27.3.06

Uberkjerringa Guri

Vel, no vil jo eg påstå at det fins ulike typar kjerringar. Det fins bitch-kjerringar, trollkjerringar (slike som i eventyra) og det fins kaffeslabberskjerringar. Eg skal ikkje legga skjul på at eg kanskje høyrer inn under minst ein av dei nemnde kjerringkategoriane. Ikkje synes eg det er noko gale med å vera kjerring heller. Uansett, Grubleline har "tægga" meg med "kjerringtesten", så her kjem svaret alle ventar på; er Guri ei kjerring...

"Hvis du ikke er sikker på om du holder på å bli, eller kanskje allerede ER kjerring, bør du ta kjerringtesten. Hvis du nikker gjenkjennende til mindre enn 5 av kjerringtegnene under, kan du slappe av vel vitende om at du langtfra er noen kjerring. Treff på 5 -10 kjerringtegn viser at du er i faresonen. 10 - 20 JA viser at det definitivt er fare på ferde, mens over 20 JA tyder på at du burde gått av med pensjon."

-Du bruker mer penger i uka enn i helgene.
Eh, ja? det er jo på ein måte flest dagar i veka då...
-Du har duk og blomsterpotte på TV-en.
Eg har verken duk, blomepotte eller TV, så nei.
-Du rydder jevnlig i dypfryseren.
Eg har ikkje djupfrysar, berre sånn pittelite fryseskåp (og bra er det, ellers hadde det nok vore på høg tid at eg rydda der, burde forsåvidt ha rydda i fryseskåpet og snart).
-Du hører på Nitimen.
Nei, eg høyrer på iPod.
-Du synes det kunne vært gøy å prøve "en sånn hurtigvin".
Hurtigvin? Fins det hurtigvin og saktevin? Hæ?
-Du vet hva du skal ha til middag på søndag allerede på onsdag
Eg veit ikkje kva eg skal ha til middag på søndag på søndag.
-Du synes fersk gjær er bedre enn tørr gjær.
Forsåvidt, men eg brukar tørrgjær likevel.
-Du synes middag kl 19.00 er sent.
Eg synes middag klokka 19.00 er tidleg...
-Du har fem kasser med julepynt.
Eg feriar ikkje jol...
-Du kjøper julepynt på salg i januar.
Det kan jo henda, joletreljos kan brukast til mykje rart det.
-Du snakker heller med kvinner på fest.
Vel, dah! Korleis skulle det elles verta noko på meg? Ofte er det berre jenter på festane eg er på uansett.
-Du blir lykkelig over en ny kjele.
Ja. Litt for glad i ting er eg. Sånn på generell basis.
-Du lager pudding eller grateng av alle middagsrester.
Hadde sikkert gjort det om eg nokonsinne hadde middagsrestar, men eg et vanlegvis opp maten min.
-Du spiser Kongen av Danmark eller Honningkamfer.
Eg et eigentleg ikkje sukker (blir så hyper), men kongen av danmark er jo veldig godt då, så i teorien må det nok verta ja.
-Du spiser alltid rekecocktail til forrett.
Nei. Har aldri ete rekecocktail til forrett (fruktcocktail derimot, neidå, tulla).
-Du synes det er festlig med fiskekabaret.
Ja, i alle fall når mamma skal laga. Haha.
-Du begynner å bruke de broderte dukene som du har fått av svigermor.
Har ikkje svigermor, har ikkje dukar. Om eg hadde hatt svigermor og dukar hadde eg likevel ikkje brukt dei.
-Du har ferdiglagede middager med på påskeferie.
Nei, middagslaging er ein utruleg bra måte å sleppa unda skigåing på.
-Du synes dronning Sonja har mange artige hatter.
Ja, men mine eigne er mykje finare.
-Du går med lysebrune nylonstrømper til skjørt.
Nei! Ljosebrune nylonstrømper er grellt. Det ser ut som om ein trur folk trur ein er så brun. Gah. Om dei er sånne tjukke av ull eller bomull går det greit.
-Du har tellekant på trusene.
Trur ikkje det går an å ha tellekant på trusene mine. Men om det hadde gått hadde eg hatt det. Eg har tellekant på sokkane og nylonstrømpebuksene, og, vel, alt. (Det vert ja?)
-Du har brettede plastposer i vesken i tilfelle du skal handle noe.
Nei. Men eg har med sekk når eg skal handla.
-Du sjekker kølappen på polet hver gang det plinger.
Ja. Gullfisk kallar me slikt.
-Du tar bilde av din praktfulle balkongkasse og viser det fram på jobben.
Oioioi! Eg veit kva eg skal få meg, verandakasse! Eg har jo veranda.
-Du synes det er for sent å gå på nier'n på kino.
Ja, så seint på kvelden har eg betre ting å gjera på ;)
-Du får såpe i julegave.
Ikkje no lenger, eg trudde det var ei barnegreie?
-Du plukker bort støv og hår fra andres klær uten baktanker.
Ja.
-Du bruker samme tepose to ganger.
Ja, om eg er fattig (og det er eg ofte).
-Du har med pute når du skal kjøre langt i bil.
Køyrer aldri bil, men har med puta og pledd på toget, så hadde sikkert hatt det med i bil og.
-Du melder deg inn i bokklubben bare for å få kaffeserviset.
Ikkje kaffeserviset, eg drikk ikkje kaffe, men alle dei andre greiene. Oppevaringsboksane, for eksempel, eller dynetrekket.
-Du har våtservietter i bilen.
Eg har ikkje bil, kan aldri tenka meg at eg hadde hatt våtserviettar i den om eg hadde hatt bil.
-Du soler deg i vanlig BH.
Eg solar meg ikkje. Til det er eg for glad i den veldig kvite huda mi.
-Du danser swing til all slags musikk.
Ja, og gjerne med veldig høg promille.
-Du svømmer som en hund for ikke å bli våt i håret.
Eh, nei? Eg sym som ein hund for ikkje å få vatn i nasen og augene. For øvrig trur eg ikkje at å symja som ein hund i denne testen tyder det sama som det eg og søstrene mine kalla "hundesymjing" då eg var lita.
-Du kjøper "gode" sko.
Ja, kva ellers skulle eg kjøpa? Vonde sko?
-Du har paraply i håndvesken.
Nei, det er paraplyen for stor til.
-Du tar selv initiativ til slektsstevne.
Ja.
-Du tar vare på tomme rømmebokser og syltetøyglass.
Nei, og eg kastar Ranveig sine i smug.
-Du bruker sukkerbit til kaffen.
Eg drikk ikkje kaffi. Det er vondt.
-Du serverer fyrstekake, rullekake, smurt lefse eller smultringer når du inviterer til kaffeselskap.
Sånn bortsett frå at eg ikkje inviterar til kaffeselskap så ja. Noko gale i det kanskje?

