11.4.06

Påskeblues

Eg har over 1 600 songar på dataen min, likevel er eg lei all musikken min. Er eg rar?

Uansett, rar eller ikkje.
No er det som kjent (snart) påskeferie. Litt ferie er jo fint, det kan jo til og med grinebitarar som eg vera einig i. Det som ikkje er så fint er når andre får det for seg at dei skal prakka sine religiøse høgtider på andre.

I mitt vakre feministkollektiv eig me ikkje noko slikt som ei vaskemaskin, me nyttar difor fellesvaskeriet i blokka. Fellesvaskeriet vårt er eigentleg meir eller mindre fantastisk. For å vaska i fellesvaskeriet må ein skriva seg på lister. 0700-2200 vekadagar, 0700(?)-2000 på laurdagar og nada på sundagar. At ein har ein vaskefri dag i veka er jo greit nok, ein må jo ta hensyn til stakkaren som har leiligheit under vaskemaskina.

Tingen no er at ein eller annan smartass har funne ut at det ikkje skal vera lov å vaska klede på torsdag og fredag denne veka. Sikkert avdi det er heilagdagar. Mogeleg det berre er meg, men er det ikkje litt drøyt at me ikje skal få vaska klede berre på grunn av at nokon har funne ut at dei er religiøse? Og om ein skal ha vaskeforbod på dei kriste heilagdagane, burde ein ikkje ha det på dei hinduistiske, jødiske eller muslimske og då? Og fins det ikkje vanvittig mange betre måtar å visa respekt for folk sine religionar enn å lata vera å gjera noko vetig på andre sine heilegdagar?

No må eg jo innrøma at dette eigentleg ikkje er noko stort problem for meg, eg skal stå på brett på fjellet med alt som kan krypa og gå av slekt på farsida mi. Der har eg til og med tilgang på vaskemaskin så mykje eg berre vil.
Apropos(?) det kjem eg til å vera utan nett ei lita veke, medmindre onkelen min har skaffa seg breiband på hytta då... Forhåpentleg har eg fått tid til å tenka og skriva mykje lurt til eg kjem attende.

Omtrent så flink er eg... jah.

Hei så lenge!

6 Comments:

Anonymous Anje said...

Haha, ja vaskeloftet er en kilde til irritasjon for mange i nr. 12, meg inkludert! Du må komme på beboermøtet og slå i bordet!

Ellers må du ha en god påske.

April 12, 2006 2:17 PM  
Blogger Guri said...

Beboermøte? Kan eg gå på sånt? Eg leiger jo berre...

God påske til deg og :)

April 12, 2006 3:28 PM  
Blogger kamilla said...

Eg har max 100 songar på dataen min, men eg høyrer ikkje på dei uansett.. Er eg rar?

Foressten så får eg ikkje lov til å henge ut klede på søndagar når eg er heime med familien. Ikkje fordi familien min er spesielt religiøse, men fordi eg er oppvokst i indremisjonsland og klessnorene visast frå vegen... Og familien meiner det er å ikkje respektere dei kristne.

April 13, 2006 11:47 AM  
Blogger Brage said...

Jeg skjønner deg godt. 1600 sanger tilsvarer vel rundt 80-100 album og det er jo nesten ingenting. Personlig har jeg nettopp oppdaga et betydelig konservativt trekk ved meg sjøl - jeg digger ikke mp3. Prinsippielt er det fint, men JEG foretrekker å ha musikk på CD og/eller vinyl.

April 14, 2006 11:04 PM  
Blogger Guri said...

Kamilla: Ja, du er rar. Ikkje fordi du ikkje høyrer på musikken din, du berre er det :p
No var det jo ikkje vaskefrie søndagar som var problemet, problemet er jo at vaskemaskina har vore offlimit frå og med torsdag til og med i dag. Det er nesten ei veka. Det er jo så lenge at folk faktisk kan koma til å HA BRUK FOR vaskemaskina i mellomtida. You see?

Brage: 1600 songar er vel litt meir enn 80-100 album? Mange album har jo berre litt meir enn ti songar? Det kjem vel litt ann på sjanger og lengde på songane...
For øvrig er eg ueinig i at det er konservativt å ha musikk på cd/vinyl, det tyder jo berre at ein ikkje mistar musikken om dataen krasjar. (+ det med hå ha det vesle heftet inni coveret ol...)

April 17, 2006 7:58 PM  
Anonymous Grubleline said...

Jeg syns det er litt søtt, jeg, at noen av disse helligdagene henger igjen. Mange har det innprentet i seg, at man ikke skal vaske o.l på slike, selv om de ikke er spesielt religiøse.
Men upraktisk er det, det er jeg enig i :-)

April 17, 2006 11:44 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home