25.10.06

Flink pike, snill pike.

Flink pike.

Har du hatt full dag på skulen, vore på jobb, gjort alle leksene teke nokre telefonar for lokallaget i oranisasjonen du er med i og vaska opp? Føler du likevel at om du berre hadde prøvd litt hardare hadde du fått tid til å setja på og henga opp ei vaskemaskin, rydda i bokhylla, teke den kaffen med ho du ikkje har sett på lenge og å skriva ein lang post om kvinnerollar innan opera?
Får du dårleg samvita om songtimen og møtet du burde ha vore på krasjar? Seier du "eg kan sikkert gjera det eg", sjølv om du veit du ikkje har tid. Synes du at du er lat om du søv meir enn sju timar om natta samtidig som du får dårleg samvit for du veit du ikkje søv nok?
Gratulerar. Då lid du av flink pike-syndromet.

Mange, ikkje alle, jenter lid av flink pike-syndromet. Det ligg litt i kjønnsrolla vår. Me skal vera flinke, hjelpsome og pliktopfyllande. Helst utan å kreva noko tilbake. Flinke piker er lette å utnytta. Det er berre å sei "kan ikkje du gjera det du som er så flink", og så seier jenta som lid av flink pike-syndromet ja. For ho kan jo ikkje skuffa folk.

Flink pike-syndromet byrjar ofte å gjera seg gjeldande i tenåra. For nokre går det over, medan andre må slita med dårleg samvit for alt dei kunne ha gjort heile livet.

Tidlegare prøvde eg å gjera alt altid. Om eg ikkje fekk tid til alt, ikkje kunne hjelpa alle, ikkje øvde nok, ikkje sov nok, ikkje jobba nok, tenkte eg at eg var lat og dum og ubrukeleg. At eg måtte ta meg saman. Det fungerte det. Ei stund. Det er framleis slik at om nokon seier at eg er flink, at dei treng akkurat meg, så hoppar eg når dei seier hopp. Jobbar overtid i staden for å øva og sjå film.

Snill pike.

Snille piker kler seg pent og passande. Hugsar å nappa augnebryna. Smiler overberande i staden for å slå neven i bordet når mennene på jobb kjem med sexistisk møl ved lunsjbordet. Ser beklemt ned i golvet i staden for å reagera når den ekle mannen på byen grafsar tak i rompa. Slepp andre til, brukar i alle fall ikkje hersketeknikkar, sjølv om andre brukar dei på ho.

Slitne feministar vert av og til snille piker. Snill pike-syndromet byrjar ofte å gjera seg gjeldande i tjueåra, eventuelt når ein "etablerar seg". Ofte varar det livet ut, av og til går det over når borna vert vaksne.

Tidlegare kledde eg meg aldri pent berre på grunn av av at det var passande. Eg smilte aldri overbærande, eg slo neven i bordet. Skjelte ut den ekle mannen. Var stor i kjeften. Altid.

Det siste året har eg vorte snillare. Smilt overbærande. Ignorert idiotane. Kledd meg pent. For ei stund lurte ei veninne på om eg ikkje var redd for at folk ikkje ville ta meg seriøst om eg klipte hanekam igjen, eg tenkte at ho kanskje hadde eit poeng.

Rebel girl.

Då eg starta denne bloggen var det mest for å vera sint feminist. I 2006 er det framleis slik at jenter og gutar vert møtt med ulike forventingar. Gutar vert sett på som engasjerte, jenter som meg vert sett på som masete kjerringar. Gutar spelar i band, jenter i jenteband. Gutar skal lika fotball, jenter "shopping".

Vel. Guess what. Eg hatar føkkings "shopping", å "shoppa" i meir enn 20 minuttar samanhengande gjev meg valdelege tendensar, kanskje med unnatak av på platekompaniet og i bokhandelen. Å sitja i ro og halda kjeft berre ligg ikkje for meg.

Eg vert så j*** provosert når folk prøver å tilleggja meg eigenskapar berra på bakgrunn av at eg er kvinne.

Då eg melde meg inn i Ottar for ei stund sidan vart det for at eg følte at eg/me ikkje kom nokon meg med pusefeminismen. Å sitja i ro på møte og be pent om å få lov til å vera med å styra litt funkar berre ikkje. Kvinner fekk ikkje stemmerett eller rett til abort ved å spørja pent og blafra litt med augnevippene.

Eg nektar å vera flink pike lenger, eg nektar å verta snill pike, og oppfordrar alle andre til å gjera det same.
Have fun.


Rebel girl, rebel girl
Rebel girl you are the queen of my world


Bikini Kill -Rebel Girl

2 Comments:

Anonymous Sexy Sadie said...

Jeg gav opp snill-pike imagen, men ble ingen rebell heller. Jeg ser ikke vitsen i å være noe man ikke er. Hverken den ene eller andre veien.

December 07, 2006 6:35 PM  
Anonymous Guri said...

Nei, det er vel litt av poenget :)
Ver deg sjølv. Og i ein del samanhengar er jo det å vera seg sjølv nok til å vera ein liten rebell, den eine eller den andre vegen ;)

December 07, 2006 10:43 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home