Oi! om eg tel med den med verandakassa hadde eg tjue. Må telja ei gong til. Det er tjue... Det er den høgaste scoren eg har sett på denne testen. Og eg som berre er 21... Jaja, pensjonisttilværelese here I come... *sukk*

Uansett. Galskapen skal ikkje få lov å enda med meg, så eg sender testen vidare til Kamilla (om du får så mykje som eit einaste poeng skal eg le meg fillete) og Katarina (om nokon skal verta lika mykje kjerring som meg må det vera du...).

Den eminente überkjerringa for nokre år sidan.

22.3.06

Om eg vil kvafornoko? Vaska???!

I dag fekk eg ein god, gamal klassikar på sms frå ei veninne. Lik som meg har de sikkert høyrt denne før, men kanskje hadde de og gløymt denne historia?

Det var ei gong ei vakker, sjølvstendig prinsesse.
Ho fann ein frosk i det ho sat og fundera over livets spørsmål.
Frosken hoppa opp i fanget hennar og sa;
-Ei gong var eg ein vakker prins.
-Om du kyssar meg vert eg til ein prins igjen, så kan me gifta oss og bu i slottet ditt.
-Der kan du laga mat til meg, føda borna mine, vaska klærne mine og for altid vera takksam for å gjera det.
Den kvelden, medan ho åt froskelår, lo ho godt for seg sjølv og tenkte;
-Ikkje faen!

Er ikkje den bra?
Tihi...


Og så berre for å ilustrera kva ein IKKJE skal gjera...

***

Som alle veit er jo statcounter ein morosam ting.
Her om dagen hadde eg fått besøk frå dette kristne, amerikanske, bloggekollektivet (kan ein sei bloggekollektiv?). Kva dei fekk ut av sida mi, sånn i og med at eg skriv på norsk, er uvisst... Men uansett eigentleg morosamt å sjå korleis andre tenker.

19.3.06

...

Så var eg ferdig med den andre opptaksprøva. Det vert nok ingen skule på meg til neste år...

I går tok eg nattoget frå Oslo ti Bergen. Hadde sitjeplass. Det brukar å gå greit. Berre at denne gonga gjorde det ikkje det. Sat ved sida av ein fyr som ved fyrste augekast verka ok. Berre at han var ikkje det. Han tok opp så mykje plass. Eller han invaderte mitt personlege rom, om du vil. Eg fekk sova max ein time. I går sov eg bort heile dagen, og no er eg dødtrøytt igjen.
Eg forstår ikkje kvifor nokre personar (mostly men) ikkje forstår at når eg har plass 40, så er faktisk plass 40 MIN på akkurat den turen. Eg kan ikkje fatta og begripa at ikkje folk skjønar at eg ikkje vert glad av at dei legg jakka si oppå meg (særs ikkje når eg har sukka og klasta den tilbake minst ti gonger). Eg kan ikkje for mitt bare liv sjå grunnen til at nokre folk (for det meste menn) trur at dei kan bruka akkurat så mykje plass som det passar dei. Herregud.

Utover dårlege prøvespel resultat og plagsomme menn på toget var Oslo ein sukses. Eg har møtt folk eg ikkje har sett på lenge. drukke øl for fyrste gong på lenge og kjøpt nye klær.

