7.2.06

Ytringsfridom og dobbeltmoral


Ja! dette innlegget handlar om Muhammed-teikningar, flaggbrenning og ytringsfridom.

I noreg har me ytringsfridom (for det meste i alle fall), og det burde ein ha i resten av verda og. Om nokon, for eksempel Jyllandsposten, har lyst til å bruka ytringsfridommen sin til å publisera Muhammed-karikaturar er dei i sin fulle rett til å gjera dette. Dette er ein rett som eg støttar (det betyr ikkje at eg nødvendigvis ville gjort det same). Og når sinte muslimar brukar ytringsfridommen sin til å brenna norske og danske flagg meinar eg at det må dei vel og ha lov til å gjera (ambasadebrenning derimot er vel å gå "litt" for langt).

At Jyllandsposten og den norske kristenavisa "Magazinet" (det var jo og eit namn) trykker Muhammed-karikaturar er altså i og for seg greit, det er flaggbrenning og.
Det eg ikkje synest er greit er at ein gjeng hykleriske og dobbeltmoralske "blåbloggarar" med VamPus i spissen rykker ut i hopetal på sine kvite hestar for å "forsvara ytringsfridommen" når trykkinga av Muhammedkarikaturane får konsekvensar (eller, ikkje så mykje ugreit som patetisk). Ikkje fordi ein ikkje skal forsvara ytringsfridommen, men fordi tidlegare nemnde "blåbloggarar" er dei fyrste til å ropa på meir politi og "stopp terroristane" når eg og mine likesinna prøver å bruka vår ytringsfridom for eksempel til å demonstrera mot EU eller til å kreva like rettar for kvinner som for menn. Forsvararar av ytringsfridommen meg midt opp i rompa. Lat oss få ein ting på det reine. Når ein fyrst har ytringsfridom skal den faenmeg gjelda for alle! Ytringsfridommen skal gjelda like mykje for meg som er ueinig med VamPus og gjengen som for Jyllandsposten som (i alle fall i dette tilfellet) er einige med store delar av gjengen til VamPus. Berre så det er sagt.
Så det så!

Med andre ord, eg er for ytringsfridom. Det eg forøvrig har litt "issues" med er dobbeltmoralske blåbloggarar som berre skrik om ytringsfridom når det passar dei.

0 Comments:

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home