29.5.06

Reisetips 2

Og så var det altså på tide med meir reisetips. Til meg denne gonga og ja.

Berre at no lurar eg ikkje på kvar eg skal men kva eg skal ha med meg. Ikkje sånn heilt basic då, til og med eg skjønar jo at det er lurt å ta med reine truser, men litt meir sånne ting som er lurt å ta med men som ein kanskje ikkje tenker på. Til dømes har Signe tipsa meg om at det kan vera lurt å ha med ein liten hengelås, for det er ikkje alle oppbevaringsboksar som er utstyrt med det altid...

Dessutan lurar eg litt på dette med sko...
Eg skal jo "leva i sekk" ei stund, og i så måte hadde det vore kjekt om eg kunne greia meg med berre eit par sko så vert det litt mindre å dra på (og dessutan slik at eg har litt plass og vekt å gå på om eg skulle finna dei kulaste skoa, eller noko anna, i løpet av turen). Det set jo visse krav til skoa om komfort og kvalitet. Rett og slett ting eg veit svært lite om når det kjem til sko.
Når eg kjøper sko brukar pris og utsjånad å vera viktigast (dette er for såvidt viktig no og). Eg har tenkt at kanskje joggesko eller sandalar kan vera bra. However, det slår meg at ingen av delane vil gjera underverk for "imaget" mitt. Så då er spørsmålet mitt, veit nokon om bra, fine (gjerne svarte), ikkje altfor dyre sko som eignar seg for interrailing?
(Ikkje det nei. Tenkte meg det. Jaja. Då vert det vel det vanlege...)

Dette ligg an til å verta den mest uinteressante posten i bloggen min til no, føler eg. Vel, de får bæra over med meg.

Jupp. Dette er altså den store "ting ein treng på tur" posten min.
Neste ting på lista er digitalkamera. Dette har eg ikkje frå før (eg har berre fem filmbaserte kamera i staden liksom). Signe har sett på dette kameraet (biletet er av feil kamera og i feil farge, men de skjønar teikninga), og eg lurar på om det ikkje er tingen for meg og. Billeg men likevel nok pixlar til at bileta vert brukande. Så, er det nokon som har prøvd det før? Er det bra? Eller burde eg kjøpa eit anna?
Hm...

Til slutt kan eg jo melda at eg har tenkt å laga meg ein reiseblogg. Mest avdi tilfeldig familie og vener skal sleppa å lida seg gjennom ørti postar om kriminalisering av horekundar, landbruk og Trondheims geografi, men og litt avdi eg synes det vert ryddigare slik. Eg er litt systemfrik av og til. Eg skal sei frå når reisebloggen er laga.


Eg skal reisa i den raude og den mørkast grøne sona.

21.5.06

Reisetips

Ikkje til dykk, men til meg altså.

I sommar skal eg på interrail. Eg skal reisa aleina med ein sånn billett som varar i 22 dagar. Landa billetten gjeld for er Danmark, Tyskland, Sveits, Østerrike, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Bosnia og Herzegovina. Eg vil prioritera kvalitet framfor kvantitet, så eg er ikkje innom alle landa. Eg skal reisa i juli.

Eg skal byrja i Budapest. Eg vil i alle fall innom Praha, og har høyrt at kysten av Kroatia er fin om sommaren. Ut over det har eg faktisk ikkje så mange konkrete planar.

Så, det eg lurar på er: Kvar burde eg reisa? Kva burde eg få med meg. Kvar er det fine muse og bibliotekt, fin arkitektur, solfylte strender som ikkje er overfylte av turistar, kjekke marknadar og liknande? Sidan eg reiser aleine MÅ eg ha ok plassar å sova, så veit nokon om ok hostel/ungdomsherberg rundt om kring? Eg vil helst bu billeg, det går greit om verdisaker ikkje nødvendigvis er trygge der eg bur berre eg er trygg sjølv.
Kjenner nokon hyggeleg folk rundt om kring som kanskje vil visa meg byen/staden dei bur hadde det og vore kjekt.
Om nokon tilfeldigvis skal ut å reisa i same område samtidig kan me kanskje utveksla nummer og kanskje møtast?

Alle tips mottas med takk, antan som ein kommentar eller på e-post.
Min e-post er raudstjerne krøllalfa hotmail punktum com.

16.5.06

Rike bønder og flygande grisar...

