19.4.06

Fordommar

I fordom -men [-en], -mar [-ar] (etter ty. Vorurteil) dom, omdømming, meining som byggjer på ei fastlåst overtyding, og ikkje på (nøktern) kunnskap om den saka det gjeld ha f-mar mot noko(n) / vere full av f-mar / fri seg frå f-mar


I går bvar eg på eit "meneskebibliotek" arrangert av Norsk folkehjelp.
Der kunne ein "låna" personar frå stigmatiserte grupper. Til dømes HIV-positive, blinde, døve og så bortetter. I utgangspunktet eit veldig bra initiativ, særs når det er på skular, arbeidsplassar og liknande. Akkurat i går var det på ein kafe for alle som hadde lyst, så då var det vel ikkje dei med mest fordommar som kom innom.
Eller var det kanskje det?

Blant dei som var der i går var det mest studentar, ellers var det stort sett organisasjonsfolk, som meg sjølv. Heilt sikkert ikkje dei som har flest fordommar mot asylyøkarar eller blinde. I alle fall har/hadde ikkje eg mange fordommar mot "bøkene" som var der i går.
Det store spørsmålet er vel om det tyder at me er fordomsfrie?
Eg trur ikkje det. Til dømes har eg massevis av fordommar, det er berre det at dei ikkje rettar seg mot dei mest stigmatiserte gruppene. For eg har ikkje fordommar mot lesber, døve eller frelsesarmesoldatar. Kvifor skulle eg ha det? Derimot har eg massevis av fordommar mot folk som køyrer bil i by, Norske, kvite, middelaldrande menn og folk som gjev born sukker (godteri) på toget...

Så kva er eigentleg forskjellen? Er eigentleg eg så mykje betre enn bestemora som trur ein får hiv av å drikka frå same glas? Tja, kanskje ikkje.

(Med fare for å verka veldig sjølvrettvis) Den store forskjellen ligg vel i at til dømes norske, kvite, middelaldrande menn ikkje er ei veldig stigmatisert gruppe. Om eg har fordommar mot dei så fins det sikkert ti gongar så mange som ikkje har det. Om eg skulle finna på å koma med usaklege angrep på norske, middelaldrande kvite menn er dei i aller høgaste grad i stand til å slå tilbake. Dei har ikkje det handicappet (skreiv eg det rett) det er å vera stigmatisert. Når dei seier noko lyttar folk. Ingen avskriv dei med at dei har "særinteresser". Ingen trur at ein kan verta gamal av å drikka av same flaske...

Men gjer det meg betre? I think not.

4 Comments:

Anonymous Grubleline said...

Tankevekkende, og du setter nok fingeren på noe som mange sysler med i tankene nå og da. Det er ikke så lett alltid.

April 19, 2006 8:17 PM  
Blogger Guri said...

Det er eit vanskeleg tema synes eg. (Kom på masse lurt å skriva på jobb, hadde gløymt det til eg kom heim. Typisk!

Ofte føler eg at folk i min nærleik (sosialt, ikkje fysisk) likar å framstilla seg sjølve som så tolerante og fordomsfrie, men det stemmer jo ofte ikkje heilt. For det er jo greit nok at dei tolererar asylsøkaren, men folk flest, dei er dumme dei. Men kven er folk flest, når slutta eg/me å vera folk flest og er det eigentleg greit å meina at folk som likar danseband er dumme?

Akk ja.

No skal eg sova.
Natta :D

April 19, 2006 11:41 PM  
Blogger androida said...

Jeg kunne sikkert lånt en politimann, en FRPer og en økonom!
:)

April 20, 2006 11:50 PM  
Blogger Guri said...

Haha.
Eg kunne som sagt ha lånt ein bilist og dessutan nokon som går på BI (på fulltid, ikkje på kursbasis). Politifolk har eg ikkje så mykje mot, med mindre dei står bevæpna langs demonstrasjonsruta då...

April 21, 2006 4:57 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home