31.3.07

Ave Maria

Grunnen til at eg ikkje har posta noko på lenge er sjølvsagt at eg har konventert til katolisismen og vorte nonne.



Eventuelt at eg har jobba masse overtid på jobben min, sett opp opera, sett opp Brahms "deutsches requiem", og dessutan vore sjuk i bronkiane, bihulen og øyra mitt. I dag heldt eg på å svima av på scena. Hups.

I morgon skal eg bladsynga salmar eg aldri har høyrt før på gudsteneste (i johanneskyrkja klokka 11 om nokon er interesserte) og så ta toget vekk frå våren i bergen til vinteren der eg skal stå på brett, eta, sova og sjå på tv. Eg er tilbake når eg byrjar å kjeda meg.

Forresten kom eg ikkje inn på dei studia eg søkte på, men eg kan visst byrja på eit årsstudium i stavanger. Me får sjå kva det blir til.

5.3.07

O sole mio

No er eg i Stavanger. I morgon skal eg synga på 1. runde på opptaksprøve til konservatoriet her.

Akkurat no har eg flykta inn på rommet eg bur i hos tanta mi og familien hennar, for eg greier ikkja lata vera å snakka ellers og eg bør spara på stemma.

På torsdag skal eg på 1. runde på opptaksprøve i bergen.

På laurdag har eg regiprøve på Sour Angelica.

På søndag tek eg toget til Oslo. På mandag har eg 1. runde på opptaksprøve i oslo.

For tida er eg mest oppteken av at eg ikkje skal filososfera over mine sjansar for å koma inn, så mesteparten av tida brukar eg på å øydeleggja høyrselen min med for høg musikk.

Det er mogeleg eg er litt vanskeleg å forhalda seg til for tida.

No skal eg gjera yoga.