29.8.06

Jentefronten

To veldig flinke unge jenter har starta opp Jentefronten i bergen. Jentefronten er altså greia for deg som er feminist (og helst under 20 då), men som ikkje nødvendigvis har lyst til å verta med i SU eller RU. Sjølvsagt kan du vera med sjølv om du er med i SU eller RU og ;)

Oppstartsmøte på onsdag klokka seks (om kvelden ja), møt opp ved sjøfartsmonumentet.

7.8.06

I'm back!

Det har eg vore ei stund faktisk, men grunna bananfluger og diverse anna har eg ikkje fått somla meg til å skriva noko her før no.

Eigentleg hadde eg tenkt å skriva noko om den avskyelege valdtektsdebatten som eg har vore så heldig å gå glipp av, men det er det så mange som har gjort før meg, så eg trure eg nøyar meg med å sei ein ting.

Det er menn som valdtek. Ikkje kvinner. Ergo er valdtekt eit manneproblem, ikkje eit kvinneproblem. Eg synes det er på høg tid å mennene får ut fingrane og får GJORT noko med dette problemet, i staden for berre å stå der og sei at EG, som er KVINNE, bør ta på meg burka om eg har lyst til å gå utanfor døra. Det er faktisk ikkje eg som er problemet her.

For øvrig har eg då vitterleg sagt noko om dette før.