13.5.06

Kriminalisering av horekundar

eller "ikkje faen, nok er nok, nei til sal av kjønn og kropp!"

Dei siste dagane har norske aviser skrive mykje om kriminalisering av horekundar i samanheng med at blant anna politimester Roger Andresen i Oslo har gått ut i media og sagt han er for . I og med at eg synes dette er ein viktig debatt tenkte eg at eg og skulle skriva noko.

  • I bergen er det meir eller mindre umogeleg å gå bortover strandkaia ein kveld utan å verta sjikanert av menn som trur du er til sals om du er jente. Sidan det i noreg pr. dags dato er lov å kjøpa sex, og dei fleste som sel sex er kvinner trekk mange menn den konklusjonen at alle kvinner er til sals. Dei reduserar kvinna til ei vare, ein kropp, dei kan kjøpa. Er det greit?

  • Mange seier at dei prostituerte har valt "yrket" sitt sjølve. I noreg er svært mange prostituerte ulovlege innvandrarar som har valet mellom prostitusjon eller å verta sendt tilbake dit dei kom frå. I noreg er svært mange prostituerte rusmissbrukarar som har valet mellom å selja kroppen sin og å rana eldre damer på gata for å skaffa pengar til livets opphald. Har dei eit reelt val?

  • Mange argumenterar mot kriminalisering med at prostitusjonen vil "gå under jorda" og verta usynleg for politiet og at dei prostituerte vil verta usynlege for hjelpeaparatet. Er horekundane smartare enn politiet og hjelpeapparatet, for dei må jo og finnna dei prostituerte?

  • Mange argumenterar for prostitusjon med at det berre handlar om heilt vanleg kjøp og sal av tenester. Ville dei synest det var ok om deira eigne dødtrer var prostituerte?

Som dei fleste nok har fått med seg lever me i eit rimeleg kapitalistisk samfunn. I eit kapitalistisk samfunn er det markedskreftene, altså tilbod og etterspurnad, som rår. Innanfor prostitusjon er det horekundane som skapar etterspurnaden og dei prostituerte som står for tilbodet. Om ein kriminaliserar horekundane og politiet følgjer opp lovene kan ein redusera, og på sikt, fjerna etterspurnaden. Ingen etterspurnad = ingen marked.

Kriminalisering er sjølvsagt ikkje heile løysinga. Samtidig som ein kriminaliserar horekundane må ein skapa eit alternativ for dei prostiuerte kvinnene. Kvinner som har vorte utsett for trafficing må få opphaldstilatelse og jobb. Rusmissbrukarar må få behandling og hjelp til å greie seg.

Så lenge kjøp av sex er lovleg er likestilling umogeleg. Prostitusjonen er med på å oppretthalda synet på kvinner som noko menn "har rett på" og kan kjøpa, synet på kvinner som ei vare. Prostitusjon rammar ikkje berre dei prostituerte, men alle kvinner. For om "Per" kan kjøpa prostituerte "Gitte", kvifor skal han ikkje sjå på alle andre kvinner som ei vare og?

Eg er ikkje ei vare. Eg er ingen kropp du kan kjøpa og selja. Eg er ein person, eit individ, med tankar og følelsar. Det er alle andre kvinner og. No er det på tide å byrja å behandla oss som det og. Kriminaliser horekundane!

***

Katarina og Trude har og skrive om kriminalisering.
Om du vil lesa noko av det avisene har skrive om kriminalisering i det siste kan du til dømes bruka dette søket.

7 Comments:

Anonymous Andreas said...

Flott innlegg :-)

skrev litt om samme saken på min egen blogg, selv om jeg for det meste linket til deg..

http://erbest.com/wordpress/2006/13/05/ikkje-faen-nok-er-nok-nei-til-sal-av-kjonn-og-kropp/

May 13, 2006 4:45 PM  
Blogger Guri said...

Takk, takk :)

May 14, 2006 12:16 AM  
Anonymous Anonymous said...

det er en sikkelig bra artikkel.
men jeg må si at fen da hadde du rett,
(jævla kvinnfolk:P)

May 15, 2006 9:17 PM  
Anonymous Ennå anonym said...

Hmm ja.

Jmf. argumentet i første prikkpunkt. Bytt ut noen ord, og bruk det som argument for å kriminalisere prostitusjon.

August 10, 2006 2:04 AM  
Blogger Guri said...

No er jo heile greia ein tekst for kriminalisering av horekundar då ;)
For øvrig er eg mot å kriminalisera dei prostituerte.

August 10, 2006 10:38 PM  
Blogger Ørjan said...

"I noreg er svært mange prostituerte rusmissbrukarar som har valet mellom å selja kroppen sin og å rana eldre damer på gata for å skaffa pengar til livets opphald. Har dei eit reelt val?"

Hvis vi forbyr prostitusjon, vil altså disse kvinnene bli tvunget til å rane eldre damer istedet. Hva med heller å jobbe for å gi dem et bedre alternativ, slik at de slipper å gjøre noen av delene?

April 02, 2007 12:49 PM  
Anonymous Guri said...

"Kriminalisering er sjølvsagt ikkje heile løysinga. Samtidig som ein kriminaliserar horekundane må ein skapa eit alternativ for dei prostiuerte kvinnene. Kvinner som har vorte utsett for trafficing må få opphaldstilatelse og jobb. Rusmissbrukarar må få behandling og hjelp til å greie seg."

Skreiv eg jo litt lenger nede i teksten. Går an å gjera fleire ulike ting då veit du ;)

April 09, 2007 2:20 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home