29.4.06

Ta Natta Tilbake!

Denne teksten står på trykk i det nyaste nummeret av Hordaland SU sitt blad, Aktivisten. Så snart den kjem på nett i pdf format skal eg laga ei lekkje.


“Tenk deg om, gå ikke alene om du kan unngå det, gå for all del ikke på mørke steder med lite trafikk og bruk heller penger på en drosje enn å gå hjem alene.”
Dette er kva avdelingssjef Tove Lian Mathiesen ved person- og voldsavsnittet i Hordaland politidistrikt sier til unge jenter i ei sak i BA om overfallsvaldtekter.

I følgje statistisk sentralbyrå vart det i 2005 anmeldt 798 valdtekter. Mørektala er sansynlegvis store. Rundt 75% av dei anmeldte veldektene vert henlagde, mindre enn 10% av dei anmeldte sakene endar med straffereaksjonar.

At Tove Lian Mathiesen ber unge jenter vera varlege er vel lurt, eller er det verkeleg det? Det som hender når autoritetar som Tove Lian Mathiesen gjev jenter råd som det ovanfor er at ho indirekte seier at om du ikkje tek taxi heim kan du skulda deg sjølv. Ho seier at det er jenter sitt ansvar å passa på å ikkje verta valdtekne. Valdtektsforbrytarane er det ingen som nemner med eit ord...
Det ho heller ikkje nemner er at sjansen for å verta valdeken er større på festen du forlet enn på den mørke vegen heim. Ho nemner heller ikkje at i dei aller fleste valdteketer vert utførde av nokon offeret kjende frå før. Så klart ho ikkje nemner det. Då måtte ho jo ha råda oss til å låsa oss inne på romma våre og aldri snakka med nokon meir, og det vert jo rett og slett for dumt.
Be jenter begrensa fridomenn sin på grunn av eit ein del menn ikkje har det heilt godt med seg sjølve, liksom. Haha.
Men vent! Er det ikkje nettopp det ho ber om når ho seier jenter bør ta taxi heim? Er det ikkje nettopp det ho ber om når ho seier at me ikkje kan gå i mørke gater, for då kan me takka oss sjølve? Jovisst er det det. For om eg ikkje kan gå heim men må ta taxi, så har jo eg eit valalternativ mindre. Då har jo eg fått mindre fridom. Om eg høyrer på råda til Tove Lian Mathiesen har eg gått med på at jenter kan skulda seg sjølve.

Når Tove Lian Mathiesen legg alt ansvaret over på jentene seier ho samtidig at det er ok om andre tek mindre ansvar. Mennene som valdtek for eksempel. Kvifor skulle ein vel be dei ta ansvar? Dei er jo berre nokre stakkarar fullstendig styrte av sine lyster. Om dei så mykje som ser konturen av ein kvinnelegg går dei heilt av skaftet og berre må ha seg, og om dama i tiollegg er berusa er det jo så vanskeleg å vita kva ho eigenetleg meinar når ho hyler nei... Klart dei ikkje kan stillast til ansvar. Huff, det kan ikkje vera lett å ha utovertiss. Rart at dei fleste gutar heilt fint greier å lata vera å valdta likevel eigentleg... Dei må vera supermenn...

Å ta eit nei for eit nei.

Nei tyder nei.
Ikkje no tyder nei.
Dra til §!#$% tyder nei.
Eg likar deg godt, men... tyder nei.
Kan me ikkje berre sova? tyder nei.
Stille tyder nei. tyder nei.

Å ikkje ta eit nei for eit nei er valdtekt...
...Bortsett frå i rettsalen. I 2002 vart ein 20 år gamal mann frifunne for valdtekt av ei då 17 år gamal jente i retten. Dette til trass for at retten erkjende at mannen hadde valdteke jenta, ho hadde berre ikkje protestert nok. Jenta hadde grinande sagt nei og bedt mannen lata vera.
Nei, det er klart, er ikkje lett å skjøna at nokon som grin og seier nei kanskje ikkje vil ha sex med deg... At det nok er endå mindre lett å vera jenta som vart valdteken og no sit igjen med “skulda” sidan ho ikkje sa “klart nok” frå er det ingen som tenker på.

Nok er nok!

