21.8.07

Filmar du bør ha sett, ein føljetong. Del 2

Sidan eg er relativt sliten for tida (fulltidsstudie og fulltidsjobb + kor, det er ei lang historie) kjem eg ikkje til å skriva ein veldig lang tekst om den andre filmen på lista mi.

Den andre filmen fortsett på sett og vis der Fucking åmål slapp. Der Fucking Åmål tek opp relativt uskuldig kjærleik mellom heilt vanlege jenter tek den andre filmen opp korleis kjerleik kan oppstå sjølv om dei involverte har eit annarleis forhald til kjønn enn det dei fleste har.

Filmen tek og opp ein del av problema ein kan møta på om ein ikkje er komfortabel med det kjønnet ein har og korleis samfunnet meinar at folk av eit spesifikt kjønn skal oppføra seg.

Det er ein veldig sterk film, spesielt for oss som har eit over gjenomsnittet trøblete forhald til kjønn. Eg synest det er ein vanskeleg film å sjå, både avdi eg kjenner meg veldig igjen i ein del av det og avdi filmen er basert på ei sann historie.

Uansett, det er ein bra og viktig film (med ein traurig trailer, ikkje døm filmen på grunn av traileren) som du bør sjå. Hilary Swank fekk Oscar for beste kvinnlege hovudrolle for innsatsen sin i denne filmen.

Boys don't cry




PS: Hurra! Eg fekk til å posta traileren under teksten.

17.8.07

Hjelp!

Eg får ikkje til å putta teksten på postar med videoar i over videoen. Når eg prøver får eg berre opp at eg ikkje har lukka tagane mine eller at kodane er ufullstendige, sjølv om eg ikkje har rørt tagane eller kodane....

What to do?

Filmar du bør ha sett, ein føljetong (?)

Etter fire og ein halv månad bloggeferie føler eg det er på tide å gje lyd frå meg igjen.

Så, inspirert av Esquil og iversens "beste film"-lister, her kjem byrjinga på det som (forhåpentleg) vert ein føljetong om filmar eg synes du bør ha sett.

Sånn utover at eg vart inspirert til dette av dei overnemnde har nok ikkje mi liste så mykje til felles med deira lister. Til dømes likar eg verken gamle krigsfilmar, romantiske filmar eller Nicolai eitelleranna Broch(?). dessutan har eg litt issues med filmar som berre har menn i hovudrollane. Berre så det er sagt.

Uansett.
Fyrste film ut er filmen eg kan sjå om eg nokon sinne skulle koma til å gløyma korleis livet var på ungdomskulen. Filmen alle dei mindre heterofile av oss (i alle fall dei av typen kvinne) kan meir eller mindre utanatt.

Fucking Åmål

Fucking Åmål kom ut før Willow i Buffy hadde vore lesbisk på TV og før nokon hadde funne ut at å laga Tv-seriar om lesber i Los Angeles var lurt om ein ville tene pengar.

Då eg trur dei fleste som les bloggen min (om det er nokon som framleis heng på)er gamle nok til å hugsa alt oppstyret filmen skapte då den kom skal eg ikkje sei meir om det. Men om nokon tvilar på kva tyding filmen hadde, og framleis har, kan dei lesa teksten om den i den svenske feministantologien Fittstim.

Uansett, det er faktisk ein bra film og.