26.10.06

Norsk film og vaskemaskiner

I dag har eg vore og sett film på kino for fyrste gong på lenge. Med jobben faktisk. Dei observante lesarane mine lurar sikkert på kvifor eg ikkje var på kino under BIFF. Vel, det er ikkje altid ein får tid til alt. Dessutan var eg med teatergruppa mi og spelte på globaliseringskonferansen.

Uansett. I dag såg eg (den norske filmen) Fritt Vilt.




Fritt Vilt er noko så skjeldant som ein norsk fil med kvinneleg hovudrolle. Og ikkje nok med det, men dama er faktisk tøff og handlekraftig og. Hurra!

*****

Då eg skulle skriva meg på vaskelista på vaskeloftet i buretslaget i helga var det ingen nye lister, så eg skreiv på eit ark. I går var eg opp og sjekka, då var det endå ikkje kome nye lister. I dag, då eg skulle opp å vaska klede, hadde det kome ny liste, og nokon hadde teke vasketida mi. Fyttikatta! Eg skal vekk i helga og kl 06.30 på mandag skal eg ta fly frå flesland til Peru. Av og til (eller ganske ofte eigentleg) vert eg så sur. Grr.

Som sagt skal eg til Peru, så då vert det stille her eit par veker før eg vender attende. Medan eg er i Peru kan dei som vil følgja med på reisebloggen min.

25.10.06

Flink pike, snill pike.

Flink pike.

Har du hatt full dag på skulen, vore på jobb, gjort alle leksene teke nokre telefonar for lokallaget i oranisasjonen du er med i og vaska opp? Føler du likevel at om du berre hadde prøvd litt hardare hadde du fått tid til å setja på og henga opp ei vaskemaskin, rydda i bokhylla, teke den kaffen med ho du ikkje har sett på lenge og å skriva ein lang post om kvinnerollar innan opera?
Får du dårleg samvita om songtimen og møtet du burde ha vore på krasjar? Seier du "eg kan sikkert gjera det eg", sjølv om du veit du ikkje har tid. Synes du at du er lat om du søv meir enn sju timar om natta samtidig som du får dårleg samvit for du veit du ikkje søv nok?
Gratulerar. Då lid du av flink pike-syndromet.

Mange, ikkje alle, jenter lid av flink pike-syndromet. Det ligg litt i kjønnsrolla vår. Me skal vera flinke, hjelpsome og pliktopfyllande. Helst utan å kreva noko tilbake. Flinke piker er lette å utnytta. Det er berre å sei "kan ikkje du gjera det du som er så flink", og så seier jenta som lid av flink pike-syndromet ja. For ho kan jo ikkje skuffa folk.

Flink pike-syndromet byrjar ofte å gjera seg gjeldande i tenåra. For nokre går det over, medan andre må slita med dårleg samvit for alt dei kunne ha gjort heile livet.

Tidlegare prøvde eg å gjera alt altid. Om eg ikkje fekk tid til alt, ikkje kunne hjelpa alle, ikkje øvde nok, ikkje sov nok, ikkje jobba nok, tenkte eg at eg var lat og dum og ubrukeleg. At eg måtte ta meg saman. Det fungerte det. Ei stund. Det er framleis slik at om nokon seier at eg er flink, at dei treng akkurat meg, så hoppar eg når dei seier hopp. Jobbar overtid i staden for å øva og sjå film.

Snill pike.

Snille piker kler seg pent og passande. Hugsar å nappa augnebryna. Smiler overberande i staden for å slå neven i bordet når mennene på jobb kjem med sexistisk møl ved lunsjbordet. Ser beklemt ned i golvet i staden for å reagera når den ekle mannen på byen grafsar tak i rompa. Slepp andre til, brukar i alle fall ikkje hersketeknikkar, sjølv om andre brukar dei på ho.

Slitne feministar vert av og til snille piker. Snill pike-syndromet byrjar ofte å gjera seg gjeldande i tjueåra, eventuelt når ein "etablerar seg". Ofte varar det livet ut, av og til går det over når borna vert vaksne.

Tidlegare kledde eg meg aldri pent berre på grunn av av at det var passande. Eg smilte aldri overbærande, eg slo neven i bordet. Skjelte ut den ekle mannen. Var stor i kjeften. Altid.

Det siste året har eg vorte snillare. Smilt overbærande. Ignorert idiotane. Kledd meg pent. For ei stund lurte ei veninne på om eg ikkje var redd for at folk ikkje ville ta meg seriøst om eg klipte hanekam igjen, eg tenkte at ho kanskje hadde eit poeng.

Rebel girl.

Då eg starta denne bloggen var det mest for å vera sint feminist. I 2006 er det framleis slik at jenter og gutar vert møtt med ulike forventingar. Gutar vert sett på som engasjerte, jenter som meg vert sett på som masete kjerringar. Gutar spelar i band, jenter i jenteband. Gutar skal lika fotball, jenter "shopping".

Vel. Guess what. Eg hatar føkkings "shopping", å "shoppa" i meir enn 20 minuttar samanhengande gjev meg valdelege tendensar, kanskje med unnatak av på platekompaniet og i bokhandelen. Å sitja i ro og halda kjeft berre ligg ikkje for meg.

Eg vert så j*** provosert når folk prøver å tilleggja meg eigenskapar berra på bakgrunn av at eg er kvinne.

Då eg melde meg inn i Ottar for ei stund sidan vart det for at eg følte at eg/me ikkje kom nokon meg med pusefeminismen. Å sitja i ro på møte og be pent om å få lov til å vera med å styra litt funkar berre ikkje. Kvinner fekk ikkje stemmerett eller rett til abort ved å spørja pent og blafra litt med augnevippene.