Heldigvis er det ikkje alle som er einige med Tove Lian Mathiesen & co.
I bergen har folk frå mange ulike organisasjonar gått saman i Ta natta tilbake. Ta natta tilbake er eit initiativ som kjempar for kvinner sin rett til å kunna gå fritt, og i fred, kvar som helst og når som helst.
Den 13. mai arrangerar dei gatefest for kvinner sin rett til å gå trygt i byen. Gatefesten er for alle som vil vera med, unge som gamle, kvinner og menn. Det vert konsertar, apellar, grilling og kreative verkstadar. Sjølvsagt vert det fint vær.

Anders Parmann som jobbar med Ta Natta Tilbake for SU seier at dei vil gi eit klart bodskap til politikarane. -Det er viktig at jenter skal kunna gå trygt i gatene om kvelden og natta. Han håpar så mange som mogeleg kan koma på gatefesten.

Så då er det berre å setja av datoen, for som Ingvild sa, “Ta natta tilbake? Det er kult!”.


TA NATTA TILBAKE
At Norge er et trygt land er en eldgammel myte.
Nå må lyset skrus på og stillheten brytes!
Nå må vi tørre å snakke sammen;
ikke leve i angst med skylden og skammen.
Vi vil ikke lenger slå oss til ro
med at makten og volden får lov til å gro.

Angsten og frykten
binder og stenger.
Vi trenger en trygghet
for å bli fri.
Vi vil ikke sitte
på gjerdene lenger.
TA NATTA TILBAKE
- natta er di!

Fortsatt finnes det eldgamle myter
om at offeret også nyter,
om at kvinnene egentlig vil det:
at det var hun som fristet ham til det.
Forbryteren går fri i rettsalen,
mens offeret dømmes av folkemoralen.

Kroppen er din
og sjela di også.
Du skal selv bestemme
hva du vil gi.
Et nei er et nei
og det skal ingen trosse.
TA NATTA TILBAKE
- natta er di!

Fortsatt finnes det eldgamle myter
om at den vanlige voldtektsforbryter
er blant de menn som er gale og stygge
som ligger og venter i busker og skygger.
Men også den gutten som følger deg hjem
har skygger i sjela som kan komme frem...

Kroppen er din
og sjela di også.
Du skal selv bestemme
hva du vil gi.
Et nei er et nei
og det skal ingen trosse.
TA NATTA TILBAKE
- natta er di!

Vi tror på en drøm
om likhet for alle.
Der kvinne og mann
har samme verdi.
At dører kan åpnes
og murer falle.
TA NATTA TILBAKE
- natta er di!

Bjørn Frengstad 011190





I mi søken etter bilete til posten kom eg over denne noko, eh, spesielle sida...

5 Comments:

Anonymous Grubleline said...

Haha, ja, det var ei gøyal side, den tror jeg at jeg må lagre :-)

Hvis jeg hadde ei datter som var ute i verden på egen hånd, kan det godt hende jeg ville gitt henne samme råd som Tove Lian Mathisen. Alternativet ville vel være å ikke si NOE, siden man jo som du også sier ikke kan si "ikke gå på fest, ikke vær sammen med kompiser, lås deg inne" Hvis jeg hadde en datter, tror jeg ikke at jeg ville anbefalt henne å kjempe kampen for natta, for hva kan kostnaden være? Det er alltid litt vanskelig når folk kommer med sånne råd som de gjør med jevne mellomrom, for selv man stritter i mot denne hentydningen at voldtekt er noe kvinner kan unngå hvis de bare gjør 'som de skal' så blir det også feil å anbefale det motsatte.

Samtidig blir jeg rasende når jeg tenker på at jeg ikke kan bevege meg hvor jeg vil på samme måte som menn.

Det jeg savner er menn på banen i dette spørsmålet. Det har en mye større effekt om menn tar til orde i mot disse holdningene, enn kvinner som bare kan puttes i den utskjelte feministbåsen. Jeg kan skjønne at menn ikke vil identifisere seg med disse som voldtar, men jeg syns det er utrolig tafatt at ikke flere viser seg.

Det er et tegn på handlingslammelse og hjelpeløshet når det eneste rådet folk som jobber med vold i rettsapparatet kan komme med, er at jenter må begrense sin frihet.

