16.5.06

Rike bønder og flygande grisar...

...om lag like realistisk

Noregs Bondelag og staten har i dag vorte einige om ein jordbruksavtale som inneber at bøndene får ein lønsauke på 6%, med andre ord om lag 14 000,- i året pr. årsverk. Eit årsverk i landbruket er om lag 230 000,-. Rik av å vera bonde? Neppe.

For å samanlikna litt løn. I flgje ssb.no er gjennomsnittleg månadsløn for ein ansett pr. 3. kvartal 2004 28 300,- kroner. Altså ei årsløn på om lag 340 000,-.
Igjen, rik av å vera bonde? Neppe.

Noregs Bonde og Småbrukarlag trekte seg frå forhandlingane i dag klokka 16.00. Dei syntes at staten gav for dårlege økonomiske rammer, og at dei dessutan la opp til eit meir industrialisert landbruk.

"Forhandlingsutvalget i Norsk Bonde- og Småbrukarlag beklager at det ikke var mulig å komme fram til en forhandlingsløsning med denne regjeringen. Størrelsen på den økonomiske rammen og de manglende strukturelle endringene i virkemiddelbruken i statens forslag er i sum av en slik karakter at Forhandlingsutvalget i Norsk Bonde- og Småbrukarlag ikke kan ta ansvar for den landbrukspolitikken som denne regjeringen ønsker å føre."
I Soria Moria erklæringa sa dei raudgrøne at dei ville følgjande:
  • Sikre utøvere i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper
  • Sikre et landbruk med variert bruksstruktur over hele landet

Vel, eg har følgjande spørsmål.

  • Sikra utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på lik linje med kva for ei anna gruppe? Sosialklientane? Ufaglærte Rimiansette?
  • Korleis har dei tenkt å sikra eit landbruk med variert bruksstruktur over heile landet når dei legg opp til at berre store bruk skal greia seg økonomisk og det berre er eit fåtal av fylka i landet vårt som er eigna til å driva store bruk i?

Når dette er sagt burde eg kanskje nemna at dette er det beste jordbruksoppgjeret på ei stund. Skjønt, det understrekar vel på ein måte poenget mitt.

Og så må eg berre få sagt at sjølv om bønder og Rimiansette har same årslønn har bøndene veldig mykje dårlegare timeløn...



Om lag like smart som ein gjenomsnittleg politikar?

8 Comments:

Blogger Maos vorte said...

Den frielekommunistiske bevegelsen holder øye med den halvrevisjonitiske bedriften her.

May 19, 2006 1:26 AM  
Anonymous Guri said...

Neimen så hyggeleg då :)

May 22, 2006 2:57 PM  
Blogger Journey said...

Utruleg kjekt at folk tek seg tid til å skrive ting ein sjølv skulle ha skrive, men ikkje får stunder til ettersom ein sjølv lyt lage mat til både takksame og utakksame!

May 22, 2006 10:30 PM  
Anonymous Guri said...

Hehe. Det skulle berre mangla.
Kven er dei utakksame?

May 22, 2006 11:14 PM  
Blogger Journey said...

Dei utakksame er FRParar og anna rask som meiner det ikkje er naudsynt å produsere mat her i landet, ettersom negrane og asiatane gjer det nesten heilt gratis. Måtte dei brenne i ein evig eld for ukunna si om korleis verdi heng saman!

May 23, 2006 8:46 PM  
Anonymous Guri said...

Aha! Sånn sett ;)
Kanskje me skulle streika alle saman (og svenskane og danskane og) så fekk dei merka kor kjekt det er med mjølk importert frå Kina... Haha.
Nei, seriøst, eg fattar ikkje at nokon finn det etisk forsvarleg å "kjøpa" maten til svoltramma folk til dumpingprisar...

May 24, 2006 8:05 PM  
Blogger Signe said...

Sponheim og Småbrukarlaget er for ein gong skuld einige: Kursendring i landbrukspolitikken finst ikkje. Skilnaden er berre at Sponheim er veldig nøgd med resultatet - det er som om han skulle gjort det sjølv, medan Småbrukarlaget akkar seg over stadig verre rammevilkår folk landbruket.

May 25, 2006 4:59 PM  
Blogger Guri said...

Nettopp!

May 26, 2006 10:12 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home