12.9.06

Hups!

Greide å føkke det opp då eg prøvde å pinga bloggrevyen, så no skriv eg dette, for å få pinga mitt superbra innlegg ei gong til.

"Veit du kven dette er?

Ikkje?
Dama på hundrelappane heiter Kirsten Flagstad, og er saman med Ibsen, Munch og Grieg ei(n) av dei mest kjende nordmennene (kvinnene) i utlandet nokon sinne.

Ho er ei av tidenes største operasongerinner og vert av mange rekna for å vera songaranes dronning, århundrets stemme, verdas mest dramatiske sopran og sist men ikkje minst den største Wagner-songerinna nokon sinne. Med andre ord, ho var nokon du burde kvita kven er."

Les resten her.

Veit du kven dette er?



Ikkje?
Dama på hundrelappane heiter Kirsten Flagstad, og er saman med Ibsen, Munch og Grieg ei(n) av dei mest kjende nordmennene (kvinnene) i utlandet nokon sinne.

Ho er ei av tidenes største operasongerinner og vert av mange rekna for å vera songaranes dronning, århundrets stemme, verdas mest dramatiske sopran og sist men ikkje minst den største Wagner-songerinna nokon sinne. Med andre ord, ho var nokon du burde kvita kven er.

Kirsten Flagsad vart fødd i Hamar 12 juli 1895.
Familien var musikalsk, mora var songlærar og pianist og faren var dirigent. Ho fekk sine fyrste songtimar av mora. Seinare studerte ho i noreg og sverige. I 1913 debuterte ho på Nathionaltheateret. Fram til 1932 song ho for det meste lyriske sopranrollar i sverige og noreg.

I 1932 tok ho på seg rolla som Isolde, og det viste seg at det var i meir dramatiske rollar semma hennar verkeleg kom til sin rett. På dette tidspunktet nærma ho seg 40 og hadde allereie vurdert å pensjonera seg (karriera som klassisk songar er vanlegvis ikkje lang). Slik skulle det ikkje verta.

Føremiddagen 2 februar 1935 debuterte ho som "Sieglinde" i "Die Walküre" på the Metropolitan i New York (verdas mest kjende operascene, den alle dei klassiske songarane drøymer om ei gong å stå på), dette vart hennar internasjonale gjennombrot.

Dei neste 20 åra hadde ho utallege hovudrollar på the Metropolitan og resten av verdas store operascenar. Det vert til og med hevda at ho redda The Metropolitan frå økonomisk samanbrot. 1. april 1952 hadde ho si siste opptreden på the Metropolitan, og i 1953 tok ho for siste gong del i ei operaoppsetjing, som "Dido" ved the Mermaid Theatre i London. Då var ho godt over 50, ein formidabel alder for ein opersongar.

Frå 1958-60 var ho den fyrste sjefen ved Den Norske Opera.

Til trass for ein strålande karriere og tilsynelatande nesegrus beundring frå alle gjekk ikkje ting altid like greit. I tida etter andre verdskrig måtte ho tola mykje kritikk for sin andre ektemanns handel med tyskarane under krigen, sjølv om ho sjølv altid hadde gjort eit poeng av å opptre i "nøytrale" land som Sverige og Sveits.

Etter kvart betra ting seg likevel, og då ho døydde 7. desember 1962 var ho igjen ein internasjonalt anerkjend kunstnar. Ho arbeidde med musikk heilt til det siste.



Då eg skreiv dette brukte eg blant anna desse artiklane på wikipedia, denne på imdb og denne her.

Dersom du vil sjå autentiske kostyme kan du gå på Flagstadmuseet i Hamar. Som ein kuriositet kan eg jo nemna at der har eg opptredt, til og med sunge feil (berre ein tone, og det var feil, ikkje falskt), men dog.

11.9.06

Hjelp!

No skulle eg leggja ut eit bilete, men blogger vil ikkje lasta det opp. Eg har prøvd med to ulike nettlesarar (som begge har verka heilt fint før) og det er ingenting i vegen med nettilkoplinga mi. What to do?

Er dette noko andre som brukar blogger har hatt problem med i det siste?