15.1.07

Kom, kom!

På torsdag (18.01) skal eg synga på Fincken om lag klokka 20.00.

Ver der eller ver firkanta.

3.1.07

Kjønnsfascisme

eller korleis få nokon til å føla seg utilpass.

Forhistorie: Bedrifta eg arbeidar i har bestemt seg for å verta sunnare. Eit av midla for å oppnå dette er at alle dei ansette har fått ein"treningskonto", altså ein viss sum ein kan bruka på trening.

I dag då eg og ein fyr på avdelinga mi, lat oss kalla han M, sat og åt lunsj kom det bort eit par gutar frå ei anna avdeling. Dei vende seg mot M og sa dei hadde fått ein kjempebra ide. Kanskje dei to, M og nokre andre gutar dei nemnde skulle slå seg saman og bruka treningspengane sine på å leiga seg ein hall ei gong i veka og spela fotball?

Men er ikkje det bra då, tenker kanskje du. Og det er det jo forsåvidt, det er berre det at eg og kanskje kunne ha tenkt meg å vera med å spela fotball, og det var så veldig tydeleg at dei ikkje spurde meg.

For ei stund sidan skreiv Kamilla om å handla klede. Om at ho ikkje finn det ho vil ha i jentebutikkane, og at når ho prøver å handla i gutebutikkar ser folk på ho som ein idiot. Berre avdi ho ikkje vil kle seg ut som kjønn. Det er synd. Veldig synd.

På arbeidsplassen min står det i arbedskontrakta at me må kle oss normalt (mine ord). Med normalt meinar dei komfortabelt men ikkje på noko vis shabby, og det er jo greit. Det som ikkje er fullt så greit er at dei nok og meinar kjønna. Det er ikkje sikkert det hadde vore så veldig greit, for ikkje så snakka om akseptert, om eg hadde kome på jobben i gutedongeribukse og svart herreskjorte.

I motsetnad til Kamilla sitt kleskåp er kleskåpet mitt sterkt prega av mitt biologiske og sosiale kjønn. Eg har ein jobb der eg må kle meg kjønna og dessutan er eg songar, og om ein står på ei scene må ein i alle fall kle seg kjønna (medmindre ein har ein "bukserolle"). Stort sett er dette noko eg trivst med, men eg ville gjerne hatt mogelegheita til å velja sjølv. Då ville eg kanskje ha gjort noko annleis av og til.

Eg er litt uskikker på kvar eg vil med denne posten, då eg veit at dei fleste som les bloggen min i stor grad er einige med det eg prøver å få fram her, nemleg at kva ein gjer på, korleis ein kler seg, kva for aktivietar ein får tilbod om å vera med på burde vera opp til kva for person ein er, ikkje kva kjønn ein tilfeligvis er fødd med.

Til slutt vil eg uansett koma med ei oppfordring til "høgresida" (det er den etter side 38, heh) som jo etter eigne utsagn er velig opptekne av fridom. Engasjer dykk i feminisme, både i noreg og globalt (nokon av dykk gjer det alt). For til sjuande og sist er det fridom det handlar om. Fridomen til vera eit heilt individ, ikkje berre eit kjønn.