21.5.06

Reisetips

Ikkje til dykk, men til meg altså.

I sommar skal eg på interrail. Eg skal reisa aleina med ein sånn billett som varar i 22 dagar. Landa billetten gjeld for er Danmark, Tyskland, Sveits, Østerrike, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Bosnia og Herzegovina. Eg vil prioritera kvalitet framfor kvantitet, så eg er ikkje innom alle landa. Eg skal reisa i juli.

Eg skal byrja i Budapest. Eg vil i alle fall innom Praha, og har høyrt at kysten av Kroatia er fin om sommaren. Ut over det har eg faktisk ikkje så mange konkrete planar.

Så, det eg lurar på er: Kvar burde eg reisa? Kva burde eg få med meg. Kvar er det fine muse og bibliotekt, fin arkitektur, solfylte strender som ikkje er overfylte av turistar, kjekke marknadar og liknande? Sidan eg reiser aleine MÅ eg ha ok plassar å sova, så veit nokon om ok hostel/ungdomsherberg rundt om kring? Eg vil helst bu billeg, det går greit om verdisaker ikkje nødvendigvis er trygge der eg bur berre eg er trygg sjølv.
Kjenner nokon hyggeleg folk rundt om kring som kanskje vil visa meg byen/staden dei bur hadde det og vore kjekt.
Om nokon tilfeldigvis skal ut å reisa i same område samtidig kan me kanskje utveksla nummer og kanskje møtast?

Alle tips mottas med takk, antan som ein kommentar eller på e-post.
Min e-post er raudstjerne krøllalfa hotmail punktum com.

7 Comments:

Blogger Shadow said...

Praha må du få med deg. Flott by, masse marked og slikt. Fikk meg glassrose, marionette (hvordan det enn måtte staves)og CCCP klokke. Eneste jeg husker av severdigheter var klokken i sentrum av gamlebyen og at jeg ikke gikk på torturmuséet. Og at det på noen av de gamle broene var masse kunstnere som prøvde å selge ting.

I Polen er Krakow en bra by (forsåvidt eneste by eg har besøkt i Polen). Litt utenfor krakow er det noen enorme saltgruver der de har masse statuer inni. Paven, snøhvit og de syv dvergene, masse rart. De har til og med sin egen lille kirke nede i saltgruven. De har også en sinnsykt pen kirke i sentrum, rett ved en slags markedsbygning.

Berlin er også flott. De har visst masse goth-steder der. og masse sovjetiske uniformer for de som vil ha slike suvenirer.

Hvis eg skulle reist ville eg sett Wien og Geneve også. Aldri vert der, men det hadde nok vert gøy

May 22, 2006 3:39 PM  
Blogger Mari said...

Min erfaring med overnatting i Aust-Europa er at det ordnar seg lett, og på den månaden eg og Ingerid var på interrail for nokre år sidan hadde me ingen opplevingar der me kjente oss utrygge. Stort sett er det turistinformasjon på eller nærme togstasjonen som kan gje deg kart og fortella kor du kan bu, og veldig ofte får du tilbod frå folk som har som jobb å henga på togstasjonen og tilby overnatting. Så vidt eg hugser kosta det rundt 150 kroner natta for ei seng på dobbeltrom, sikkert dyrare viss du vil ha eit rom for deg sjølv, og i dei store byane i Vest-Europa.

No fekk eg jammen lyst til å reisa på interrail sjølv. Din heldiggris!

May 22, 2006 7:25 PM  
Anonymous Guri said...

Takk for tips :)

Shadow: Wien skal nok definitivt besøkast. Det ligg jo praktisk til på vegen mellom Kroatia og Praha og :)
Berlin trur eg nok eg kuttar i denne omgangen, men det er berre avdi Mari flyttar dit til hausten, så då skal eg jo besøka ho der.

Mari: Du får bli med då vel ;)
Rom for seg sjølv er ikkje så viktig. Vil jo bli kjent med folk og :)

Zagreb er og ein by eg skal innom (den ligg jo og fint til på vegen mellom Kroatia og Praha). Er edet nokon som har vore der og som har tips å koma med? Ting å sjå/høyra og sånt?

May 22, 2006 10:23 PM  
Blogger Pernille said...

Hej Guri

Tak for din hilsen på min blog. :-)

Jeg kan se, jeg skal komme tilbage hertil for at læse dine indlæg.

May 23, 2006 11:09 PM  
Blogger Sexy Sadie said...

Et tips, byferier gjør seg best om vår og vinter. Dra til kysten i sommer du.

May 24, 2006 2:15 PM  
Anonymous Grubleline said...

Å! Så heldig!
Arrgh, skulle ønske det var jeg som skulle ut og reise sånn!
Jeg er litt mer pysete enn deg, og ville nok ikke reist alene.
Jeg ser i alle fall frem til rapport om hvordan du har hatt det, det må du skrive om her :-)

May 24, 2006 4:41 PM  
Anonymous Guri said...

Kvinde: Så fint :)

Sadie: Det kan nok godt henda, men det er liksom no eg har tid :) Til hausten skal eg besøka ei veninne i Peru, så då blir det nok ikkje noko meir tur ei stund etter det...
Dessutan er eg ikkje så glad i sånn klassisk sommarferie ved kysten, det vert litt for mykje bading og sol for meg som brukar solfaktor tretti (minst) og stort sett svarte klede... ;)

Grublis: Hehe.
Eg hadde ikkje eigentleg tenkt å reisa aleina eg heller, men så berre vart det slik, og eg må inrømma at dess nærare avreise eg kjem, dess mindre skummelt verkar det.
Du skal nok få full rapport :) Kanskje skal eg laga ein sånn eigen reiseblog, slik som fr. Martinsen har...

May 24, 2006 8:01 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home