29.5.06

Reisetips 2

Og så var det altså på tide med meir reisetips. Til meg denne gonga og ja.

Berre at no lurar eg ikkje på kvar eg skal men kva eg skal ha med meg. Ikkje sånn heilt basic då, til og med eg skjønar jo at det er lurt å ta med reine truser, men litt meir sånne ting som er lurt å ta med men som ein kanskje ikkje tenker på. Til dømes har Signe tipsa meg om at det kan vera lurt å ha med ein liten hengelås, for det er ikkje alle oppbevaringsboksar som er utstyrt med det altid...

Dessutan lurar eg litt på dette med sko...
Eg skal jo "leva i sekk" ei stund, og i så måte hadde det vore kjekt om eg kunne greia meg med berre eit par sko så vert det litt mindre å dra på (og dessutan slik at eg har litt plass og vekt å gå på om eg skulle finna dei kulaste skoa, eller noko anna, i løpet av turen). Det set jo visse krav til skoa om komfort og kvalitet. Rett og slett ting eg veit svært lite om når det kjem til sko.
Når eg kjøper sko brukar pris og utsjånad å vera viktigast (dette er for såvidt viktig no og). Eg har tenkt at kanskje joggesko eller sandalar kan vera bra. However, det slår meg at ingen av delane vil gjera underverk for "imaget" mitt. Så då er spørsmålet mitt, veit nokon om bra, fine (gjerne svarte), ikkje altfor dyre sko som eignar seg for interrailing?
(Ikkje det nei. Tenkte meg det. Jaja. Då vert det vel det vanlege...)

Dette ligg an til å verta den mest uinteressante posten i bloggen min til no, føler eg. Vel, de får bæra over med meg.

Jupp. Dette er altså den store "ting ein treng på tur" posten min.
Neste ting på lista er digitalkamera. Dette har eg ikkje frå før (eg har berre fem filmbaserte kamera i staden liksom). Signe har sett på dette kameraet (biletet er av feil kamera og i feil farge, men de skjønar teikninga), og eg lurar på om det ikkje er tingen for meg og. Billeg men likevel nok pixlar til at bileta vert brukande. Så, er det nokon som har prøvd det før? Er det bra? Eller burde eg kjøpa eit anna?
Hm...

Til slutt kan eg jo melda at eg har tenkt å laga meg ein reiseblogg. Mest avdi tilfeldig familie og vener skal sleppa å lida seg gjennom ørti postar om kriminalisering av horekundar, landbruk og Trondheims geografi, men og litt avdi eg synes det vert ryddigare slik. Eg er litt systemfrik av og til. Eg skal sei frå når reisebloggen er laga.


Eg skal reisa i den raude og den mørkast grøne sona.

8 Comments:

Anonymous Marion said...

Jeg tillater meg å komme med noen forslag, jeg. Interrail er gøy. Svarte sandaler? :) Da må du ha med tjukke sokker hvis du plutselig får lyst til å gå i fjellet. Gnagsårplaster. Jeg pleier å ha med oppblåsbar putekrage... du får kjøpt det dyrt og hellig på Gardermoen og det gjør de nettene du eventuelt skal sove sittende oppreist på toget litt mer behagelige, pluss at du kan pakke den sammen og den tar liten plass. Sarong kan brukes til skjørt, dyne, gardin, håndkle og til å ligge på på stranda. Kortstokk? Og hvordan skal du lagre digitalbildene du tar? Mini-harddisk? USB-minnepinner?

May 30, 2006 1:09 AM  
Anonymous Guri said...

Oooh!
Masse bra tips.
Sarongar er geniale ;)
Digitale bilete skal lagrast på iPoden. Den er jo med uansett... ;)

May 30, 2006 11:20 PM  
Blogger Mari said...

Mitt beste skotips er Camper-sko. Dei har god kvalitet, er gode å gå i, og ser bra ut. Men eg trur kanskje at svette føtter er verre for imaget enn sandalar, som faktisk ikkje må sjå forferdeleg ut. Det kan bli rimeleg varmt og klamt når du skal ha på deg skoa omtrent heile dagen og gå masse, og det er over 20 grader.

Lesestoff er fint å ha med, men tungt. Kanskje eit par lydbøker på iPoden? Våtserviettar til ein kjapp kattevask når det trengs, eit lite reiseapotek (plaster, gnagsårplaster, piller mot diare, smertestillande og sånt småplukk) og eit sånt lite reisespel med magnetar, backgammon eller sjakk eller noko anna du kan spørra folk på toget om dei vil spela med deg er òg lurt.

May 31, 2006 10:16 AM  
Anonymous Guri said...

Trur nok det vert sandalar... vil du verta med på skohandling ein dag?

Lydbøker vert det nok ikkje, greier ikkje å konsentrera meg om å HØYRA bøker, men eg tenkte eg kunna ta med ei vanleg bok på engelsk som eg kan byta bort når eg er ferdig :)

May 31, 2006 10:58 PM  
Blogger Mari said...

Eg kom på ein ting til: Vaskepulver. Det må du ha med, enten i ein liten pose, eller eit par sånne Biotex porsjonsposar. Det er veldig greit å ha vaskepulveret klart viss du finn ei vaskemaskin. Skohandling er gøy, det er eg med på.

June 01, 2006 8:45 PM  
Blogger AntiAnja said...

Åssen fikk du til den tellinga di, forresten? Jeg har glemt det alt..
Og så fin side du har!

June 06, 2006 3:23 AM  
Anonymous Guri said...

www.statcounter.com er tingen:)

Og takk :D

June 06, 2006 9:49 PM  
Anonymous Anonymous said...

det jeg var ute etter, takk

December 26, 2009 1:38 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home