April 29, 2006 2:58 PM  
Blogger Guri said...

Eg trur faktisk det kan vera eit betre alternativ å ikkje sei noko enn å koma med eit Tove Lian Mathiesen råd... For det fyrste på grunn av dette med at slike råd kan føra til at offeret førler seg meir "skuldig" om noko fyrst skulle henda, for det andre veit eg at det har blitt forska litt på korleis veldetektsforbryatarar vel ut offera sine, det vanlegaste kriteriet er at "ho såg usikker ut", og det er jo få måtar å få folk til å sjå meir usikre ut enn ved å fortelja dei at alt er farleg...

Akkurat når det gjeld valdtekt føler eg ikkje det er så vanskeleg å få menn på banen (sånn innimellom i alle fall), nettopp avdi dei ikkje vil identifisera seg med menn som valdtek. Den enklaste måten å visa at dei ikkje er slik er jo å organisera seg mot det :)

At folk som arbeidar med vald i rettsapparatet kjem med slike råd seier og noko om priorteringar som vert gjort og kva ein ser på som viktig...

Å kjempa for å ta natta tilbake kan jo gjerast på mange måtar, å delta i ein gatefest i ein park saman med mange hundre andre er til dømes ikkje spesielt risikofylt ;)

Personleg nektar eg å begrensa min fridom på grunn av at andre har problem med seg sjølve. Å følgja T. L. Mathiesen sine råd ville ha ført til så mykje lågare livskvlitet (og dårleg råd) for meg at det rett og slett ikkje er verdt det. Dessutan er det jo, som nemnt i teksten, statistisk sett større sjangse for å verta valdteken på fest, eller på hyttetur med jobben for den del, enn på gata uansett tid på døgnet.

April 29, 2006 4:01 PM  
Anonymous Grubleline said...

Jeg vet ikke om så mange offentlig lag eller grupper eller organisasjoner av menn som kjemper mot dette. Om de eksisterer bør de vise seg mer i media.

Jeg skjønner hva du mener, og det kan godt hende jeg er blitt litt kynisk med årene. Men skyldfølelsen tror jeg nesten ingen slipper unna, når de blir voldtatt, av så mange grunner, og ikke minst fordi samfunnet (om ikke moren) har disse velmente råd og meninger om hvordan man skal opptre for å unngå voldtekt.

Å delta på en gatefest er sikkert ikke veldig risikofyllt, jeg mente mer det å trosse gjennom at man skal kunne ferdes alene hvorsomhelst :-) På egen risiko, mener jeg.

Jeg er selvfølgelig enig med deg i det du skriver. Trist nok har jeg for lenge siden måtte akseptere at jeg ER begrenset i min bevegelsesfrihet. Det ligger imidlertid også en frihet i finne måter å omgå det på.

April 29, 2006 4:18 PM  
Blogger Guri said...

Eg veit ikkje om det fins offentlege lag eller grupper av menn som jobbar spesifikt mot slikt, men menn i td. SU, RU, Norsk Folkehjelp, Raude Kross, og liknande jobbar jo ein del med relaterte problemstillingar. Å sei at nokon burde visa seg i media er lett, å visa seg i media i praksis er vanskelegare.. Dessverre.

I går var eg vakt på ein ungdomskonsert til støtte for bybane. Til trass for at alle aviser, lokaltv og lokal radio hadde fått både pressemeldingar og blitt oppringt på dagen dukka det ikkje opp ein einaste journalist... Ganske trist eigentleg, for arrangementet var veldig vellykka :)

Å trassa gjennom at ein skal kunna gå kvar ein vil uansett og altid er nok ikkje lurt uansett korleis ein ser på det. Togskinner for eksempel, ikkje bra :p
Uansett, å gå utsette stader er ikkje altid trass. Eg til dømes, bur i eit litt "utsett" område. Om eg vel å ga den raskaste vegen til og frå byen er det jo ikkje trass, men rett og slett naudsynt. For til og frå byen hender det jo at ein må liksom ;)

April 29, 2006 4:59 PM  
Anonymous Anonymous said...

Takk! Takk, feminist! Lenge leve oss! :D

March 07, 2007 8:51 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home