie kva eg likar best. Og når eg et sjokoladekake er eg ikkje misnøgd og tenker heile tida på at eg også vil ha ostekake. Eg kan nyte sjokoladekaka mi heilt og inderleg utan å tenke på ostekake i det heile. Og slik har eg det faktisk med ostekake også. Ingen sakn, ingen forvirring, berre litt meir variert smak."

December 06, 2007 9:15 PM  
Anonymous Anonymous said...

Jeg er veldig enig i det du skildrer i forhold til bifile. Selv om jeg kanskje ikke har så mye grunnlag for å uttale meg..

Men jeg er litt usikker på hva du mener i forhold til at du forelsker deg i peroner og tenner på personer. Mener du at man som hetrofil eller homofil/lesbisk/homoseksuell(urk definisjoner altså, stress!) forelsker seg i kjønn? for jeg skulle gjerne forelsket meg i jenter og gutter. Mye bedre utvalg og ikke minst vanvittig mange fantastiske jenter, og veldig mange gutter som rett og slett er helt høl i hue. Alt for mange av de. Men jeg bir ikke forelsket i alle de fantastisk pene, smarte, intelegente, fornuftige og som burde vært omsvermet av friere og i det heletatt. Mener du da at jeg forelsker meg i kjønn? Jeg har egentlig ikke noe problem med at noen skulle mene det, men jeg er litt usikker på hva jeg mener faktisk er tilfelle. Jeg kan ikke helt få meg til å tro at jeg skulle bli forelsket i en gutt fordi han har kuk. Det kan jo fåes i plast. Og jeg føler meg virkelig ikke tilpass med de kjønnsrollene vi har i dag.

December 07, 2007 2:15 AM  
Blogger Guri said...

Hei du anonyme :)

(Om du ikkje har blogg, men heller ikkje vil vera anonym kan du skriva namn der det står "nickname" og klikke i bboksen framfor det, då vert det lettare for meg å skjøna at du er deg neste gong. Du kan sjølvsagt skriva eit oppdikta namn:)

Eg trur alle forelskar seg i personar, noko anna ville i grunnen ha vore litt rart. Ville det ikkje?

Men for dei som er/kallar seg hetero/homofile må jo kjønn vera ein faktor. Ein ganske viktig ein, til og med, i og med at dei ikkje forelskar seg i personar av andre kjønn.

Kva som ligg til grunn for kva kjønn ein forelskarseg i/tenner på veit eg like lite om som alle andre. Ikkje ser eg at det er relevant heller. Det viktigste må uansett vera å ha respekt for andre og å late folk definera seg sjølve :)

December 07, 2007 4:41 PM  
Blogger Guri said...

Avil: Eg trur me er veldig einige og veninna di sa det veldig bra:)

Var forresten berre flaks eg såg kommentaren din, mailvarslinga har openberre ikkje fungert, så eg såg den ikkje før eg skulle svara på den anonyme kommentaren som kom etter din (som det altså kom epostvarsel om). Rart.

December 07, 2007 4:45 PM  
Blogger Rockette said...

Godt skrevet, Guri.
Av alle fordommer folk til enhver tid må forholde seg til, slår det meg at de heteronormative må være blant de mer meningsløse. Som du sier; du forelsker deg i _personer_ ikke kjønn. Når man tenker grundig over det, hva er vel mer naturlig?

Jeg er forøvrig sterk tilhenger av at folk må få leve livene sine som de vil, så lenge de ikke begår handlinger som skader andre.

Noen folks trang etter å båssette og fordømme, kan de holde for seg selv, synes jeg.

December 08, 2007 3:06 PM  
Blogger Guri said...

"Jeg er forøvrig sterk tilhenger av at folk må få leve livene sine som de vil, så lenge de ikke begår handlinger som skader andre."

Veldig sant. Og venskelegare enn det kan høyrast ut som ;)

December 09, 2007 5:11 PM  
Blogger VALK said...

Hei! Dette innlegget dukka plutselig opp da jeg virra rundt på diverse bekjentes blogger. Så til det jeg vil si:

Det er ikke særlig lett. Jeg fant ut som attenåring at jeg plutselig syntes at også jenter var flotte og deilige mennesker det gikk an å forelske seg i, og fortalte det til mine nærmeste venninner. Jeg slet litt med dette i ettertid, da det plutselig blei forventa at jeg skulle rote og tøyse med jenter, mens jeg bare har hatt ett "forhold" til en av samme kjønn. Det er ikke noe gøy, og det føles som om disse folkene legger seg fullstendig oppi ting de ikke har noe med. Og å definere meg selv i forhold til hvilken fil jeg vil kjøre i? Neppe. Det er vanskelig fortsatt. Og jeg tror faktisk mye av disse følelsene er sosialt bestemte. Man ser kanskje oftere bifile jenter enn gutter. Hvorfor er det sånn? Vil være forsiktig med å generalisere, men det er interessant...

December 14, 2007 6:41 PM  
Blogger Guri said...

Folk som har forventingar omkorleis ein skal oppføra seg ovanfor andre og kva ein skal definera seg som er alltid vanskeleg.
Eg har alltid hatt problem med at andre skal definera meg. På andre område enn legning og.

Kvifor det kan verka som at det er fleire bifile jenter enn futar kunne eg ha skrive ein eigen post om, kanskje eg skal det? Eg trur blant anna det har med at det er meir "akseptert" for jenter å vera bi enn for gutar. Dette heng saman med det gamle synet på at jenter ikkje har seksualitet og at kvinners seksualiotet er definert i forhald til mannens. Ergo vert jenter som kliner eller har sex noko som eigentleg er til for mannens forlystelse og dermed ufarleg, medan menn som gjera det same vert ekkelt. Til dømes har det aldri vore forbode for kvinner å ha sex med kvarandre i noreg, medan det var forbode for menn fram til søttitalet.
Kort sagt.

December 16, 2007 12:08 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home