14.12.06

Crazy In Love



(Det gjekk opp for meg at det kanskje ikkje er heilt lov å posta andre sin musikk, så for å vera på den sikre sida kallar eg musikken for): Æminæm med craisy in låv :p

Edit: Eg vil veldig gjerne takka Røverdatter for at ho hjelpte meg med musikkpostinga :)

Fakta:
-Minst ein femdel av alle norske kvinner kjem til å leva i eit valdeleg forhald i løpet av livet.
-Frå 1992 til 2005 vart 217 kvinner i noreg drepne av samlivspartnaren/ekspartnaren sin.
-I 2005 stod anslagsvis 1 900 personar bak 2 287 krisesenteropphald (av desse var 12 menn).

Amnesty International og Krisesentera

I det siste har eg sett ein del debatt kringom som i stor grad går ut på at (muslimske) invandramenn er valdelege, me må ikkje ta inn så mange invandrarar og me må for all del ikkje lata innvandrarane gifta sg med kvarandre, særskilt ikkje dei muslimske osb. Mitt poeng med denne posten er ikkja at invandrarmenn ikkje er valdelege, men at "norske" menn diverre er akkurat like ille. Problemet er altså ikkje invandring eller muslimsk "kultur" men generell mangel på respekt for kvinner som menneske/individ.

Vald mot kvinner generelt og vald i forhald særskilt er ikkje eit muslimsk problem, men eit globalt mannskulturproblem (for øvrig meinar eg at religiøs praksis, ikkje berre innanfor islam, ofte er ein del av dette mannskulturproblemet). Skilnaden på noreg og mange muslimske land er berre at med det rettsystemet me har her burde me i større grad vera i stand til å hindra vald mot kvinner, og å straffa dei skuldige.

Når norske menn drep partnaren sin avdi ho vil forlata han vert det i media som oftast kalla ein "familietragedie", og ein tragedie, det er det. Når ein "invandrar" , gjerne muslimsk, drep partnaren sin avdi ho vil forlata han kallar media det som oftast "æresdrap", og drap, det er vel alle einige om at det er. Men er det eigentleg skilnad på mekanismane som ligg bak når "norske" og "utanlandske" menn drep partnaren sin, og burde me kalla det ulike ting? Vert ikkje eigentleg det å undergrava problemet med at det fins norske menn som drep partnarane sine?

Eg tvilar sterkt på at norske menn vert så såra og vonbrotne at dei berre *må* drepa kjærasten/kona/sambuaren i affekt medan "ikkjenorske" menn vert så såra og vonbrotne av dei berre *må* planleggja eit kaldblodig drap på kona/kjærasten/sambuaren sin avdi ho vil forlata han. Eg trur at i begge tilfella ligg det det same ønskjet om å ha makt over ein person/eit liv og eit ønskje om å ikkje "tapa ansikt" bak. Eg trur det ligg like mykje "ære" bak når "etnisk norske" menn drepp partnaren sin som når "ikkje etnisk norske" menn drep partnaren sin. Korleis skulle ein elles forklara et det er ein om lag like stor del av norske menn som drep partnaren sin som det er i alle andre land. Er norske menn som drep partnaren sin meir sarte, følsomme og impulsive kanskje? Og er det i så fall ein grunn til å ta liv? Og kva med alle dei andre mennene, er ikkje dei sarte, følsomme og impulisve?

Eg greier ikkje å forstå på kva måte å nekta invandrarar å koma inn i noreg skal hindra vald mot kvinner. Om valden vert utført i noreg, somalia eller tyskland er jo heilt likegyldig. Valden vert likefult utført.

Eg greier heller ikkje heilt å sjå vitsen med å diskutera kven som er verst når det som burde vera viktig er å stoppa valden. Og eg greier VERKELEG ikkje å sjå korleis me kan hjelpa "muslimske" kvinner ved å nekta dei å reisa inn i noreg.

Å påstå at ein hjelper kvinner ved å begrensa invandringa til noreg er i beste fall idioti, men stort sett framandfrykt og rasisme.

Eg både burde og kunne ha skrive mykje meir, men merkar at eg ikkje orkar det akkurat no.

13.12.06

Ønsker De en ny og bedre figur?

Eg og Anna har eigentleg eit slikt "Uadressert reklame. Nei takk!"-skilt på postkassa vår, så det er ikkje så ofte me får godbitar frå den bergenske handelstanden dumpande ned i postkassa, men i dag hadde det jammen snike seg inn ein liten, rosa lapp. Spanande.



Den rosa lappen kunne blant anna opplysa oss om at "Med bakgrunn i de hormonelle forandringene som oppstår pga kvinners livsyklus, har det blitt utviklet og skreddersydd et treningsprogram som tar hensyn til den enkelte kvinnes fasong, fysiologiske, anatomiske og hormonelle forhold. Dette for at kvinner skal kunne figurforme kroppen vår."

Altså; "Dette for at kvinner skal kunne figurforme kroppen vår." Hallo! Figurforma kroppane våre. Kva trur dei at me er eigentleg, leireklumpar? Uansett kan eg ikkje fatta og begripa kvifor ikkje kvinner skal kunna halda på med vanleg trening. Berre avdi me har utoverpuppar og mensen skal me liksom vera nøydde å ha spesialtilpassa trening? Og kva var grunnen til at kampsport, fotball, klatring, dans, yoga, bortoverski, nedoverski, volleyball, handball, aerobic, symjing, styrketrening og riding ikkje passa for oss kvinner sa du? Unskuld meg, men eg er ikkje laga av glas altså. Ikkje ser eg heilt grunnen til at eg skal driva og tenka på fasongen(!) min når eg trenar heller. Alvorleg tala.