...om lag like realistisk

Noregs Bondelag og staten har i dag vorte einige om ein jordbruksavtale som inneber at bøndene får ein lønsauke på 6%, med andre ord om lag 14 000,- i året pr. årsverk. Eit årsverk i landbruket er om lag 230 000,-. Rik av å vera bonde? Neppe.

For å samanlikna litt løn. I flgje ssb.no er gjennomsnittleg månadsløn for ein ansett pr. 3. kvartal 2004 28 300,- kroner. Altså ei årsløn på om lag 340 000,-.
Igjen, rik av å vera bonde? Neppe.

Noregs Bonde og Småbrukarlag trekte seg frå forhandlingane i dag klokka 16.00. Dei syntes at staten gav for dårlege økonomiske rammer, og at dei dessutan la opp til eit meir industrialisert landbruk.

"Forhandlingsutvalget i Norsk Bonde- og Småbrukarlag beklager at det ikke var mulig å komme fram til en forhandlingsløsning med denne regjeringen. Størrelsen på den økonomiske rammen og de manglende strukturelle endringene i virkemiddelbruken i statens forslag er i sum av en slik karakter at Forhandlingsutvalget i Norsk Bonde- og Småbrukarlag ikke kan ta ansvar for den landbrukspolitikken som denne regjeringen ønsker å føre."
I Soria Moria erklæringa sa dei raudgrøne at dei ville følgjande:
  • Sikre utøvere i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper
  • Sikre et landbruk med variert bruksstruktur over hele landet

Vel, eg har følgjande spørsmål.

  • Sikra utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på lik linje med kva for ei anna gruppe? Sosialklientane? Ufaglærte Rimiansette?
  • Korleis har dei tenkt å sikra eit landbruk med variert bruksstruktur over heile landet når dei legg opp til at berre store bruk skal greia seg økonomisk og det berre er eit fåtal av fylka i landet vårt som er eigna til å driva store bruk i?

Når dette er sagt burde eg kanskje nemna at dette er det beste jordbruksoppgjeret på ei stund. Skjønt, det understrekar vel på ein måte poenget mitt.

Og så må eg berre få sagt at sjølv om bønder og Rimiansette har same årslønn har bøndene veldig mykje dårlegare timeløn...



Om lag like smart som ein gjenomsnittleg politikar?

13.5.06

Kriminalisering av horekundar

eller "ikkje faen, nok er nok, nei til sal av kjønn og kropp!"

Dei siste dagane har norske aviser skrive mykje om kriminalisering av horekundar i samanheng med at blant anna politimester Roger Andresen i Oslo har gått ut i media og sagt han er for . I og med at eg synes dette er ein viktig debatt tenkte eg at eg og skulle skriva noko.

  • I bergen er det meir eller mindre umogeleg å gå bortover strandkaia ein kveld utan å verta sjikanert av menn som trur du er til sals om du er jente. Sidan det i noreg pr. dags dato er lov å kjøpa sex, og dei fleste som sel sex er kvinner trekk mange menn den konklusjonen at alle kvinner er til sals. Dei reduserar kvinna til ei vare, ein kropp, dei kan kjøpa. Er det greit?

  • Mange seier at dei prostituerte har valt "yrket" sitt sjølve. I noreg er svært mange prostituerte ulovlege innvandrarar som har valet mellom prostitusjon eller å verta sendt tilbake dit dei kom frå. I noreg er svært mange prostituerte rusmissbrukarar som har valet mellom å selja kroppen sin og å rana eldre damer på gata for å skaffa pengar til livets opphald. Har dei eit reelt val?

  • Mange argumenterar mot kriminalisering med at prostitusjonen vil "gå under jorda" og verta usynleg for politiet og at dei prostituerte vil verta usynlege for hjelpeaparatet. Er horekundane smartare enn politiet og hjelpeapparatet, for dei må jo og finnna dei prostituerte?

  • Mange argumenterar for prostitusjon med at det berre handlar om heilt vanleg kjøp og sal av tenester. Ville dei synest det var ok om deira eigne dødtrer var prostituerte?

Som dei fleste nok har fått med seg lever me i eit rimeleg kapitalistisk samfunn. I eit kapitalistisk samfunn er det markedskreftene, altså tilbod og etterspurnad, som rår. Innanfor prostitusjon er det horekundane som skapar etterspurnaden og dei prostituerte som står for tilbodet. Om ein kriminaliserar horekundane og politiet følgjer opp lovene kan ein redusera, og på sikt, fjerna etterspurnaden. Ingen etterspurnad = ingen marked.

