5.4.06

Visste du at...

...den mest kjende komponisten frå mellomalderen var ei kvinne?

I det siste har det kanskje vorte litt vel mykje pjatt her på boggen. I alle fall er eg tilbøyeleg til å meina det. For ei stund sidan, nærare bestemt 8. mars lova eg diverse folk at eg skulle skriva noko om kvinnelege komponistar. Så langt kom eg ikkje. However seier eg som så mange andre at det er betre seint enn aldri. Så her kjem i alle fall litt :)

Kor mange komponistar kan du namnet på? Ein del ja. For kven har vel ikkje høyrt om J. S. Bach, W. A. Mozart eller vår eigen yndling Edvard Grieg? Kan du namnet på like mange kvinnelege komponistar? Visste du at W. A. Mozart hadde ei eldre syster som muligens var minst like talentfull som han sjølv? For øvrig enda ho opp som pianolærerinne etter ein barndom i rampeljoset saman med sin yngre bror. De kan jo gissa kvifor...

Opp gjennom tidene har det vore menn som styrte i Europa (i denne posten snakkar eg berre om Europa). Det har vore menn som sat med definisjonsmakta. Menn som har bestemt kva som har vore "bra" og "dårleg" og kven som har fått lov å stå på scena. Likeeins er det menn som har skrive historiebøkene.

Dette har vore synleg på meir eller mindre morosame måtar. Til dømes var kvinner bannlyste på scena i lange tider. Både som skodespelarar og songarar. Dette førte til at i dei tider mange kjende skodespel og operaer vart skrivne spela menn alle rollane...

Det rådande kvinnesynet i samfunnet elles har og kome til syne gjennom korleis ein framstiller kvinner på scena. At den kvinnelege hovudrolla døyr (gjerne medan ho syng for full hals) er standar avslutting i operaer, for kvinner er jo så svake, stakkar.

No lurar du kanskje på kva dette har med kvinnelege komponistar å gjera. Ein heil del faktisk. Om ein er ei svak sjel som ikkje er skikka til å stå på ei scene kan ein vel ikkje skriva noko det er verdt å setja opp på ei scene heller. Og berre for å forsikra seg om at kvinner som eventuelt gav blanke i konvensjonane og vart komponistar trass alt, ja til og med kanskje hausta annerkjenning, ikkje skulle vert hugsa utelot ein dei hendig frå historia.

Kor mange gode komponistar verda har gått glipp av grunna snevre kjønnsrollar torer eg ikkje tenkja på...

Anyway.
Til trass for mykje dritt her i verda hender det jo at ting går bra og. Her kjem eit par jenter det ordna seg for som komponistar, trass alt.

Me kan byrja med mellomalderen. Mellomalderen vert ofte omtala som ei "mørk" tid, utveklinga sto på staden kvil, og religionen låg som eit tungt teppe over europa. I skandinavia sprang me rudt og var vikingar framleis (faktisk hadde vikingane eit par kjende kvinnelege skaldar).
Det få veit om mellomalderen er at det er den einaste musikalske epoken med ei kvinne som mest kjende komponist for ettertida. Denne kvinna heitte Hildegard von Bingen 1098-1179.

Som lita vart Hildegard gove av foreldra som tiende til ei kyrkje. Mykje kan seiast om å gi vekk born som skatt, men i dette høvet er det nok den einaste grunnen til at ettertida har fått gleda av Hildegard.
Hildegard vaks opp til å verta ei anerkjend nonne, og grunnla blant anna to nonnekloster. I kraft av å vera nonne slapp ho unda dei flesta krava samtida sette til ei kvinne og fekk den fridommen ho trong til å laga musikk og skriva. Den dag i dag kjenner ein til nesten åtti komposisjonar av ho. I mellomalderen hadde ein få instrument, og musikken Hildegard skreiv er i all hovudsak vokalmusikk. Ho skreiv både for kvinne- og mannstemmer. Det kanskje viktigaste verket heiter "Ordo Virtutum". Det er skrive for kvinnestemmer, med eit unntak, djevelen vert sungen av ein mann.

I tillegg til å skriva musikk med tilhøyrande tekst skreiv Hildegard von Bingen fleire faglege tekstar, ho er og kjend for å vera blant dei fyrste som har konstruert eit språk (døme på konstruert språk: esperanto).



Grunna vondt i ryggen og eit snart ferdigsteikt brød tek me no eit stort hopp fram til nyare tid, og "heim" til noreg.

På slutten av attenhundretalet herja nasjonalromatikken og Edvard Grieg landet. Om ein spør fru og herr Kvarmannsen på gata i noreg kan ein lett få intrykket av at han var dein einaste. Det var han jo sølvsagt ikkje.
Ein av mine favorittkomponistar Agathe Backer-Grøndahl 01.12.1847-04.06.1907 hadde og si stordomstid i denne perioden. Forøvrig med ein ganske annarleis og meir internasjonal stil.

Agathe Backer-Grøndal vart fødd i Holmestrand og budde der til ho vart ti, då flytta ho med familien til hovudstaden. Ho byrja tidleg å spela piano, og i tillegg til komposisjonane sine var ho ein høgt anarkjend konsertpianist. I noreg studerte ho blant anna med Kjærulf og Lindeman før ho i 1865 flytta til Berlin for å studera.

Agathe Backer-Grøndal har lage 70 verk. Blant anna ca 190 songar (eit verk og ein song er ikkje det same), ca 120 klaverstykke og arrangert over 50 folketonar. I tillegg har ho skrive nokre få orkesterverk og eit par korsongar.



No har eg veldig både lyst til og føler at eg burde skriva meir, men ryggen gjer vondt, og brødet har allereie rukke å verta svidd, så det får halda for no.

Her er ei liste over kvinnelege komponistar.

Til slutt litt reklame:
Om nokon skulle føla for å høyra meg synga Agathe Backer-Grøndahl eller Hildegard von Bingen songar, eller kva som helst anna "klassisk" kan ein senda ein e-post til raudstjerne krøllalfa hotmail dott com. Det GÅR AN å leiga meg inn for å synga i bryllaup, konfirmasjonar, gravferder, femtiårslag, gatefestar, you name it.

4 Comments:

Blogger lotten said...

Denne posten har jeg ventet på lenge! Håper du får tid og lyst til å skrive mer om kvinnelige komponister senere, for dette var interessant.
Jeg kommer til å ta en grundig titt på linken til kvinnelige komponister siden jeg kun har lest litt om Hildegard von Bingen tidligere.

April 08, 2006 12:33 PM  
Blogger Guri said...

Så bra at du får noko ut av det :)
Det fins mange bra kvinnlege komponistar, den lista eg linka til innheld berre dei som det fins innspelingar av musikken til, trur eg. Med andre ord kan ein gå på biblioteket og låna cdar med dei (i alle fall i teorien).

Det kjem nok meir. Sånn på sikt. Om ikkje akkurat om komponistar så kanskje om kjønnsrollemønsteret i opera. Eg synes det er veldig spanande, i og med at eg faktisk syng slikt...

April 08, 2006 2:32 PM  
Anonymous Anonymous said...

This comment has been removed by a blog administrator.

December 03, 2006 12:48 AM  
Blogger Guri said...

Spam vert sletta.
Spam will be deleted.

December 07, 2006 11:10 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home