16.10.06

Granskog

For ei stund sidan (i vår) hadde eg og Signe, som eg vanlegvis bur saman med (no er ho i Peru), ein diskusjon om grantre. Eller rettare sagt om utbreiinga av grantre i Hordaland og korvidt dei fins naturleg her.

Korleis me kom inn på dette emnet er eg litt usiker på, men me snakka nok om landbrukspolitikk generelt og skogbruk spesielt og/eller miljøpolitik.

Som mange kanskje (ikkje) veit kan ein få støtte til å planta skog i noreg. Deriblant grantre. Om det er lurt å gje støtte til planting av granskog på generell basis er diskutabelt, då miljøet i tett granskog ofte vert svært surt (ikkje surt som i grettent, men som i låg pH-verdi), og på stader der det ikkje fins granskog i utgangspunktet kan dette få store konsekvensar for økosystemet.

Det er her me kjem til kjernen av strida. Eg sa nemleg at i min familie (eg er frå grad) har me altid vore flinke til å planta ny skog etter kvart som me høgg. Signe lurte då på om me planta ny granskog, noko eg svara bekreftande på.
Det synes ikkje ho var så lurt, for på vestlandet fanst det ikkje granskog i utgangspunktet, den som fins her no vart planta etter andre verdskrigen for å auka tilgjenget på tømmer. Det fungerte heller dårleg då det viste seg at kvaliteten på tømmeret ikkje vart så bra i det fuktige kystklimaet. Diverre trivst granskogen forøvrig godt her, og spreier seg fort.

Signe har vanlegvis rett når ho snakkar om miljø og slikt, så eg tvilte ikkje på at det ho sa stemde, for øvrig var eg heller ikkje i tvil om at trea me høgg i skogen vår på Voss er langt meir enn 50 år gamle.
Korleis kunne dette henga saman?

Eg fann ut at dette måtte eg finna ut av (ja, slike ting interesserar meg) så eg spurde leiaren i Voss Bondelag om saka (ikkje like imponerande som det høyres ut som, då det er min pappa).

Han hadde sjølvsagt forklaringa.
Det Signe sa stemmer det, men, og det er eit stort men her. Voss er nemleg ein av svært få stader i Hordaland (på vestlandet?) der det fins store mengder naturleg (ikkje planta) granskog, og der dessutan tømmeret held relativt høg kvalitet. Grunnen er blant anna klima og geografi. Voss ligg om lag 60 meter over havet (nei, Voss er ikkje på fjellet, men det fins fjell på Voss). Mellom Voss og kysten er det høge fjell, difor er det innlandsklima og ikkje kystklima på Voss.

Berre for å verkeleg bevisa over einkvar tvil at eg har rett skal eg leggja ut biletbevis.


Det er eg som står ved sida av trea. Eg er 183 cm høg. Desse trea er minimum 40 cm i toppen (altså den tynnaste enden). Desse trea er ikkje berre 50 år gamle. Muligens ikkje det mest sjarmerande biletet av meg, men det var dette eg hadde, elles måtte eg klippa av besteforeldra mine på eit anna bilete.


Om noko har lyst kan dei telja årringane i treet. Årringar er dei sirklane de kan sjå frå midten og utover. Det vert ein ny sirkel kvart år.


Til slutt legg eg ut eit bilete av ei skogsmaskin framfor skogen.

Om du les framleis, sei "kake" i kommentarfeltet :)

13 Comments:

Anonymous Kent said...

Kake... Og det må jeg si. synes du viser en imponerende nerdhet her!

October 16, 2006 9:45 PM  
Anonymous Guri said...

Jo takk. Litt nerd er eg vel kanskje. Er vel ingentig gale i det ;)

October 17, 2006 12:15 AM  
Blogger Mari said...

Eg synst det var ein interessant bloggpost, og kan ikkje forstå kva som er så nerdete med å vita ting om skogen på Voss. Kaka!

October 17, 2006 9:19 AM  
Anonymous Guri said...

Hehe.
Som sagt er det vel ingenting gale med å vera litt nerd?
Uansett bra du synes det er interessant. Lenge leva folkeopplysinga :p

October 17, 2006 9:24 AM  
Anonymous Runa said...

Kake!

October 18, 2006 12:10 AM  
Blogger Guri said...

Litt kjekt dette med kake :p

October 18, 2006 9:17 AM  
Blogger Are-Harald said...

Jeg er for barskogvern, det finnes veldig mye av furu- og granplantasjer i dette landet og fryktelig lite urskog.

Forøvrig er jeg overraska over at du ikke har skrevet om noe som har med Runar Dyving å gjøre :o

October 20, 2006 9:10 PM  
Anonymous Signe said...

Då var det kjøkendiskusjonsmysteriet løyst. Me hadde rett begge to. :-)

Kake, forresten, er noko som freistar mindre på ein superredusert dag som i dag, men eg seier det likevel: "kake".(På spansk heiter det "torta" - men det varierar frå land til land)

October 23, 2006 2:03 AM  
Anonymous Guri said...

Signe: Eg veit. Altid kjekt å ha rett, endå kjekkare når alle har rett.

Are-Harald: Vern, eventuelt strenge retningsliner for bruk av ein del skog er nok lurt (bruk av skogen på "gamlemåten" der ein tek eit tre her og eit tre der, men let resten stå er skjeldan noko skogen tek skade av, heller noko ein burde gjera får å bevara skogen slik som den har vore dei siste hundreåra).

Runar Døving gidd eg berre ikkje kommentera. I det han uttalte at menn burde kunna tvinga jenter/kvinner til å gå gravide, altså setja livet sitt på vent og utsetja seg sjølv for den risikoen det å gå gravid inneber, utdefinerte han seg sjølv av feminismedabatten slik for min del. Det får då vera grenser...

October 23, 2006 12:32 PM  
Anonymous Guri said...

Are-Harald: Under det om vern hadde eg tenkt å skriva ein setning om at i dag er bevaring av skog i noreg i altfor stor grad opp til kvar enkelt. Det er ikkje alle som har kunskap (eller vilje) til å ta vare på og bruka skogen på ein bra måte.

October 23, 2006 12:34 PM  
Anonymous Anonymous said...

This comment has been removed by a blog administrator.

November 25, 2009 9:58 PM  
Blogger Arbutus said...

Gran på vestlandet kan nok sjå ut som ei naturkatastrofe men er det nok ikkje. Grana kom til vestlandet for nokre hundre år sidan ved naturleg innvandring. I løpet av relativt kort tid ville ho nok ha kolonisert heile landsdelen, særleg sidan klimaet er svært høveleg for gran her. Det som er meir tvilsamt reint estetisk er plantasje skogbruket med granfelt som ofte er svært avvikande frå naturlege skogsbestand og som gjev svært skjemmande landskapsinntrykk. Eg reknar i utgangspunktet granfelta i Hardanger som mykje meir skjemmande enn monstermastene nokonsinne vil verta.

March 19, 2010 4:23 PM  
Blogger Guri said...

Hei Arbutus!
Så kjekt at nokon framleis les mine fire år gamle bloggpostar:)
Me er nok ganske einige om granskog her, men eg må innrøma at eg er usikkert på kva eg syns er verst av monstermaster og granfelt i hardanger...

March 19, 2010 8:44 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home