15.9.07

Filmar du bør ha sett, ein føljetong. Del 2.5

Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å skiriva om heilt nye filmar. Både avdi det er så mange andre som gjer det akkurat no (dei er jo nye) og avdi eg av og til endrar syn på filmar etter ei stund. Nokre filmar hugsar eg år seinare, medan andre er av typen "eg trur kanskje eg har sett den...". Når eg nok gjer eit unntak er det avdi eg var på kino i går og såg ein film eg synest var svært bra og dessutan viktig.

This is England
"This is England" viser skinheadkulturen på ein annarleis måte. Elleve år gamle Shaun som vert mobba av dei jamnaldrande på skulen byrjar å henga med ein gjeng eldre skinheds av den mindre seriøse type. Etter kvart får gjengen eit par eldre og meir seriøse medlemmar, og det som i utgangspunktet var eit ganske uskuldeg forsøk på å finna tilhøyringheit ender snart opp på nazisamlingar.

"This is England" lukkast med å visa skinheadsa som meneske og korleis til og med innvindrarar kan manipulerast til å tru at nazisme er vegen å gå for dei. Den viser kor langt ein kan nå med retorikk av typen "dei" og "oss".

Eit stykke ut i filmen er gjengen på eit møte i eit nasjonalistisk parit. Eg håpar at alle som ser filmen bit seg merke i kva for argument og uttrykksmåtar som vert brukt der og har det i bakhovudet neste gong dei skal bruka røysteretten sin her i noreg (dette gjeld vel fyrst og fremst ikkje dei som les bloggen min).



Takk til Lotten som tipsa meg om filmen i utgangspunktet.

3 Comments:

Blogger jokke said...

gleder meg til å se filmen.

Likte veldig godt Dead Man's Shoes av samme regiør,

September 18, 2007 1:33 PM  
Anonymous Guri said...

Det ER ein veldig bra film.

Dead Man's Shoes har eg ikkje sett...

September 18, 2007 10:32 PM  
Anonymous lotten said...

Vel bekomme:)
Er forøvrig også enig i at "Boys Don't Cry" er en strålende film. Sukk.

September 25, 2007 6:19 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home