Eg nektar å vera flink pike lenger, eg nektar å verta snill pike, og oppfordrar alle andre til å gjera det same.
Have fun.


Rebel girl, rebel girl
Rebel girl you are the queen of my world


Bikini Kill -Rebel Girl

17.10.06

KompaniRouge

Sjekk ut sida til KompaniRouge!

16.10.06

Granskog

For ei stund sidan (i vår) hadde eg og Signe, som eg vanlegvis bur saman med (no er ho i Peru), ein diskusjon om grantre. Eller rettare sagt om utbreiinga av grantre i Hordaland og korvidt dei fins naturleg her.

Korleis me kom inn på dette emnet er eg litt usiker på, men me snakka nok om landbrukspolitikk generelt og skogbruk spesielt og/eller miljøpolitik.

Som mange kanskje (ikkje) veit kan ein få støtte til å planta skog i noreg. Deriblant grantre. Om det er lurt å gje støtte til planting av granskog på generell basis er diskutabelt, då miljøet i tett granskog ofte vert svært surt (ikkje surt som i grettent, men som i låg pH-verdi), og på stader der det ikkje fins granskog i utgangspunktet kan dette få store konsekvensar for økosystemet.

Det er her me kjem til kjernen av strida. Eg sa nemleg at i min familie (eg er frå grad) har me altid vore flinke til å planta ny skog etter kvart som me høgg. Signe lurte då på om me planta ny granskog, noko eg svara bekreftande på.
Det synes ikkje ho var så lurt, for på vestlandet fanst det ikkje granskog i utgangspunktet, den som fins her no vart planta etter andre verdskrigen for å auka tilgjenget på tømmer. Det fungerte heller dårleg då det viste seg at kvaliteten på tømmeret ikkje vart så bra i det fuktige kystklimaet. Diverre trivst granskogen forøvrig godt her, og spreier seg fort.

Signe har vanlegvis rett når ho snakkar om miljø og slikt, så eg tvilte ikkje på at det ho sa stemde, for øvrig var eg heller ikkje i tvil om at trea me høgg i skogen vår på Voss er langt meir enn 50 år gamle.
Korleis kunne dette henga saman?

Eg fann ut at dette måtte eg finna ut av (ja, slike ting interesserar meg) så eg spurde leiaren i Voss Bondelag om saka (ikkje like imponerande som det høyres ut som, då det er min pappa).

Han hadde sjølvsagt forklaringa.
Det Signe sa stemmer det, men, og det er eit stort men her. Voss er nemleg ein av svært få stader i Hordaland (på vestlandet?) der det fins store mengder naturleg (ikkje planta) granskog, og der dessutan tømmeret held relativt høg kvalitet. Grunnen er blant anna klima og geografi. Voss ligg om lag 60 meter over havet (nei, Voss er ikkje på fjellet, men det fins fjell på Voss). Mellom Voss og kysten er det høge fjell, difor er det innlandsklima og ikkje kystklima på Voss.

Berre for å verkeleg bevisa over einkvar tvil at eg har rett skal eg leggja ut biletbevis.


Det er eg som står ved sida av trea. Eg er 183 cm høg. Desse trea er minimum 40 cm i toppen (altså den tynnaste enden). Desse trea er ikkje berre 50 år gamle. Muligens ikkje det mest sjarmerande biletet av meg, men det var dette eg hadde, elles måtte eg klippa av besteforeldra mine på eit anna bilete.


Om noko har lyst kan dei telja årringane i treet. Årringar er dei sirklane de kan sjå frå midten og utover. Det vert ein ny sirkel kvart år.


Til slutt legg eg ut eit bilete av ei skogsmaskin framfor skogen.

Om du les framleis, sei "kake" i kommentarfeltet :)

10.10.06

Testing, testing, ein, to, tre

Så var internettet altså tilbake.
Alt som trengdes var ein meir smarbeidsvillig telenorperson, ip-adressa til modemet (det er det ein kallar det?) og passordet som stod på arket me fekk ei gong i fjor sommar. Jah! Neste gong kan eg fiksa problemet sjølv.

Sidan eg likevel er i "skriva meiningslaus post" modus tenkte eg at eg skulle prøva om blogger har vorte kvitt hikken sin på bileteopplastingsfronten.



Biletet er altså av og med meg. Teke i Praha i sommar, sånn ca midt på natta. Akkurat passeleg gjennkjenneleg for folk som kjenner meg, akkurat passeleg diffust til at folk som ikkje kjenner meg ikkje skjønar kven eg er om eg går forbi på gata.

Av og til

vert eg så sur.
Det er noko gale med internettet heime, så eg får verken kobla meg til internett med datan ELLER brukt ip-telefonen (ip-telefonen er Anna sitt verk), så då må eg ringa telenor frå jobb, for å ringa frå mobil er jo dødyrt. Meeeen, når eg ringer frå jobb kan eg jo ikkje sitja og sjå på modemet for å sjå kva som blinkar/lyser på det, så då kan dei visst ikkje gjera nokon ting.
Dessutan stiller dei masse dustespørsmål av typen "har du prøvdt å kobla datan direkte til modemet?", "har du prøvd å slå av og på modemet". Ja, for f***. Eg er jo ikkje SÅ inkompetent heller då.
Dustetelenor.
Grrr.

Ikkje får eg betalt rekningar, ikkje får eg sjekka e-post (bortsett frå at flinke meg greide å omgå filteret på jobb i dag og kom meg inn på gmailen, hurra) eller nokon ting. Huff.