7.8.06

I'm back!

Det har eg vore ei stund faktisk, men grunna bananfluger og diverse anna har eg ikkje fått somla meg til å skriva noko her før no.

Eigentleg hadde eg tenkt å skriva noko om den avskyelege valdtektsdebatten som eg har vore så heldig å gå glipp av, men det er det så mange som har gjort før meg, så eg trure eg nøyar meg med å sei ein ting.

Det er menn som valdtek. Ikkje kvinner. Ergo er valdtekt eit manneproblem, ikkje eit kvinneproblem. Eg synes det er på høg tid å mennene får ut fingrane og får GJORT noko med dette problemet, i staden for berre å stå der og sei at EG, som er KVINNE, bør ta på meg burka om eg har lyst til å gå utanfor døra. Det er faktisk ikkje eg som er problemet her.

For øvrig har eg då vitterleg sagt noko om dette før.

10 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Velkommen tilbake til det forgette land :P

Og stå på med skrivinga. (jeg trenger en god latter etter jobben) :P

erik

August 08, 2006 7:25 PM  
Blogger Guri said...

Jo takk :)

Og eg håpar det er bananflugene og ikkje valdtekt du ler av ;)

August 09, 2006 4:32 PM  
Anonymous Anonym inntil videre said...

Hmm skeiv SU ottar nynorsk Bergen - *bokmerker* :-)

Jeg synes voldtektsdebatten fra feministenes side handler om sammenblanding av skyld og årsak. Overgriperen har alltid all skyld, og offeret er uskyldig. Samtidig vil det i noen tilfeller være opplagt at offeret kunne unngått overgrepet ved å opptre anderledes, og at en del av årsaken til at det som skjedde skjedde dermed ligger hos offeret - samtidig som ho fremdeles er uskyldig.

Det største problemet jeg har med voldtektene i egenskap av å være mann, er - å bli beskyldt for å være opphav til problemet. Jeg har ikke voldtatt noensomhelst. De skrudde maskulinitetsidealene som muligens er en del av årsaksbildet, er et produkt like mye av kvinners krav og forventninger, som menns forventninger til hverandre.

August 10, 2006 2:02 AM  
Blogger Guri said...

Hyggeleg med bokmerke :D

Opptre annarleis, kva meinar du med det?
Lata vera å flørta? Lata vera å verta så full? Lata vera å gå heim aleine seint på kvelden? Ikkje ha på seg så utringa topp? Vert ikkje det i så fall å begrensa kvinner sin fridom, og på det viset feil?

Uansett er mindre enn 20% av valdtektene såkalla overfallsvadtekter, i resten av tilfella er det nokon offeret kjende frå før som valdtek. Då er det ikkje lenger så lett å snakka om korte skjørt og høgt alkoholinntak, då offeret ofte både er edru og "anstendig" kledd, det er heller ikkje så lett å sei at for å unngå å verte valdteken av ein ven, onkel, kjærast (you name it) skal ein ikkje gå aleine gjennom parken om natta...

Vel, no er det vel få som påstår at alle menn valdtek ;) Om du for øvrig har "issues" med mannsrolla foreslår eg at du gjer noko for å endra den, så kanskje vert det betre på sikt :)

August 10, 2006 10:49 PM  
Anonymous pr0nin said...

Selvsagt er det ikke bare menn som voldtar. Det er jo helt vilt å si at det kun er menn som voldtar og at det derfor er et "manneproblem."

Jeg sier _ikke_ at løsningen på problemet er at kvinner (eller menn for den saks skyld) skal måtte dekke seg til slik at de ikke lokker til seg de som voldtar. Det som faktisk trengs er et paradigmeskifte i oppfattelse av hva voldtekt er og hvem som gjør det (som det blir nevnt så er det "relativt få voldtekter som er såkalte overfallsvoldtekter (prosentmessig))."

Tror alt for få menn (og kvinner) er klar over hvor grensen går mellom frivllighet og voldtekt. Kan det være et sted en kan starte?

Kunnskap og kommunikasjon istedet for fordømmelse av et helt kjønn er uansett noe som må skje før at ting kan bli på en sånn måte at alle kan leve med situasjonen (Som jeg vil påstå er 0 voldtekter i året).