Og livssyklus då. Me vert fødde, me vert tenåringar, me har oss, me vert vaksne, me har oss, me vert gamle, noko har seg, me døyr. På kva måte skil vår livssyklus seg frå mennene sin livssykuls? Hadde dei endå sagt menstruasjonssyklus...

Forøvrig vil eg tru det er ein fordel om dei som lagar reklame faktisk kan skriva korrekte setningar på norsk og. Men lat oss ikkje bruka tida på dårleg rettskriving/setningsbygging, for her står gullkorna i kø.

"En gang pr mnd får alle våre kunder en manuell antropometrisk test (kroppsmåling). Denne metoden er mer presis enn vanlig maskinell måling, fordi den utføres manuelt med kalypper og målebånd. Målingen blir tatt i kvinnens manstruasjonsfase.
Da måler vi bla fettfoldere, omkretser og muskelmasse på forskjellige steder på kroppen. Din fettprosent vil da bli et faktum."

Legg særskilt merke til at feittprosenten ikkje var eit faktum før målinga vart teken. Jah.
Uansett. "En gang pr mnd(...)" og "(...)blir tatt i kvinnens menstruasjonsfase." er noko som kanskje ikkje passar heilt inn i mi verd, og for all del, rett meg om eg tek feil, men er ikkje menstruasjonsfasen noko som langt i frå nødvendigvis er månadleg no i desse hormonelle prevansjonsmiddeltider? Gudane må vita at om nokon skulle ta mål av meg kvar gong eg hadde mensen hadde det i alle fall gått meir enn ein månad mellom kvar måling.

Kva tyder "antropometrisk"? Tyder det kroppsmåling (parantesen der oppe kan tyda på det), og i så fall, korleis kan ein sei at kroppsmåling er betre enn "vanlig maskinell (kropps)måling"? Om "antropometrisk" ikkje tyder kroppsmåling (eg trur ikkje eigentleg det er heilt korrekt?), burde ikkje dei ha brukt eit ord ein ikkje treng 5 års høgare utdanning for å forstå?

"Resultatet av kroppsmålingen, eventuelt skader, allergier og hva du som kunde måtte ønske å endre på din kropp, vil være grunnlaget for å lage en individuell trenings- og kostholdsplan til deg. "
Så om eg har eit gamalt brot i armen som har grodd litt feil eller mjølkeallergi kan eg på magisk vis endra det ved å trena "Shaping"? Neimen så flott då! Og om ein skulle føla for litt større puppar eller å verta 20 cm høgare så kan det og ordnast? Hurra! Shaping, here I come!
(Slik for ordens skuld kan eg opplysa om at eg verken ynskjer meg større puppar eller 20 cm ekstra, eg trives heilt fint med å vera som eg er.)

"Du kan da som kunde følge din egen progresjon i treningen, og det er veldig motiverende." Næh! Er det sant? Kan eg følgja min eigen progresjon i treninga? Det er det jo komplett umogeleg å gjera utan å følgja eit mongoprogram for å få "ukensFHMbimbo-kropp"...



Det er mogeleg eg er litt hard mot "Shaping" her, men ærleg tala så får eg litt følelsen av dette er ei treningsform som er utvikla utelukkande for å lura kvinner som er misnøygde med kroppen sin. Eigentleg vert eg litt dårleg berre av namnet "Shaping". Forming. Er ikkje det slikt plastikkirurgar driv med?

Det at ein skal trena for å forma kroppen sin etter eit skapt ideal og ikkje avdi ein likar det slår meg som heilt hårreisande. Det å påstå at kvinner liksom skal ha behov for særbehandling i treningssamanhengar er nok berre tull, og dessutan med på å opprethalda eit kunstig stort skilje mellom kjønna.

Ein fødes ikkje som kvinne, ein blir det.
-Simone De Beauvoir

10.12.06

Kompani Rouge

Med fare for å framstå som ein rein reklameblogg vil eg informera om at Kompani Rouge har joleavslutting fredag den 15. klokka 19.00 heime hjå meg og Anna (jupp, no er me like ved å starta med utleige av leiligheita som festlokale).

Dessutan, på torsdag den 14. klokka 19.00 kan du høyra meg synga i eit jazzprosjekt med elevar på Griegakademiet. Litt usikker på nøyaktig kvar me skal vera, men kjem tilbake med romtilvising seinare.

Då snakkas me vel då :)

7.12.06

Tre ting og Ottar

Eg er litt hyperaktivt glad for tida.

1. I går greide eg å fiksa den trådlause ruteren vår, så no har eg endeleg internett heima igjen. Det har eg ikkje hatt sidan eg kom heim frå Peru.

2. I dag prøvesong eg for operakoret i Bergen, og kom inn. Det er det langt i frå alle som gjer. I tillegg er eg eigentleg for ung og dei gjer berre unntak i særskilte høve :D

3. No nettopp var eg på Royal League-kamp. Brann-Rosenborg. Brann vann 3-2. Vi e Brann, Bergens stolthet, SK Brann Bergens Stolthet. Yeah!

*****

På fyrstkomande sundag klokka to har Bergen Ottar juleavslutting heima hjå Anna og meg. Alle som er venleg instilte til Ottar er velkomne. Me kan freista med gløgg, pekarkakebaking, mandariner og what not. Kom kom!
Om du ikkje veit kvar eg bur kan du senda ein e-post til raudstjerne krøllalfa hotmail dått com, eller møta opp utanfor Johanneskyrkja klokka 13.45.

6.12.06

Sjå hit!

(Sånn for å dra ein klassikar frå "brevvenspaltene" i diverse blad for born.)

No har eg posta bilete frå Peru i reisebloggen min.