Kriminalisering er sjølvsagt ikkje heile løysinga. Samtidig som ein kriminaliserar horekundane må ein skapa eit alternativ for dei prostiuerte kvinnene. Kvinner som har vorte utsett for trafficing må få opphaldstilatelse og jobb. Rusmissbrukarar må få behandling og hjelp til å greie seg.

Så lenge kjøp av sex er lovleg er likestilling umogeleg. Prostitusjonen er med på å oppretthalda synet på kvinner som noko menn "har rett på" og kan kjøpa, synet på kvinner som ei vare. Prostitusjon rammar ikkje berre dei prostituerte, men alle kvinner. For om "Per" kan kjøpa prostituerte "Gitte", kvifor skal han ikkje sjå på alle andre kvinner som ei vare og?

Eg er ikkje ei vare. Eg er ingen kropp du kan kjøpa og selja. Eg er ein person, eit individ, med tankar og følelsar. Det er alle andre kvinner og. No er det på tide å byrja å behandla oss som det og. Kriminaliser horekundane!

***

Katarina og Trude har og skrive om kriminalisering.
Om du vil lesa noko av det avisene har skrive om kriminalisering i det siste kan du til dømes bruka dette søket.

8.5.06

Det er sommar...

...og i og med at det er eit år sidan sist (minst, sommaren i fjor var jo ikkje så mykje å skryta av) er eg litt euforisk. Eg kjem sterkt tilbake når eg vert lei av pollenallergien eller eventuelt det byrjar å regna igjen. I mellomtida skal eg vera ute i sola (eller skuggen som det og vert kalla, kan jo ikkje spolera mi kvite hud må vita) og oppfordrar alle andre til å vera det same :)

3.5.06

1. mai

Eg har dessverre eit heilt vannvittig søvunderskot for tida, og er nøydd til å prioritera soving framfor blogging. But I'll be back!

Uansett kan eg jo prøva meg på ei aldri så lita oppsummering av 1. mai sånn i og med at eg allereie skriv no :p

Dagen byrja med ei litt stressa Guri som måtte dusja, eta og skriva appell før eg gjekk avgårde til RU/RV kontoret* for å møta teatergruppa mi, RØD!. Sånnn i og med at eg likevel var der joina eg 1. mai-frukosten. Very nice.
Etter frukost og siste-liten orging med teatergruppa bar det avgarde til vågsallemeningen der eg heldt appell om Ta Natta Tilbake**.
Etter endt appell var det klart for teatergruppestunt. Anna gjekk på stylter, hadde på seg dress, hatt og dollarteikn, ho var kapitalen. I band hadde ho alle oss andre som var media, ytringsfridom, håp, kjærleik og Jonas Gahr Støre (humoristiak innslag jah). "Alle me andre" hadde kvite masker på oss. Stuntet gjekk utruleg bra og fekk veldig mykje (positiv) merksemd. Me var nok dei mest fotograferte folka i bergen den dagen.
Det var bilete av oss iblant anna BA (men eg finn det ikkje på nett).
Etter mange timar på beina i band, gjekk me på kafe Kaffan og åt mais og kake. Det var det siste eg åt den dagen...

Etter endt kakeeting vart eg med Anna heim for å sjå dagsrevyen i tilfelle me var med. Det var me ikkje. *sukk* Jaja.
Det var sånn om lag då eg fann ut at det hadde vore fint å gå og ta ein øl med diverse kameratar. Som sagt så gjort. Eg treng vel kanskje ikkje nemna at med fint lite anna enn frukost innabords vart jo det ei festleg oppleving. Uansett var eg heime og i seng til klokka var rundt tolv.

Alt i alt hadde eg ein strålande dag. Veret var fint, appellen og teatertingen gjekk fint og alle var blide, hyggelege og snille.
Konklusjon: Det er veldig mykje kulare å vera ung og vakker sosialist enn litt treig Fpuar. (Fpu hadde "motdemonstrasjon" mot 1. maitoget. Dei var ti stykk. Maks. Nokså festleg eigentleg.)


*Teatergruppa er partipolitisk uavhengig. Men både SU og SV og RU/RV har vore så elskverdige å stilla lokale til disposisjon for oss. Takk:)

**Meir info om Ta Natta Tilbake kjem når planane er klare.