3.1.07

Kjønnsfascisme

eller korleis få nokon til å føla seg utilpass.

Forhistorie: Bedrifta eg arbeidar i har bestemt seg for å verta sunnare. Eit av midla for å oppnå dette er at alle dei ansette har fått ein"treningskonto", altså ein viss sum ein kan bruka på trening.

I dag då eg og ein fyr på avdelinga mi, lat oss kalla han M, sat og åt lunsj kom det bort eit par gutar frå ei anna avdeling. Dei vende seg mot M og sa dei hadde fått ein kjempebra ide. Kanskje dei to, M og nokre andre gutar dei nemnde skulle slå seg saman og bruka treningspengane sine på å leiga seg ein hall ei gong i veka og spela fotball?

Men er ikkje det bra då, tenker kanskje du. Og det er det jo forsåvidt, det er berre det at eg og kanskje kunne ha tenkt meg å vera med å spela fotball, og det var så veldig tydeleg at dei ikkje spurde meg.

For ei stund sidan skreiv Kamilla om å handla klede. Om at ho ikkje finn det ho vil ha i jentebutikkane, og at når ho prøver å handla i gutebutikkar ser folk på ho som ein idiot. Berre avdi ho ikkje vil kle seg ut som kjønn. Det er synd. Veldig synd.

På arbeidsplassen min står det i arbedskontrakta at me må kle oss normalt (mine ord). Med normalt meinar dei komfortabelt men ikkje på noko vis shabby, og det er jo greit. Det som ikkje er fullt så greit er at dei nok og meinar kjønna. Det er ikkje sikkert det hadde vore så veldig greit, for ikkje så snakka om akseptert, om eg hadde kome på jobben i gutedongeribukse og svart herreskjorte.

I motsetnad til Kamilla sitt kleskåp er kleskåpet mitt sterkt prega av mitt biologiske og sosiale kjønn. Eg har ein jobb der eg må kle meg kjønna og dessutan er eg songar, og om ein står på ei scene må ein i alle fall kle seg kjønna (medmindre ein har ein "bukserolle"). Stort sett er dette noko eg trivst med, men eg ville gjerne hatt mogelegheita til å velja sjølv. Då ville eg kanskje ha gjort noko annleis av og til.

Eg er litt uskikker på kvar eg vil med denne posten, då eg veit at dei fleste som les bloggen min i stor grad er einige med det eg prøver å få fram her, nemleg at kva ein gjer på, korleis ein kler seg, kva for aktivietar ein får tilbod om å vera med på burde vera opp til kva for person ein er, ikkje kva kjønn ein tilfeligvis er fødd med.

Til slutt vil eg uansett koma med ei oppfordring til "høgresida" (det er den etter side 38, heh) som jo etter eigne utsagn er velig opptekne av fridom. Engasjer dykk i feminisme, både i noreg og globalt (nokon av dykk gjer det alt). For til sjuande og sist er det fridom det handlar om. Fridomen til vera eit heilt individ, ikkje berre eit kjønn.

9 Comments:

Anonymous Sexy Sadie said...

Problemet er nok at de fleste mennesker faktisk ikke er ops på at vi også "gjør kjønn", og ikke bare "er kjønn".

Hadde de vært det, så tror jeg ikke det hadde vært et problem, sånn sett. For det er da ingen sak å handle seg klær på Jack & Jones hvis det er det man vil. Herreklær er jo så komfortabelt.

January 04, 2007 1:05 PM  
Blogger Guri said...

Veldig einig.

For min del vert det ofte veldig tydeleg, for eg er veldig god på å "gjera kjønn", og med ei gong eg sluttar med det, td. om eg skal gjera gardsarbeid ute er det straks folk som har probem med å skjøna om eg er jente eller gut. Det er det mange som berre har sett meg i andre situasjonar som ikkje trur på...
Snodig.

January 04, 2007 9:56 PM  
Anonymous Anonymous said...

Guri du vet hvor mye jeg bryr meg om feminisme. men jeg må bare sitere deg på noe:
"Men er ikkje det bra då, tenker kanskje du. Og det er det jo forsåvidt, det er berre det at eg og kanskje kunne ha tenkt meg å vera med å spela fotball, og det var så veldig tydeleg at dei ikkje spurde meg."

du har vurdet at de to andre bare rett og slett ikke ville ha deg med, og at det ikke har noe med kjønn å gjøre. det er nødvendigvis ikke kvinne fientlig eller noe sånt.

erik

January 06, 2007 6:53 PM  
Blogger Guri said...

Sånn bortsett frå at dei har bestemt at ingen jenter får vera med var det sikkert ein haldbar teori Erik...

January 07, 2007 1:42 PM  
Blogger Rondesyn said...

Morsom lesning, men du bruker et sterkt ord som kjønnsfacisme ukritisk(?). Da lurer jeg på: Er det at mange bedrifter støtter kun treningssenter trening (90% av de som deltar er kvinner) kjønnsfacisme? Hva med at "noen" har funnet ut at det er ok at jenter går med skjørt, mens det ikke er ok for gutter å gå i shorts på varme sommerdager. Er det kjønnsfacisme?

January 16, 2007 7:00 PM  
Blogger Guri said...

Eg brukar ordet kjønnsfascisme heilt bevisst.

Eg meinar at både gutar og jenter burde kunne velja om dei vil gå med shorts eller skjørt, eller bukse for den del, på varme sommardagar.

Eg meinar at kva kjønn ein har ikkje burde spela noko rolle for korleis ein kan oppføra seg eller korleis ein skal kle seg.

Form meg og mange andre eg kjenner, både jenter og gutar, skapar kjønnsrollemønstera heilt reelle problem.

January 16, 2007 10:49 PM  
Blogger Guri said...

Kjekt at du likar skrivinga mi forresten :)

January 16, 2007 10:49 PM  
Anonymous Anonymous said...

Høyrefolk er stort sett opptatt av frihet fra byråkrati og å betale skatt. Jeg har sett ytterst lite snakk om frihet fra kulturell komformitet (symbolsk makt?) fra folk på høyresida.

Lurer på hvor lenge det er til menn kan gå i skjørt og kjole og bli sett på som menn, og ikke transvestitter.

Kansje en trendsetter a la Beckham må gjøre det først.

(jeg har posta her før tidlig i høst, husker ikke under hvilket navn)

January 21, 2007 8:46 PM  
Anonymous Guri said...

Det er jo eg som meinar at høgresida burde snakka meir om fridom frå kulturell konformitet då ;)

Når menn kan gå i skjørt kjem an på når nokon menn byrjar å gå i skjørt, kanskje har du rett i at "trendstjarar" må gjera det fyrst.

January 22, 2007 11:17 AM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home