August 11, 2006 3:30 PM  
Blogger Guri said...

Faktisk er det nesten berre menn som valdtek. Det nesten berre menn som veldtek både kvinner og menn. Det tyder jo sjølvsagt ikkje at alle menn valdtek eller er potensielle valdtektsforbrytarar :)

Grunnen til at eg seier at valdtekt er eit "manneproblem" er at det er svært lite kvinner kan gjera for å "nå gjennom" til dei mennen som valdtek, og difor er menne nøydde til "å ta i eit tak" for å endra på haldningane.

I dei fleste tilfelle handlar ikkje valdtekt om sex, men om makt og/eller eit begredeleg kvinnesyn, og dei fleste som valdtek er fullstendig klare over at dei tråkkar over andre sine grenser. Til dømes er valdtekt "vanleg" i valdelege forhald. I den samanhengen kan det diskuterast om det verkeleg er problem med "å sjå grensa mellom friviljugheit og valdtekt" som er problemet. Eg trur ikkje det.

No reiser eg avgarde til ingen-internett-land. Eg kjem attende på sundag, og kan svara på evt. nye kommentarar då ;)

August 11, 2006 4:33 PM  
Anonymous Den anonyme said...

Hei Guri kjekt at du har svart på kommentaren min.

Om å opptre anderledes: Ja, slike ting som du nevner, hva vet nå jeg. Begrense frihet, ja selvsagt, men verden er nå en gang slik at ovefallsvoldtekter forekommer, og kvinner kan da velge om de vil endre adferd for å minse risikoen for slike, eller ikke. Å forholde seg til problemet som om det ikke finnes løser ingenting, spesielt ikke for de som går lettkledd og småfull gjennom en park og faktisk blir voldtatt.

Om mannsrolla: Lille meg kan ikke endre samfunnets syn på hvordan menn bør oppføre seg for å være menn. Det jeg kan gjøre er å la være å forholde meg til det som et personlig ideal.

Mange menn har mye stolthet knytta til egen maskulinitet. De har noe å tape på å gi slipp på den og endre oppfatning av hva det vil si å være mann. Derfor er de ikke interessert i å gjøre det.

Hei har dere møter i Ottar, der det går an å komme å høre på og å prate?

August 16, 2006 12:11 AM  
Blogger Guri said...

Sølvsagt svarar eg på kommentarar :)
Svarar på alt bortsett frå reklamespam, som eg slettar...

No er det jo slik at sjansen for å verta valdteken er større på festen/utestaden ein forlet enn i parken ein går gjennom på vegen heim. Skal jenter slutta å gå ut (på fest/byn) i det heile teke då? Sånn berre for å prøva å unngå å verta valdteken? Å ta taxi hjelper jo heller ikkje, om ein er aleine i taxien er jo det og statistisk sett farlegare enn å gå gjennom det litt farlege strøket aleine...

Å be jenter ta ansvar for å ikkje verta valdtekne er meiningslaust all den tid det ikkje er jentene som valdtek. Det er ikkje sllik at om alle jenter hadde traska rundt klin edu i burka og altid teke taxi om kvelden hadde det vorte slutt på overfallsvatdektene. Ein har jo problem med valdtekter i til dømes Iran og, og der må jo kvinner verkeleg seiast å ta alle mogelege forhaldsreglar.

For nokre år sidan vart det gjenomført eit studie ved eit svensk universitet (hugsar ikkje kva for eit, men kan finna det ut om det er interessant) der menn dømde for overfallsvaldtekter vart intervjua om kva dei "gjekk etter" når dei valde offer. Det dei fann ut var at det slett ikkje var ting som lettkledd, berusa, blond og liknande som gjekk igjen blant svar, men at "ho verka usikker" og "ho verka som eit lett bytte" var dei einaste samnemnarane dei fann.

Slik sett kan advarslar om påkledning, promille og liknande rett og slett verka mot si hensikt, i det det får jenter til å føla seg meir usikre = sjå meir usikre ut, og slik sett verta eit meir sansynleg offer... Det fører og til at når jenter vart valtekne føler dei ofte at samfunnet dømer dei og at dei vert møtte med ei "skuld deg sjølv, du hadde jo kort skjørt" halding. Noko som gjer det endå vansklegare å takla den påkjenninga ein har vorten utsett for.

