16.1.06

Fader vår

du som er i himmelen
gjev oss i dag vårt daglege brød
og forlat oss våre skulder
som me og forlet våre skuldarar.
Frels dei homofile,
og ta for all del frå dei eventuelle maktposisjonar.
Før oss ikkje ut i freisting
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt
og makta og æra
i all æve.
Amen.

Omtrent slik vil openbart pastor jan-Aage Torp at små og store born i Noreg skal byrja eller avslutta dagen.
I alle fall i følgje denne fantastisk artikkelen om bønn for (eventuelt mot, alt ettersom) homofile som eg kom over på Norge I Dag.

No må eg jo inrømma at eg ikkje var klar over at eg er ein av mange "hjelpesløse gutter og jenter, menn og kvinner som rett og slett er blitt forvirret i sin kjønnsidentitet på grunn av ensidig, forvrengt påvirkning fra venstrevridd media, på grunn av antikristelig psykiatri og psykologi, på grunn av homo-propaganda i skoleverket, og på grunn av Hollywood-filmenes snedige innføring av seksuelle abnormiteter." Men det er jo altid kjekt å verta opplyst...
For øvrig må eg og inrømma at eg finn stor glede i mine "seksuelle abnormiteter", og har tenkt å fortsetja med det. Sjølv om det mot formodning (og mot alt mine mange kristne prestedøtre-veninner seier) skulle føra meg lukt til helvete.
For øvrig meiner eg å ha høyrt rykte om at helvete eigentleg berre er eit resultat av feil-oversetjingar og liknande, men det er jo ei anna sak.

Vel vel.
Eg får vel avslutta med å ønskja alle ein god morgon/dag/kveld/natt full av trivelege "seksuelle abnormiteter".
Nokon av oss skal i alle fall ikkje drøyma om Jesus i natt ;)

2 Comments:

Blogger Katarina Storalm said...

You go girl. Det skulle da bare mangle.

January 17, 2006 2:53 AM  
Blogger othilie said...

Jeg blir like forundret hver gang noen står rak i ryggen og sier sånne ting som Torp. Jeg velger å være et større menneske enn han og ikke beskrive hans tenkemåte som mangel på sunnt sjelsliv og overskudd av dømmesyke og en farlig representant for mennesker med en Gudstro. Men det er nå meg det...

January 18, 2006 10:39 AM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home