1.1.06

Same procedure as last year...?


Nytt år, nye mogelegheitar. Or so they say.
Personleg synes eg at nyttår er oppskrytt, på samme måte som jul, bursdagar og “gode gamle tradisjonar”. For faktum er at 1. januar er like mykje “den fyrste dagen i resten av ditt liv” som ein kvar annan dag. Det er jo nemleg ikkje slik at fordi kalendaren tilfeldigvis syner at me har byrja på eit nytt år (kven har forresten bestemt at dette skulle skje akkurat på denne tida av året?) får ein automatisk ein ny "kvote" med mogelegheitar. Kva ein i bunn og grunn har lyst til å gjera med livet sitt er i bunn og grunn opp til ein sjølv. Om datoen ein vel å byrja på sitt "nye og betre liv" er fyrste januar, 13. mai eller åttande november er heilt totalt likegyldig. Det som spelar ei rolle er jo faktisk om ein går aktivt inn for å endra på ting. No veit eg jo at det ikkje nødvendig vis er så enkelt, ein har jo system og mekanismar i samfunnet (kapitalismen, patriarkatet, janteloven...) som gjer at ting ikkje er like lett for alle, men det kan me ta ei anna gong.
Men tilbake til ting som er oppskrytte. Sånn i samanhengen nyttår kan ein jo godt nemna nyttårsfestar. For det må utan tvil vera årets mest oppskrytte festar, kanskje med konkuranse frå jolebord. Dette standpunktet har ført til at eg år etter år i staden for å gå på ein eller annan "bli-totalt-drita-og-kline-med-halve-festen-før-midnatt-fest" finn meg blant tanter, onklar, syskenebarn, foreldre, grandtanter og, i år, fire (levande) kyllingar i det det gamle året går over i eit nytt. Mi mor er ein del av ein syskenflokk på sju (seks jenter, ein gut) der alle har minimun tre barn kvar. Kvar nyttårsaften samlast alle desse med ektefeller, barn, barns kjærestar og diverse øvrige slektningar på familie(frukt)garden i hardanger. Der festar ein inn i det nye året med minst tre måltid frå seks om kvelden og utover, diverse (meir eller mindre) festlege selskapsleikar og i år utprøving av mormors gamle swingskjørt får nittenhundre-og-blomkål som ho bruka etter å ha fått to barn og som eg og mi kusine Marit var dei einaste som var for "kjukke" til å få på seg. Jaja. Koseleg det. Det eg eigentleg hadde tenkt å koma fram til med dette var familie. For der har du ein ting (til som nok og er oppskrytt) som eg har eit litt delt syn på. For på det eine sida er det jo veldig koseleg og "kjekt å ha". For min del betyr det at eg altid vil ha eit relativt stort nettverk som vil følgja meg gjennom livet uavhengig av korleis eg elles gjer det i livet. På den andre sida er det utruleg hetronormativt og ein av dei tinga som får folk til å skilla seg ut på ein negativ måte i samfunnet om ein ikkje har/har eit dårleg forhald til sin familie. Ikkje sånn å forstå at min familie ville ha freaka om eg hadde dratt med meg ei jente på nyttårsfeiringa, men om mormor hadde vore lesbisk så hadde nok aldri den familien eg har no vore mogeleg. Homofile får jo til dømes ikkje adoptera. Eller om eg hadde hatt ein valdeleg far hadde eg nok ikkje hatt det same forhaldet til familien som no. Med andre ord, familie er utruleg "uretvist". Det er noko ein ikkje kan velja eller endra, noko ein "berre er fødd med", nesten i like stor grad som kjønn. Vel, eg stoppar der. Eg har ikkje tenkt å koma med nokon fasit eller noko slikt i dag, dette var berre mine tankar, sånn på den fyrste dagen i det nye året. Eg har forresten ingen nyttårsføresett. Sånn i tilfelle nokon lurte. Mitt "nytt og betre liv" startar stort sett etter sommarferien...

2 Comments:

Anonymous Andreas said...

:)
Kjempe godt skrevet :)

January 02, 2006 2:37 AM  
Blogger Guri said...

Takk takk :)

January 02, 2006 5:31 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home