14.12.06

Crazy In Love



(Det gjekk opp for meg at det kanskje ikkje er heilt lov å posta andre sin musikk, så for å vera på den sikre sida kallar eg musikken for): Æminæm med craisy in låv :p

Edit: Eg vil veldig gjerne takka Røverdatter for at ho hjelpte meg med musikkpostinga :)

Fakta:
-Minst ein femdel av alle norske kvinner kjem til å leva i eit valdeleg forhald i løpet av livet.
-Frå 1992 til 2005 vart 217 kvinner i noreg drepne av samlivspartnaren/ekspartnaren sin.
-I 2005 stod anslagsvis 1 900 personar bak 2 287 krisesenteropphald (av desse var 12 menn).

Amnesty International og Krisesentera

I det siste har eg sett ein del debatt kringom som i stor grad går ut på at (muslimske) invandramenn er valdelege, me må ikkje ta inn så mange invandrarar og me må for all del ikkje lata innvandrarane gifta sg med kvarandre, særskilt ikkje dei muslimske osb. Mitt poeng med denne posten er ikkja at invandrarmenn ikkje er valdelege, men at "norske" menn diverre er akkurat like ille. Problemet er altså ikkje invandring eller muslimsk "kultur" men generell mangel på respekt for kvinner som menneske/individ.

Vald mot kvinner generelt og vald i forhald særskilt er ikkje eit muslimsk problem, men eit globalt mannskulturproblem (for øvrig meinar eg at religiøs praksis, ikkje berre innanfor islam, ofte er ein del av dette mannskulturproblemet). Skilnaden på noreg og mange muslimske land er berre at med det rettsystemet me har her burde me i større grad vera i stand til å hindra vald mot kvinner, og å straffa dei skuldige.

Når norske menn drep partnaren sin avdi ho vil forlata han vert det i media som oftast kalla ein "familietragedie", og ein tragedie, det er det. Når ein "invandrar" , gjerne muslimsk, drep partnaren sin avdi ho vil forlata han kallar media det som oftast "æresdrap", og drap, det er vel alle einige om at det er. Men er det eigentleg skilnad på mekanismane som ligg bak når "norske" og "utanlandske" menn drep partnaren sin, og burde me kalla det ulike ting? Vert ikkje eigentleg det å undergrava problemet med at det fins norske menn som drep partnarane sine?

Eg tvilar sterkt på at norske menn vert så såra og vonbrotne at dei berre *må* drepa kjærasten/kona/sambuaren i affekt medan "ikkjenorske" menn vert så såra og vonbrotne av dei berre *må* planleggja eit kaldblodig drap på kona/kjærasten/sambuaren sin avdi ho vil forlata han. Eg trur at i begge tilfella ligg det det same ønskjet om å ha makt over ein person/eit liv og eit ønskje om å ikkje "tapa ansikt" bak. Eg trur det ligg like mykje "ære" bak når "etnisk norske" menn drepp partnaren sin som når "ikkje etnisk norske" menn drep partnaren sin. Korleis skulle ein elles forklara et det er ein om lag like stor del av norske menn som drep partnaren sin som det er i alle andre land. Er norske menn som drep partnaren sin meir sarte, følsomme og impulsive kanskje? Og er det i så fall ein grunn til å ta liv? Og kva med alle dei andre mennene, er ikkje dei sarte, følsomme og impulisve?

Eg greier ikkje å forstå på kva måte å nekta invandrarar å koma inn i noreg skal hindra vald mot kvinner. Om valden vert utført i noreg, somalia eller tyskland er jo heilt likegyldig. Valden vert likefult utført.

Eg greier heller ikkje heilt å sjå vitsen med å diskutera kven som er verst når det som burde vera viktig er å stoppa valden. Og eg greier VERKELEG ikkje å sjå korleis me kan hjelpa "muslimske" kvinner ved å nekta dei å reisa inn i noreg.

Å påstå at ein hjelper kvinner ved å begrensa invandringa til noreg er i beste fall idioti, men stort sett framandfrykt og rasisme.

Eg både burde og kunne ha skrive mykje meir, men merkar at eg ikkje orkar det akkurat no.

8 Comments:

Anonymous Anonymous said...

syntes det holdt i massevis jeg.
vold i forhold er uakseptablet uansett hvem som fremfører det.

å si at innvadrer menn ikke sakl komme inni landet fordi de KAN være voldlige er som å legge ned AKP fordi det finns råttne epler der.

forstett med det gode arbeidet.

erik

December 20, 2006 3:32 PM  
Anonymous Guri said...

Heilt einig :)

December 20, 2006 7:25 PM  
Anonymous Anonymous said...

w00t er vi enige om noe som har med kjønn å gjøre :O

erik

December 20, 2006 10:34 PM  
Anonymous Anonymous said...

Guri sa nettopp i telefonen at hu ikke er villig til å bateale 500kr for en natt med meg, hun er derimot villig til å gå til uorganiset fagkraft og streikere bytere. noe som er helt uaskeptalbelt for den sosialisten hun hevder hun er?!?!

erik

December 26, 2006 12:54 AM  
Anonymous guri said...

Haha :D
Litt intern kanskje?

December 27, 2006 12:07 AM  
Anonymous Sexy Sadie said...

Problemet med islam er at Koranen sier at menn har lov til å slå sin kone og at vi har imamer her i landet som preker at det er helt greit i stedet for å ta avstand til saken gjør ikke saken bedre.

At Bibelen sier det samme er ikke noe holdbart argument. Fordi Bibelen setter ikke premiss for norsk lovgivning og har ikke gjort det siden Norge ble egen stat.

January 04, 2007 1:09 PM  
Blogger Guri said...

Eg har generelt problem med det forhaldet som fins mellom religion og vald mot kvinner. Uansett kva religion det er eller i kva land ein utøver den.
Eg kan ikkje sjå korleis å undertrykka og mishandla andre kan sjåast på som eit religionsuttrykk.

At ein del land har muslimske lover som gir menn lov til å slå konene sine er sjølvsagt eit stort problem, og noko ein i alle høgste grad burde gjera noko med. Eg synes og det er eit godt argument for å lata folk frå slike land koma inn i noreg der det faktisk er ulovleg å slå kona si ;)

January 04, 2007 10:03 PM  
Blogger Guri said...

Eit gangbart religionsuttrykk...
meinte eg sjølvsagt :)

January 04, 2007 10:06 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home