19.6.06

Kom og sjå!

Mi veninne Mari og ei som heiter Beret har starta ein kulturstafett til støtte for dei sveltestreikande Afghanarane og i dag skal eg synga på den. Så møt opp klokka 19.00 ved domkyrkja (i Oslo) alle saman!

Du kan skriva under på oppropet mot utsending her og besøka den offesielle nettsida her.
Ellers har Tiram skrive masse om sveltestreiken.

14.6.06

Siste post

på ei stund.
I morgon klokka ti over fire (om ettermiddagen) set eg meg på toget. Då skal eg vera vekkreist heilt til 1. august.
I fyrste omgang skal eg ikkje så langt, men eg set igjen dataen min heime, så det vert nok så som så med oppdateringane. Dessutan vil eg heller prioritera å oppdatera reisebloggen min medan eg er på tur.

Men altså, den fyrste veka i august er eg tilbake, så då er det berre å byrja å følgja med på "guris gale verd" igjen... :D
Skriv det opp i kalendaren ;)



Edit: Er det berre eg som har hatt problem med blogger dei siste dagane, eller...?

13.6.06

Trykk her

6.6.06

6.6.6

I dag er det den kulaste datoen i dette årtusenet.
Dyrets dag.

Eg skulle eigentleg på konsert, med Octavia. Eg har aldri høyrt dei, men ryktet seier dei er bra. However, det var ingen som kunne vera med, og eg er uansett så trøyt at eg nok heilt fint hadde fått til å sovna under bråkemusikken. Så...

Tilværet er mildt sagt kaotisk for tida. "Alle" driv på og flyttar, eller har eksamenar. Sikkert halvparten av folka eg heng med til vanleg skal på utveksling det neste halve året, og sidan eg reiser snart sjølv er eg nøydd til å seia "ha det bra" til alle saman akkurat no.

Som om ikkje det var nok driv mine to betre tredjedelar og på og flyttar, så leiligheita ser "litt" bomba ut for tida. Dessutan har eg drive på med å leita etter nokon andre som kan flytta inn på det ledige rommet (det var for så vidt eigentleg ikkje så vanskeleg).

Så, for å oppsummera. Eg reiser om ei veke og har eigentleg ikkje planlagt ein dritt (og eg skal ikkje berre på interrail), huset ser bomba ut fordi Signe og Ranveig flyttar, eg sit i ein valkomite med ei meir eller mindre håplaus oppgåve (neidå, det ordnar seg no), eg har altfor mange eg må ta ein avskjesøl med på altfor kort tid og eg MÅ bli ajour på jobben for å få lov å avspasera den siste dagen før eg reiser.
*sukk*

Altså stressa, men still going strong!