19.3.06

...

Så var eg ferdig med den andre opptaksprøva. Det vert nok ingen skule på meg til neste år...

I går tok eg nattoget frå Oslo ti Bergen. Hadde sitjeplass. Det brukar å gå greit. Berre at denne gonga gjorde det ikkje det. Sat ved sida av ein fyr som ved fyrste augekast verka ok. Berre at han var ikkje det. Han tok opp så mykje plass. Eller han invaderte mitt personlege rom, om du vil. Eg fekk sova max ein time. I går sov eg bort heile dagen, og no er eg dødtrøytt igjen.
Eg forstår ikkje kvifor nokre personar (mostly men) ikkje forstår at når eg har plass 40, så er faktisk plass 40 MIN på akkurat den turen. Eg kan ikkje fatta og begripa at ikkje folk skjønar at eg ikkje vert glad av at dei legg jakka si oppå meg (særs ikkje når eg har sukka og klasta den tilbake minst ti gonger). Eg kan ikkje for mitt bare liv sjå grunnen til at nokre folk (for det meste menn) trur at dei kan bruka akkurat så mykje plass som det passar dei. Herregud.

Utover dårlege prøvespel resultat og plagsomme menn på toget var Oslo ein sukses. Eg har møtt folk eg ikkje har sett på lenge. drukke øl for fyrste gong på lenge og kjøpt nye klær.

Men no Må eg sova, nokre av oss MÅ tilbake til den teite jobben vår i morgon.

Forresten! Eg veit at gutar vert sosialiserte til å ta plass. Det tyder likevel ikkje at eg må finna meg i å verta invadert av framande på toget. Og ja, eg er og fulstendig klar over at ikkje alle gutar er som togfyren.

8 Comments:

Blogger Mari said...

Det var leit at det ikkje gjekk bra med opptaksprøvane. Trøysten er at når du endeleg kjem inn og begynner å bli kjent med dei andre som studerer, så viser det seg som regel at dei fleste har prøvd fleire gonger før dei kjem inn. Og dei som kjem rett frå vidaregåande er så mykje yngre og mindre modne enn dei andre at det plutseleg ikkje er noko å vera misunneleg på.

Og togmannen? Det er utruleg at sånne finnes, det skulle ikkje vore lov å ferdas i offentleg rom utan eit minimum av folkeskikk.

March 20, 2006 8:17 AM  
Anonymous Grubleline said...

Jeg har alltid spurt konduktøren om å finne meg en annen plass, når sånt skjer. Fungerer godt.

March 20, 2006 12:28 PM  
Blogger Guri said...

Mari: Dei som vart tekne inn på Grieg i år var tre gutar og ei jente på 26... Så var nok ingen som kom rett frå vgs :p
Folkeskikk er ein fin ting (for det meste i alle fall ;)

Grubleline: Brukar og altid å be om å få byta plass om eg endar ved sidan av ubehagelege folk. Men han her verka heilt ok sånn fram til eg skulle sova sånn i eitt-tida, og då orka eg ikkje styra med slikt... Innser jo at det nok likevel hadde vore det beste... Jaja, sånn kan det gå :)

March 20, 2006 7:52 PM  
Blogger Guri said...

Oi! no ser det ut som om alle som kom inn var 26. Var berre jenta som var det.

March 20, 2006 7:53 PM  
Anonymous Marion said...

Ikke for å slåss om den beste plagsomme menn på toget-historien, men jeg våkna en gang for noen år siden av at en militærgutt kyssa meg på munnen og løp sin vei på Trondheim-Oslo. Eller Oslo-Trondheim. Husker ikke.

What to do på et tog fullt av militærgutter der du bare har sett en uniformrygg forsvinne? Ingen ting. Ikke no mer søvn den natta.

March 22, 2006 2:37 PM  
Blogger Guri said...

Å herre...

Trur nok du vinn "den beste plagsomme menn på toget historia" glatt...
Er det rart me(?) er trøytte...?

Vert nesten litt som den gonga ein totalt ukjend fyr plutseleg fekk det for seg at han skulle gnafsa litt på øyra mitt på ein konsert. Men han fekk litt vondt då, trur (håpar) eg....

March 22, 2006 5:57 PM  
Blogger Mari said...

På ein buss i Kroatsia (er det sånn ein stavar det?) opplevde eg ein gong at ein liten gutt i setet bak meg strøyk meg over det millimeterkorte håret mitt og lagde lydar som eg trur var den kroatiske varianten av mjau mjau. Det var mest hyggelig, men så er jo gutar på fire-fem år som regel søtare enn vaksne menn.

March 22, 2006 10:15 PM  
Blogger Guri said...

Born er jo ofte søtare enn sleske menn ja. Kanskje særs når dei lagar mjauelydar.. ;)
Trur kanskje det vert stava Kroatia. Eller?

March 23, 2006 8:21 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home