15.2.07

Opera?

Her skulle det ha stått om operapolitikk, men sidan eg ventar på ein e-post med dokument som eg skulle få i dag som eg ikkje har fått endå vert det noko anna i staden.

Sutregutar

På mandag var det parolemøte i 8. marskomiteen i bergen. Det var stort oppmøte, og blant dei om lag førti oppmøtte var det og fleire gutar. Heilt i byrjinga av møtet vart det stemt over om gutane skullle ha stemmerett når det vart stemt over parolane på kvinnedagen. Det vart bestemt at det skulle dei ikkje ha.

Sjølvsagt, ville no eg seia.
Men det er ikkje alle som synes slikt er sjølvsagt.

Ypperstesutreguten i hordaland AUF, til dømes, har visst litt vanskeleg for å forstå kvifor det er problematisk at han som mann skal definera kva som er viktige kvinnekrav. Ei heller forstår han at det kanskje er kontroversielt å vedta i år at menn skal ha stemmerett på parolemøtet slik at det til neste år kan koma hordar av menn som hatar feministar og kuppa heile møtet.

Så problematisk syntes han det var at han ikkje kan bestemma på vegne av kvinner at han skreiv ein protokollmerknad. Der stod det : ”Jeg anser det som rystende at et forum som jobber for likestilling mellom kvinner og menn ikke anser menns meninger som viktig nok til å la dem ta del i det viktige arbeidet med å arrangere 8.mars-toget. Jeg kom hit fordi jeg engasjerer meg i kvinnekampen, og jeg ser på det som krenkende og diskriminerende at min mening som mann ikke blir verdsatt.”

For det fyrste så er kvinnedagen ein kampdag der ein kjempar for å frå fram kvinners krav i eit samfunn der kvinner som gruppe har systematisk mindre makt enn menn.
For det andre, jadå, det er kjekt at du vil støtta meg Kjetil, men du støttar meg best ved å lata meg definera min eigen kamp, ikkje ved å sjølv prøva å definera den kampen du meiner eg bør kjempa.

Det er greit nok at du som kvit, mellomklassemann er vant til å få bestemma og at det ikkje er di feil at du er sosialisert inn i ei rolle. Eg fattar at det sikkert er hardt når du plutseleg ikkje får ta opp den plassen du er vant til å ta opp, men ærleg tala, er det ikkje litt i overkant å gå ut i avisa og sutra?

14.2.07

Bill.mrk. Sur og antiromantisk.

Sidan eg er slik ei sur og antiromatisk feministkjerreing som hatar valentinsdagen* skriv eg ikkje noko ordentleg i dag. I morgon derimot vert det operapolitikk.

*Dette er litt sant og litt usant. Eg er ei sur og antiromantisk kjerring som hatar valentinsdagen, men det har lite med at eg er feminist å gjera, ei heller har det nokon ting med at eg er singel å gjera. Faktisk er det min angst for forhald som gjer meg antiromantisk og anivalentinsdagisk. Å vera singel er dødsfeitt!

8.2.07

Here comes the sun

Sidan tysdag har det vore fint vær i bergen, og denne gonga skal det visst vara ei stund. Diverre.

Det er nemleg slik i bergen at luftkvaliteten er omvendt proposjonal med kor fint været er. Ifølgje gårsdagens papirutgåve av BT er det no slik at astmatikarar, allergikarar og andre med luftvegsproblem burde unngå å bevega seg ute i sentrum.

Eg bur i sentrum. For å koma meg på jobb, til butikken, til korøving, songtimar, kort sagt til livet mitt, er eg nøydd til å gå ute i sentrum. Ja, til og med midt i rushtrafikken. Eg kan ikkje berre skru av livet mitt avdi idiotar insisterar på å køyra bil i sentrum når det er fint vær.

Det ironiske er jo at det er oss fotgjengarane som vert oppfordra til å halda oss inne, ikkje bilistane, som i utgangspunktet er skuld i den dårlege luftkvaliteten, som vert oppfordra til å lata bilen stå.

I vinter har eg ikkje vore sjuk ei einaste gong, i fjor vinter var eg konstant sjuk. Skilnaden? I år har det regna kvar dag tre månadar i strekk...

Ein ting til som er ironisk; Grunnen til at det har regna kvar dag tre månadar i strekk i vinter er utslepp av klimagassar, i stor grad frå privatbilisme.

Eg er SÅ for bilfri by. Og piggdekkavgift. Og dødsdyr bensin. NO!

Når eg tenker meg om trur eg faktisk at å køyra bil når ein strengt teke ikkje treng det er ein av dei mest egoistiske handlingane ein kan gjera. For det har så utruleg store konsekvensar for så utruleg mange fleire enn dei som køyrer bilane.