17.8.07

Filmar du bør ha sett, ein føljetong (?)

Etter fire og ein halv månad bloggeferie føler eg det er på tide å gje lyd frå meg igjen.

Så, inspirert av Esquil og iversens "beste film"-lister, her kjem byrjinga på det som (forhåpentleg) vert ein føljetong om filmar eg synes du bør ha sett.

Sånn utover at eg vart inspirert til dette av dei overnemnde har nok ikkje mi liste så mykje til felles med deira lister. Til dømes likar eg verken gamle krigsfilmar, romantiske filmar eller Nicolai eitelleranna Broch(?). dessutan har eg litt issues med filmar som berre har menn i hovudrollane. Berre så det er sagt.

Uansett.
Fyrste film ut er filmen eg kan sjå om eg nokon sinne skulle koma til å gløyma korleis livet var på ungdomskulen. Filmen alle dei mindre heterofile av oss (i alle fall dei av typen kvinne) kan meir eller mindre utanatt.

Fucking Åmål

Fucking Åmål kom ut før Willow i Buffy hadde vore lesbisk på TV og før nokon hadde funne ut at å laga Tv-seriar om lesber i Los Angeles var lurt om ein ville tene pengar.

Då eg trur dei fleste som les bloggen min (om det er nokon som framleis heng på)er gamle nok til å hugsa alt oppstyret filmen skapte då den kom skal eg ikkje sei meir om det. Men om nokon tvilar på kva tyding filmen hadde, og framleis har, kan dei lesa teksten om den i den svenske feministantologien Fittstim.

Uansett, det er faktisk ein bra film og.

6 Comments:

Anonymous Iversen said...

Jeg har sett fucking Åmål bortimot 200 ganger. Det er ikke jug en gang.

August 17, 2007 10:49 PM  
Blogger Guri said...

Eg trur deg :)
Men i forigårs hadde eg besøk av ein kamerat som aldri hadde sett den før. Så då måtte me jo sjå den. Sjølvsagt. Eg er veldig glad i den filmen.

August 18, 2007 1:14 AM  
Anonymous Androida said...

Jeg ble kjempeforundra da jeg fikk høre fra noen at den filmen var oppskrytt.

August 18, 2007 10:46 AM  
Blogger Guri said...

Ja, ikkje sant. Det fins mange filmar som er oppskrytte, men Fucking Åmål er ikkje blant dei.

August 18, 2007 2:41 PM  
Blogger Engeline. said...

Fucking Åmål er et godt valg å ha som første føljetong. En perle av en film. Og som andre, jeg har et levende minne om å sitte i en mørk kinosal med min beste venninne, og deretter reise hjem for å drikke oboy. En får sånne glimt av pur glede ved tanken.

August 27, 2007 12:46 AM  
Blogger Guri said...

:)
Eg trur faktisk eg gjekk på "diskotek" (ungdumsklubb) etterpå. Hm.

Det er den einaste filmen (så vidt eg veit) som har vore så etterspurd at den kom tilbake til kinoen heime etter at den eigentleg hadde slutta å gå. Den gjekk KJEMPELENGE!

August 27, 2007 10:44 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home