Men no Må eg sova, nokre av oss MÅ tilbake til den teite jobben vår i morgon.

Forresten! Eg veit at gutar vert sosialiserte til å ta plass. Det tyder likevel ikkje at eg må finna meg i å verta invadert av framande på toget. Og ja, eg er og fulstendig klar over at ikkje alle gutar er som togfyren.

8.3.06

Til lukke med dagen alle jenter

Endeleg har den store dagen kome. Kvinnedagen. Elska og hata. Allereie i forrige veke byrja folk å hetsa kvinnegruppa Ottar i media.

På jobben min (eg arbeidar i ein større finansitstitusjon, lønsnivået er generelt høgt, og folk er litt i politisk koma) er me sju damer på jobb i dag, inkludert meg. Det er menn på avdelinga og, men dei er late og kjem seinare på jobb sjølv om dei ikkje må køyra tre born til skulen kvar dag.
Mitt "God morgon, og gratulerar med dagen alle saman!" i dag tidleg vekte følgjande reaksjonar blant dei kvinnlege kollegaene mine. "Åh! Det er den dagen i dag. Takk, i like måte. Det er bra at nokon hugsar på det." (5 stk) og "Huff, er det den dagen i dag. Eg er ikkje for slikt eg. Kvifor skal ein ha kvinnedag og ikkje mannedag liksom?" (1 stk). (Den siste reaksjonen fekk sjølvsagt ei lengre remse om å vera historielaus og lite globalt orientert som svar frå meg og den dødskule ugifte og litt rare femtiåringen på nabopulten min.)
Det som både er litt skremmande, men desverrre nokså vanleg trur eg, er at den siste reaksjonen ikkje kom frå ei av oss "vanlege" damene på jobben, men frå sjefen. Sjefen er sjølvsagt hellig overbevist om at alle har like mogelegheitar til å oppna det ein vil, uansett og at kjønn, økonomi, sosial bakgrunn og sånt her heilt irrelevant. Jaja. Ho om det.
Det som er fint er jo at "folk flest" på avdelinga mi faktisk synest at kvinnekamp er viktig. At dei er positivt instilte. At sjølv om dei vanlegvis er relativt politisk medvitslause har dei i alle fall fått med seg at menn og kvinner ikkje vert likt møtt av samfunnet.

For tida er det vanleg å møta på folk, som på same måte som sjefen min, meinar at kvinnedagen "har gått ut på dato". Dei seier at "me har jo liksetilling i noreg i dag" eller at "kjønn har jo ikkje noko å sei lengre, alle er si eiga lukkes smed" og liknande tull. Eg trur at enten er dei alvorleg hjernevaska ellers så meiner dei eigentleg at kvinner burde konsentrera seg om å sjå søte ut og ellers halda kjeft.
Å påstå at me har full likestilling i Noreg i dag er direkte feil. Det er eit faktum at kvinner i gjenomsnitt tener mindre enn menn og at kvinner i større grad enn menn tek seg av ubetalt omsorgsarbeid. Det er og eit faktum at kvinner i mykje større grad enn menn vert utsett for sksualisert vald. Berre for å nemna eit par punkt.
Dessutan vil eg påstå at uansett om me hadde hatt full likestilling i noreg hadde ikkje tida vore inne for å leggja ned kampen, sei oss tilfredse og gå heim og leggja oss. Det er drøssevis av andre kvinner rudt om i verda som har alt anna enn likestilling. I mange land er abort ulovleg, valdekt godteke som "straff" og kvinner sett på som ting ein kan gi bort om familien din skulle verta uvener med nabofamilien.
Dessutan er det slik at kvinner utfører (minst) halvparten av alt arbeidet som vert gjort på verdsbasis, mottek rundt 10% av løna (på verdsbasis) og eig ein endå mindre prosent av eigedommane. Rettvist? I think not.

Eg synes at kvinnedagen er viktig og naudsynt. Sjølvsagt av dei overnemnde grunnane, men og avdi å ikkje feira kvinnedagen ville vera vanvittig respektlaust overfor alle dei kvinnene som har kjempa før oss. Det ville vera å sei at den kampen våre mødre, bestemødre og oldemødre kjempa ikkje er så viktig lenger. Det ville vera som å sei at me ikkje skal feira 17. mai på grunn av at Noreg ER jo eit fritt land. Det ville vera å sei at me skal gløyma historia, og det kan vera farleg det.
Eg har i alle fall ikkje tenkt å verken slutta å kjempa eller å gløyma historia.
I den historiske samanhengen vil det verta lagt ut noko om kvinnelege komponistar seinare i dag, så føl med ;)

Til slutt vil eg nytta høvet til å gratulerar alle jenter, unge og gamle, tjukke og tynne, raude og blå, blide og sinte, med dagen. Stå på krava og ikkje gi opp. De er ikkje åleine, saman er me sterke. (Klisjeane dett ut av meg i dag ja...)
GRATULERA MED DAGEN JENTER!


6.3.06

...

Det gjekk ikkje så bra...
And I can't stop crying...