13.12.06

Ønsker De en ny og bedre figur?

Eg og Anna har eigentleg eit slikt "Uadressert reklame. Nei takk!"-skilt på postkassa vår, så det er ikkje så ofte me får godbitar frå den bergenske handelstanden dumpande ned i postkassa, men i dag hadde det jammen snike seg inn ein liten, rosa lapp. Spanande.



Den rosa lappen kunne blant anna opplysa oss om at "Med bakgrunn i de hormonelle forandringene som oppstår pga kvinners livsyklus, har det blitt utviklet og skreddersydd et treningsprogram som tar hensyn til den enkelte kvinnes fasong, fysiologiske, anatomiske og hormonelle forhold. Dette for at kvinner skal kunne figurforme kroppen vår."

Altså; "Dette for at kvinner skal kunne figurforme kroppen vår." Hallo! Figurforma kroppane våre. Kva trur dei at me er eigentleg, leireklumpar? Uansett kan eg ikkje fatta og begripa kvifor ikkje kvinner skal kunna halda på med vanleg trening. Berre avdi me har utoverpuppar og mensen skal me liksom vera nøydde å ha spesialtilpassa trening? Og kva var grunnen til at kampsport, fotball, klatring, dans, yoga, bortoverski, nedoverski, volleyball, handball, aerobic, symjing, styrketrening og riding ikkje passa for oss kvinner sa du? Unskuld meg, men eg er ikkje laga av glas altså. Ikkje ser eg heilt grunnen til at eg skal driva og tenka på fasongen(!) min når eg trenar heller. Alvorleg tala.

Og livssyklus då. Me vert fødde, me vert tenåringar, me har oss, me vert vaksne, me har oss, me vert gamle, noko har seg, me døyr. På kva måte skil vår livssyklus seg frå mennene sin livssykuls? Hadde dei endå sagt menstruasjonssyklus...

Forøvrig vil eg tru det er ein fordel om dei som lagar reklame faktisk kan skriva korrekte setningar på norsk og. Men lat oss ikkje bruka tida på dårleg rettskriving/setningsbygging, for her står gullkorna i kø.

"En gang pr mnd får alle våre kunder en manuell antropometrisk test (kroppsmåling). Denne metoden er mer presis enn vanlig maskinell måling, fordi den utføres manuelt med kalypper og målebånd. Målingen blir tatt i kvinnens manstruasjonsfase.
Da måler vi bla fettfoldere, omkretser og muskelmasse på forskjellige steder på kroppen. Din fettprosent vil da bli et faktum."

Legg særskilt merke til at feittprosenten ikkje var eit faktum før målinga vart teken. Jah.
Uansett. "En gang pr mnd(...)" og "(...)blir tatt i kvinnens menstruasjonsfase." er noko som kanskje ikkje passar heilt inn i mi verd, og for all del, rett meg om eg tek feil, men er ikkje menstruasjonsfasen noko som langt i frå nødvendigvis er månadleg no i desse hormonelle prevansjonsmiddeltider? Gudane må vita at om nokon skulle ta mål av meg kvar gong eg hadde mensen hadde det i alle fall gått meir enn ein månad mellom kvar måling.

Kva tyder "antropometrisk"? Tyder det kroppsmåling (parantesen der oppe kan tyda på det), og i så fall, korleis kan ein sei at kroppsmåling er betre enn "vanlig maskinell (kropps)måling"? Om "antropometrisk" ikkje tyder kroppsmåling (eg trur ikkje eigentleg det er heilt korrekt?), burde ikkje dei ha brukt eit ord ein ikkje treng 5 års høgare utdanning for å forstå?

"Resultatet av kroppsmålingen, eventuelt skader, allergier og hva du som kunde måtte ønske å endre på din kropp, vil være grunnlaget for å lage en individuell trenings- og kostholdsplan til deg. "
Så om eg har eit gamalt brot i armen som har grodd litt feil eller mjølkeallergi kan eg på magisk vis endra det ved å trena "Shaping"? Neimen så flott då! Og om ein skulle føla for litt større puppar eller å verta 20 cm høgare så kan det og ordnast? Hurra! Shaping, here I come!
(Slik for ordens skuld kan eg opplysa om at eg verken ynskjer meg større puppar eller 20 cm ekstra, eg trives heilt fint med å vera som eg er.)

"Du kan da som kunde følge din egen progresjon i treningen, og det er veldig motiverende." Næh! Er det sant? Kan eg følgja min eigen progresjon i treninga? Det er det jo komplett umogeleg å gjera utan å følgja eit mongoprogram for å få "ukensFHMbimbo-kropp"...



Det er mogeleg eg er litt hard mot "Shaping" her, men ærleg tala så får eg litt følelsen av dette er ei treningsform som er utvikla utelukkande for å lura kvinner som er misnøygde med kroppen sin. Eigentleg vert eg litt dårleg berre av namnet "Shaping". Forming. Er ikkje det slikt plastikkirurgar driv med?

Det at ein skal trena for å forma kroppen sin etter eit skapt ideal og ikkje avdi ein likar det slår meg som heilt hårreisande. Det å påstå at kvinner liksom skal ha behov for særbehandling i treningssamanhengar er nok berre tull, og dessutan med på å opprethalda eit kunstig stort skilje mellom kjønna.