Mannsrolla: Du aleine kan kanskje ikkje endra så mykje, men om alle tenker at "eg kan ikkje gjera noko aleine" så hender det i alle fall ingen ting. Samfunnet er sett saman av individ, og alle endringar i haldningar er nøydde til å starta på individnivå. Om du byrjar ditt eige vesle personlege opprør vil kanskje andre sjå det og gjera det samne, og så vil det spreia sg og til slutt så hender det noko. Du veit, mange bekker små gjør stor å ;)

Ottar har møter ja. No er jo Ottar i utgangspunktet særskilt kvinneorganisering, og litt av poenget er at kvinner skal få ein arena som ikkje er dominert av menn til å utfalde seg på, så eg trur ikkje medlemsmøta er opne for menn. Når det er sagt er det jo ingenting i vegen for å arrangera infomøte som er opne fort menn (Ottar har jo mannlege støttemedlemmar), dessutan jobbar Ottar i massevis av frontar, der kan ein jo altids møta oss, eller ein kan gå inn på nettsida å lesa. Om ein har spørsmål er det nok berre å senda ein e-post, så får du nok svar :)

August 18, 2006 12:20 AM  
Anonymous Anonymous said...

Ah - Jeg ser at jeg kan veldig lite om voldtekter, og argumenterer utifra mytene.

Nå begynner jeg å forstå hvor dere vil hen. Det handler om å få til ei holdningsendring blandt menn på hvor hardt man skal kunne kjøre på med seksuelle initiativ, uten at det blir eksplisitt imøtekommet. På den ene sida. På den andre sida omforme mannsidealet, vekk fra nedleggelser som noe maskulint.

Ottar mister noe ved å utelukke menn. Kjønnskampen er ikke et nullsumspill der den ene taper og den andre vinner, skal det gå framover må medlemmer av begge kjønn endre oppfatninger om hva som er høvelig for begge kjønn. Det holder ikke at bare kvinner endrer syn på seg selv.

Strategisk sett tror jeg feminist-organisasjonene gjør en brøler ved å ekskludere menn.

Jeg kjenner ingen som er interessert i å diskutere disse tingene. Hadde ottar hatt møter, skulle jeg vurdert å gått.

August 24, 2006 11:22 PM  
Blogger Guri said...

No er du inne på noko ja :)

Angåande særskilt kvinneorganisering ser eg kva du meinar, men på den andre siida er det eit faktum at kvinner ofte oppfører seg heilt annleis i forum der det finns menn enn i forum der det berre fins kvinner. I forum der det finns både kvinner og mann har begge kjønn ein lei tendens til å umedvite skli inn kjønnsrollemønsteret, og på den måten endrar ein ingenting.

I td. Sosialistisk Undom (SU) har ein teke konsekvensen av dette og byrjar alle seminar med jente- og guteformøter, der ein jobbar med å "avlæra" kjønnsrollane. Dette fungerar (stort sett) ganske bra. jente får øvd seg på å ta plass i forum utan menn, og gutane får tenkt over og diskutert ein del ting som kan vera vanskeleg å ta opp i forum med jenter.

Det er og viktig å hugsa på at i samfunnet i dag har menn gjennomgåande meir (formell og økonomisk) makt enn kvinner. Makt er ikkje noko ein kan gi frå seg/få, men noko ein må ta. Slik sett er det viktig at kvinner står saman og krev sin rett, på same måte som arbeidarklassen har gjort/gjer gjennom fagbevegelesen.

Menn kan støtta kvinnene i deira kamp, og kjempa sin eigen kamp mot snevre kjønnsrollar, men dei kan ikkje frigjera kvinnene. Det er noko kvinnene må gjera sjølve.

Eg kjenner mange menn som er interessert i å diskutera feminisme, men det seier vel meir om min omgangskrins enn samfunnet generelt ;)
Uansett om ikkje Ottar har møte for menn fins det mange andre opne møte om feminisme, arrangert av alt frå Ottar eller Kvinnefronten til universiteta, politiske parti og diverse "frontar". For å få vita om slike arrangement er det berre å følgja med på internett, plakatar i nabolaget, i klassekampen, på e-postlister.... Håpar du finn noko av interesse :)

August 27, 2006 3:39 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home