9.11.07

Meir om bifile

Det er ikkje berre eg og Virrvarr som opplever det som problematisk å definera oss som bifile (problemet er altså ikkje at me er bifile, men kva haldningar me møter hjå andre). Her er ein duskusjon frå gaysir der andre med same problem og mykje av grunnen til problema vert synlege.

7.11.07

Meg, kjønn og seksualitet

Ein post hjå Mihoe har inspirert meg til å skriva litt om det å vera bifil og biseksuel og fordommar rundt dette.

Eg er som sagt bifil. Som verken hetero eller homo hamnar ein lett litt i eit ingenmannsland der "alle" synest du er teit.

Mange påstår til dømes at dei fleste bifile eigentleg er homo, dei er berre ikkje klare for å ta steget fullt ut. Andre igjen lurar på kvifor ein ikkje berre vel å leva heterofilt, då det angjeveleg er så mykje lettare. Mange i det homofile miljøet ser på bifile som eventyrarar som er mest ute etter eksperimentell sex men som nok kjem til å slå seg til ro som heterofile etter kvart.

Personleg kan eg ikkje for mitt bare liv forstå kva som er enklare ved å kalla seg bilfil enn ved å kalla seg lesbisk. Tvert imot. Eg opplever at eg blir møtt med fleire fordommar, både frå homo- og heterofile når eg seier eg er bifil enn når eg seier eg er lesbisk (eg seier av og til det, det gjer ting så mykje lettare).

I ein del lesbiske miljø er det slik at det å ha eit forhald til nokon som er bifile vert sett på som litt riskiabelt. Sidan alle bifile sjølvsagt eigentleg er heteroar på jakt etter krydder i tilværet og følgjeleg kjem til å dumpe den stakkars lesbiske jenta så snart ho vert lei av å leika bifil.

Ofte har heterofile og dette synet på bifile. Bifile er lett forvirra studiner som vil prøva ut den kjekke queertorien dei har lært om på universitetet i praksis.

Argumentet om at det er så mykje lettare å leva heterofilt fell på mange måtar på at det er så urimeleg. Sjølv om ein kan bestemma sjølv kven ein skal ha sex med kan ein ikkje skru av og på kven ein forelskar seg i, og den dagen ein vert hovudstups forelska i ein person av same kjønn som er like forelska tilbake er det nok ikkje eit lett offer å lata vera å inngå eit forhald til denne personen.

At det kan vera vanskeleg å koma ut av skåpet har eg full forståing for, men at det skal verta lettare ved fyrst å påstå at ein "berre" er bifil har eg inga tru på. Det eg derimot trur er at unge ofte kan vera forvirra og usikre på eigen legning. Det er ikkje til å stikka under ein stol at sosiale normer formar oss, og eg skjønar godt at nokon som aldri har vore forelska kan tru at dei er hetero heilt til den dagen dei plutseleg forelskar seg i nokon av same kjønn. Eg har mange homofile og lesbiske vener som lenge har trudd dei var både hetero- og bifile. Om "alle" forventar at Kari skal vera hetero forventar sansynlegvis Kari dette sjølv og. Kari vil altså sjølv gå ut i frå at ho er hetero til det motsette er bevist.

Eg er ikkje heilt ferdig med denne posten, trur eg, men eg må på korøving for ti minuttar sidan.

For øvrig har eg eit ambivalent forhald til heile hetero/homo/bifil opplegget. Og eigentleg til kjønn på generell basis. Eg forelskar meg i og tenner på personar, ikkje kjønn og føler meg eigentleg ganske ukomfortabel med å måtta definera min seksualitet ut i frå kjønn.

Kommentarar eg oppfattar som ekle, usaklege, slemme eller på andre måtar støytande vil bli sletta på denne posten.