Ein fødes ikkje som kvinne, ein blir det.
-Simone De Beauvoir

12 Comments:

Anonymous Anonymous said...

"Shaping" er humbug. Det vet sikkert alle som selger det, men likevel fortsetter dei. Så ja, du har nok rett. Dette er å berike seg på kvinners dårlige kropsbilde. Jeg blir dårlig.

December 14, 2006 12:25 PM  
Anonymous Guri said...

Ditto.

December 14, 2006 3:03 PM  
Anonymous Sexy Sadie said...

Skal man forandre kroppsform så er styrketrening med vekter tingen.

December 15, 2006 12:20 AM  
Anonymous Guri said...

Men er det generelt sett eit mål å endra kroppsform?

December 15, 2006 12:30 PM  
Anonymous Sexy Sadie said...

Det var faktisk det for meg nå, jeg hadde blitt for feit og fikk ikke på meg mine klær.

December 16, 2006 3:46 PM  
Anonymous Guri said...

Sadie, eg prøver ikkje å sei at folk ikkje skal slanka seg, for det er mange som faktisk treng å slanka seg. Det eg prøver å sei er at generelt sett er det ikkje eit mål å endra kroppsform.
Eg meiner at reklamen frå Shaping er misvisande. Dei påstår at ein kan endra kroppsfasong, og det kan ein ikkje. Ein kan sjølvsagt verta tjukkara eller tynnare, men om ein har timeglasform kan ein ikkje verta "rett ned" av å trena eller omvendt. For slikt er jo avhengig av td. beinbygninga.
Som nemnt over er det jo ikkje slik at ein kan få større puppar og lengre bein av å trena.

Eg trur nok eigentleg at me er einige i at målet med å trena burde vera å koma i form/halda seg i form, ikkje å prøva å endra kroppen til noko den ikkje har anlegg for å vera :)

December 16, 2006 7:17 PM  
Anonymous Sexy Sadie said...

Guri: Noen ganger er det ikke vekta som er problemet, men ens fasong. Da er det bra at det går an å gjøre noe med det.

December 17, 2006 8:04 PM  
Anonymous Guri said...

Om du med fasong meinar td. å ha "timeglasform", så skjønar eg ikkje heilt korleis du meinar at ein skal kunna endra det ved trening, ell den tid slikt har svært mykje med beinbygning å gjera.
Om du med fasong meinar ting som "fotballeggar" er eg straks meir med, for det er jo klart at lange og korte musklar seg ulikt ut, og folk med smale skuldrer kan jo sølvsagt verta litt meir breiskuldra ved å trena styrke.

Uansett meiner eg at reklamen, som jo var det inlegget handla om, er misvisande. Den seier at ein kan figurforma kroppen sin, og då vil nok dei fleste tenka på å få/verta kvitt ting som "timeglasform".

Uansett. Det er eit eller anna på hamna ved sida av blokka mi som har laga infernalske bankelydar meir eller mindre konstant (det startar før sju om morgonen, og sluttar ikkje før seint om kvelden) i over ei veke no, så eg veit ikkje heilt kor lenge eg kan rekna med å vera i stand til å skriva samanhengande setningar.

Kanskje me heller skal fortsetja diskusjonen om våre vegar tilfeldigvis skulle kryssa (sånn irl, det kunne ha vore kjekt, trur eg) på eit seinare tidspunkt :)

*vert snart sprø av lyden*

December 18, 2006 7:55 PM  
Anonymous Sexy Sadie said...

Nei, jeg mener ikke "timeglassfigur" som sådan, men man ser adskillig bedre ut når en er stram i ryggen og man gir et mer "trenet" inntrykk.

Ellers da, så har mennesket en kropp, og hvordan vi har det med den har mye å si for hvordan vi møter omverdenen på. Det rene aktørbegrep som tilsier at kroppen ikke spiller noen rolle er bare vas etter mitt syn.

January 04, 2007 1:11 PM  
Blogger Guri said...

Når eg hører "figur" så tenker eg ikkje på om ein gjev eit trent uttrykk eller ikkje, men meir på faktisk figur, mogeleg me snakkar litt forbi kvarandre.
Det er jo klart at det generelt sett er lurt å halda seg i form. Om ein ikkje gjer det får ein jo nasty livsstilsjukdommar, og det er jo ikkje så kjekt...

Grunnen til at eg reagerte slik på reklamen var den ikkje var av typen "hald deg i form" eller "tren deg glad" osb. men at den brukte uttrykk som vanlegvis er å finna i reklamar for plastisk kirurgi. Og det vert jo heilt feil, på alle måtar.

January 04, 2007 10:16 PM  
Blogger Amaterasu Omikami said...

Hadde det ikke vært så mye fokusering på denne "trente kroppen" (les: modellkropp), så hadde nok de fleste vært fornøyd, ikke tenkt noe mer på det.
Du har rett, Guri.

January 05, 2007 9:04 PM  
Blogger Guri said...

Hm.

January 22, 2007 11:18 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home