8.3.06

Til lukke med dagen alle jenter

Endeleg har den store dagen kome. Kvinnedagen. Elska og hata. Allereie i forrige veke byrja folk å hetsa kvinnegruppa Ottar i media.

På jobben min (eg arbeidar i ein større finansitstitusjon, lønsnivået er generelt høgt, og folk er litt i politisk koma) er me sju damer på jobb i dag, inkludert meg. Det er menn på avdelinga og, men dei er late og kjem seinare på jobb sjølv om dei ikkje må køyra tre born til skulen kvar dag.
Mitt "God morgon, og gratulerar med dagen alle saman!" i dag tidleg vekte følgjande reaksjonar blant dei kvinnlege kollegaene mine. "Åh! Det er den dagen i dag. Takk, i like måte. Det er bra at nokon hugsar på det." (5 stk) og "Huff, er det den dagen i dag. Eg er ikkje for slikt eg. Kvifor skal ein ha kvinnedag og ikkje mannedag liksom?" (1 stk). (Den siste reaksjonen fekk sjølvsagt ei lengre remse om å vera historielaus og lite globalt orientert som svar frå meg og den dødskule ugifte og litt rare femtiåringen på nabopulten min.)
Det som både er litt skremmande, men desverrre nokså vanleg trur eg, er at den siste reaksjonen ikkje kom frå ei av oss "vanlege" damene på jobben, men frå sjefen. Sjefen er sjølvsagt hellig overbevist om at alle har like mogelegheitar til å oppna det ein vil, uansett og at kjønn, økonomi, sosial bakgrunn og sånt her heilt irrelevant. Jaja. Ho om det.
Det som er fint er jo at "folk flest" på avdelinga mi faktisk synest at kvinnekamp er viktig. At dei er positivt instilte. At sjølv om dei vanlegvis er relativt politisk medvitslause har dei i alle fall fått med seg at menn og kvinner ikkje vert likt møtt av samfunnet.

For tida er det vanleg å møta på folk, som på same måte som sjefen min, meinar at kvinnedagen "har gått ut på dato". Dei seier at "me har jo liksetilling i noreg i dag" eller at "kjønn har jo ikkje noko å sei lengre, alle er si eiga lukkes smed" og liknande tull. Eg trur at enten er dei alvorleg hjernevaska ellers så meiner dei eigentleg at kvinner burde konsentrera seg om å sjå søte ut og ellers halda kjeft.
Å påstå at me har full likestilling i Noreg i dag er direkte feil. Det er eit faktum at kvinner i gjenomsnitt tener mindre enn menn og at kvinner i større grad enn menn tek seg av ubetalt omsorgsarbeid. Det er og eit faktum at kvinner i mykje større grad enn menn vert utsett for sksualisert vald. Berre for å nemna eit par punkt.
Dessutan vil eg påstå at uansett om me hadde hatt full likestilling i noreg hadde ikkje tida vore inne for å leggja ned kampen, sei oss tilfredse og gå heim og leggja oss. Det er drøssevis av andre kvinner rudt om i verda som har alt anna enn likestilling. I mange land er abort ulovleg, valdekt godteke som "straff" og kvinner sett på som ting ein kan gi bort om familien din skulle verta uvener med nabofamilien.
Dessutan er det slik at kvinner utfører (minst) halvparten av alt arbeidet som vert gjort på verdsbasis, mottek rundt 10% av løna (på verdsbasis) og eig ein endå mindre prosent av eigedommane. Rettvist? I think not.

Eg synes at kvinnedagen er viktig og naudsynt. Sjølvsagt av dei overnemnde grunnane, men og avdi å ikkje feira kvinnedagen ville vera vanvittig respektlaust overfor alle dei kvinnene som har kjempa før oss. Det ville vera å sei at den kampen våre mødre, bestemødre og oldemødre kjempa ikkje er så viktig lenger. Det ville vera som å sei at me ikkje skal feira 17. mai på grunn av at Noreg ER jo eit fritt land. Det ville vera å sei at me skal gløyma historia, og det kan vera farleg det.
Eg har i alle fall ikkje tenkt å verken slutta å kjempa eller å gløyma historia.
I den historiske samanhengen vil det verta lagt ut noko om kvinnelege komponistar seinare i dag, så føl med ;)

Til slutt vil eg nytta høvet til å gratulerar alle jenter, unge og gamle, tjukke og tynne, raude og blå, blide og sinte, med dagen. Stå på krava og ikkje gi opp. De er ikkje åleine, saman er me sterke. (Klisjeane dett ut av meg i dag ja...)
GRATULERA MED DAGEN JENTER!


13 Comments:

Anonymous Astrid said...

Gratulerer med dagen:)

March 08, 2006 11:34 AM  
Blogger Katarina Storalm said...

Ja, gratulerer med dagen, Guri! Og alle andre!

March 08, 2006 12:35 PM  
Blogger Mari said...

Gratulera med dagen! Eg skulle gjerne vore i Bergen i dag og feira, men sånn går det når en busett seg i feil land...

March 08, 2006 2:58 PM  
Anonymous Guro said...

Gratulerer med dagen og takk for en flott artikkel! :)

March 08, 2006 9:42 PM  
Anonymous Ingeborg said...

Flott artikkel Guri. For videre inspirasjon, hør Fevens låt "Bränn BHn". Gratulerer med dagen!

March 08, 2006 10:06 PM  
Blogger Guri said...

Tusen takk, og takk i like måte alle samen:)

Ingeborg: Har høyrt låta faktisk, dog mange år sidan no, trur eg ;) Er du forresten den Ingeborg eg trur du er?

March 08, 2006 11:11 PM  
Anonymous Grubleline said...

Nå når jeg nettopp har oppdaget denne bloggen, så må du fortsette å skrive! :-)

March 19, 2006 9:37 AM  
Anonymous Ingeborg said...

kjenne du mer enn en Ingeborg da? Hvis du trur d e din nestentvilling, aka "frøken bibelstripp", så har du helt rett.

March 21, 2006 10:43 PM  
Blogger Guri said...

Hehe.

Kjenne faktisk meir enn ei Ingeborg. Til og med meir enn ei Ingeborg som er truanes til å lesa bloggen min og så skriva ein sånn kommentar som du skreiv ;)
Om du kjem til bergen kan du møta ho...

Det er fint du er innom av og til då :D

March 22, 2006 5:51 PM  
Anonymous Anonymous said...

point taken. Ska begynn å signere med enten ynjber eller frk bibelstripp. Which ever you prefer darling.

March 22, 2006 11:48 PM  
Blogger Guri said...

Frk bibelstripp er jo bra :p
Nestentvillingen kan og duga...
Du skal ikkje få deg blogg du då?

March 23, 2006 8:24 PM  
Anonymous frk bibelstripp said...

Just tell me how, honey

March 23, 2006 10:39 PM  
Blogger Guri said...

Det kan me jo berre ta på msn ein dag ;)

March 23, 2006 10:45 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home