2.1.06

Å elska og æra til døden skiljer dykk...


I dag hende det noko usansynleg skummelt. Plutseleg poppa det opp eit bilete av Torbjørn Røe Isaksen på datan min. Så då sat eg der og hylte og vifta med armane då (eg gjer sånt, det ser visst frykteleg morosamt ut). Berre bra det ikkje var Harald Viktor Hove (gæh), då hadde nok Ranveig funne meg skjelvande på golvet når ho kom heim frå ferien. Det blir nok lenge til neste gong eg tør klikka på ein link hjå VamPus. Greit nok at eg har perlekjede, pen genser og ei bukse som er dobbelt så dyr som mp3-spelaren til veslesystera mi på, og at eg dessutan syng klassisk, så eg verkar sikkert som eg passar fint inn i Høire. Men det får då vera greneser for kva ein stakkars jente må tola.
Men det var ikkje dette eg eigentleg skulle skriva om no. I dag då eg var på butikken og handla kom eg til å kasta eit blikk på BA. Smurt ut over framsida sto det "Bruden (17) fikk hakeslepp, Kurt kuppet bryllup". Jaha. Brud på 17. Hugs det.
Tidlegare i haust, nærare bestemt i valkampen hadde RV og RU ein aksjon for kjønsnøytral ekteskapslov. To par beståande av jenter i 15-18 års-alderen vart "vigde" på trappa til Johanneskirka i Bergen. BA dekka denne saka med framsida "RV utnyttar lesbiske barn i valgkampen" (fann ikkje artikkelen på ba.no). Javel, så når 15-18 åringar aksjonerar for kjønnsøytral ekteskapslov etter eigen, fri vilje vert dei utnytta, men når 17 åringar giftar seg på ordentleg (forhåpentleg og etter eigen fri vilje) då er det heilt greit? Det her med at ein skal vera konsekvent kan umogeleg ha gått inn hjå ba-redaksjonen. Dette luktar av homofobi. Eg er villig til å vedda ganske mykje på at om "barna" på kirketrappa hadde spelt heteropar hadde ikkje ba-redaksjonen så mykje som letta på augneloka. Faktisk så hender det kvar jonsok (st.Hans) at barn ned i 2-3 års-alderen spelar heterobrurepar utan at BA reagerar på dette. Eg berre nemner det.
Personleg synes eg at det er mykje verre at små barn vert pådytta heteronormative ritual som hetroekteskap frå dei er heilt små enn at tenåringar aksjonerar for kjønnsnøytral ekteskapslov. Ja eg går til å med så langt som til å sei at eg synes det er verre at 17-åringar giftar seg enn at andre 17-åringar spelar ekteskap. Tenk det!
No er eg jo ikkje nødventigvis mot ekteskap, men det er unekteleg eit faktum at å gifta seg får store koneskvensar og at å gjera dette i ein alder av 17 kanskje er litt tidleg. Medan ein aksjon er jo ikkje på noko som helst vis like alvårleg. Om eit par år er nok heile aksjonen gløymt av dei fleste.
Men for all del, BA må berre skriva det dei vil, for det er heldigvis fleire enn meg her i landet som har fått utdelt hjerne til å tenka med.

2 Comments:

Blogger VamPus said...

Lover å sette en advarsel på linker til Lille Blå heretter :-)

Forøvrig minnet den store stygge likestillingsulven din om en jeg våknet opp med etter et nachspiel i fjor...*urk*.. så det var jo en passende hevn..

January 06, 2006 1:39 PM  
Blogger Guri said...

Tihi...
Hevn kan vera gøy. Og utilsikta ;)

January 06, 2006 5:37 PM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home