7.12.06

Tre ting og Ottar

Eg er litt hyperaktivt glad for tida.

1. I går greide eg å fiksa den trådlause ruteren vår, så no har eg endeleg internett heima igjen. Det har eg ikkje hatt sidan eg kom heim frå Peru.

2. I dag prøvesong eg for operakoret i Bergen, og kom inn. Det er det langt i frå alle som gjer. I tillegg er eg eigentleg for ung og dei gjer berre unntak i særskilte høve :D

3. No nettopp var eg på Royal League-kamp. Brann-Rosenborg. Brann vann 3-2. Vi e Brann, Bergens stolthet, SK Brann Bergens Stolthet. Yeah!

*****

På fyrstkomande sundag klokka to har Bergen Ottar juleavslutting heima hjå Anna og meg. Alle som er venleg instilte til Ottar er velkomne. Me kan freista med gløgg, pekarkakebaking, mandariner og what not. Kom kom!
Om du ikkje veit kvar eg bur kan du senda ein e-post til raudstjerne krøllalfa hotmail dått com, eller møta opp utanfor Johanneskyrkja klokka 13.45.

9 Comments:

Anonymous Sexy Sadie said...

Tøft, fortsett det gode arbeidet.

December 08, 2006 3:19 AM  
Anonymous Guri said...

Will do :)

December 08, 2006 8:35 AM  
Anonymous Anonymous said...

hva med oss som ikke er
venlig instilte til Ottar da?
kan vi komme å mobbe/bli
mobbet?

erik

December 08, 2006 11:34 AM  
Anonymous Anonymous said...

Gratulerer med plass i operakoret! Kult! Flinke Guri! Æ e å kanskje den einast trønder som e enig med dæ....Heia Brann!

December 08, 2006 2:55 PM  
Anonymous Guri said...

Erik: Om du greier å skaffa ein togbillett oslo-bergen innan søndag er du jo sjølvsagt velkomen. Lukke til.

Thænk ju, Ingeborg. Flink du og ;)
Branntrønderar er ein sjeldan rase ja...

December 08, 2006 6:33 PM  
Blogger Mari said...

Grattis Guri! Å synga i operakor verkar kjempekjekt. Får du fancy kostyme, trur du?

December 08, 2006 9:50 PM  
Anonymous Guri said...

Veit ikkje Mari. Men om eg ikkje flyttar frå byen får eg vera med å setja opp sånn tre operar i året i alle fall :)

December 09, 2006 3:16 PM  
Anonymous Anonymous said...

This comment has been removed by a blog administrator.

December 14, 2006 3:04 PM  
Blogger Guri said...

Spam vert sletta.
Spam will be deleted.

December 14, 2006 8:39 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home