25.1.06

Hjeeeeelp!!!!

Ein del har kanskje lagt merke til at det har vore litt stille her i det siste. Dette er på grunn av at eg har teori og gehørprøve på griegakademiet på laurdag (28. jan). Og denne MÅ eg stå på om eg skal gå der. (Har ein andre sjanse i opptaksveka, men det er berre heilt usansynelg stress.)
Resten av opptaksprøvane er i veke 10 (griegakademiet) og i veke 11 (Noregs musikkhøgskule). Eller med andre ord, i veke (8), 9, 10 og 11 skriv eg nok ikkje så mykje her. Med mindre eg kjem inn då :)
Så veit de det...
Wish me luck :D

19.1.06

Dette er ikkje ei kontaktannonse...

men eit rop om hjelp.
På same måte som Marina ser eg på meg sjølv som ei jente som greier å fiksa dataen sin sjølv. Eigentleg ei jente som greier å fiksa det meste sjølv.
Om vasken blir tett kan eg ordna det (sjølv om det er så ekkelt at det er best å få hjelp), om noko "forsvinn" på hardisken kan eg finna det igjen og når mamma og pappa får virus på pc sin kan eg fjerna det for dei.
Til trass for dette har eg i det siste støytt på ein del problem på datafronten som eg trur eg treng litt hjelp med. Samtlege av desse problema kan knytast til blogginga mi.
Med unnatak av oppdateringsansvar for heimesida til Voss SU ein liten periode på vidaregåande har eg aldri før drive på med HTML-koding og slikt, så her er eg varkeleg på ukjent grunn. Og det har jo gått fint, til no. Eg har jo funne ut korleis ein legg til linkar, både på sida og i tekstane, korleis ein får bileta til å bli slik som ein vil, korleis ein finn ut kor mange som er innom sida og andre kjekke ting. Men no har eg altså funne ut at eg vil endra på layouten. Oi! Det var skummelt. Må ikkje eg koda i tempaltet då? I så fall føler eg at det er stor "fuck-up-faktor". Fins det ein lettare måte?
Og så har eg jo sett meg litt rundt her i bloggebyen, og her har eg sett at det er mange som har sortert blogginlegga sine under kategoriar. Korleis får eg til det?
Sjølvsagt har eg ca tusen andre ting eg luarar på og, men det får me ta litt etter kvart.
Og ja, eg veit at eg nok kan finna ut av både det eine og det andre ved å sjekka denne "guiden" på bogger, men det har seg slik at eg ikkje kan datauttrykk verken på norsk eller engelsk, så ofte kunne alle dei smarte tipsa like godt ha stått på russisk og eg hadde forstende akkurat like mykje...
No håpar eg sjølvsagt på heidundrane respons på dette inlegget og massevis av smarte tips.
Om ein synes at ein kommentar blir for kort går det an å e-posta meg på raudstjernekrøllalfahotmaildåttcom, så kan eg sende deg msn adressa mi.
Snakkas :D


Det er lett å få dataen til å sjå pen ut, bloggen derimot...

16.1.06

Fader vår

du som er i himmelen
gjev oss i dag vårt daglege brød
og forlat oss våre skulder
som me og forlet våre skuldarar.
Frels dei homofile,
og ta for all del frå dei eventuelle maktposisjonar.
Før oss ikkje ut i freisting
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt
og makta og æra
i all æve.
Amen.

Omtrent slik vil openbart pastor jan-Aage Torp at små og store born i Noreg skal byrja eller avslutta dagen.
I alle fall i følgje denne fantastisk artikkelen om bønn for (eventuelt mot, alt ettersom) homofile som eg kom over på Norge I Dag.

No må eg jo inrømma at eg ikkje var klar over at eg er ein av mange "hjelpesløse gutter og jenter, menn og kvinner som rett og slett er blitt forvirret i sin kjønnsidentitet på grunn av ensidig, forvrengt påvirkning fra venstrevridd media, på grunn av antikristelig psykiatri og psykologi, på grunn av homo-propaganda i skoleverket, og på grunn av Hollywood-filmenes snedige innføring av seksuelle abnormiteter." Men det er jo altid kjekt å verta opplyst...
For øvrig må eg og inrømma at eg finn stor glede i mine "seksuelle abnormiteter", og har tenkt å fortsetja med det. Sjølv om det mot formodning (og mot alt mine mange kristne prestedøtre-veninner seier) skulle føra meg lukt til helvete.
For øvrig meiner eg å ha høyrt rykte om at helvete eigentleg berre er eit resultat av feil-oversetjingar og liknande, men det er jo ei anna sak.

Vel vel.
Eg får vel avslutta med å ønskja alle ein god morgon/dag/kveld/natt full av trivelege "seksuelle abnormiteter".
Nokon av oss skal i alle fall ikkje drøyma om Jesus i natt ;)

10.1.06

The sun will come out, tomorrow...

I og med at Guri har vondt i ryggen, augene og kanskje særs i viljen vert det ikkje noko ordentleg blogginlegg i dag.
I staden for skal Guri sjå på Buffy, the vampire slayer eller Twin Peaks.
Og så skal ho gle seg til alle dei gratis, fine tinga kjem frå bokklubben ho har meldt seg inn i.
Medan ho gjer dette skal ho så smått byrja å grua seg til opptaksprøvane, kanskje alle mest til teori- og gehørprøven, som er allereie 28. januar, og generelt synast synd på seg sjølv.

Men berre vent, Guri kjem sterkt tilbake. Og då har ho kanskje teke fram den sinte Ottarfeministen i seg. Moahahaha!

4.1.06

Trøytt, trøytt, trøytt

Og så har nok ein kveld gått med til å loke rundt på nett... og eg skal liksom på jobb i morgon tidleg og så ha songtime... Blæh...

3.1.06

Blame it on the feminists

eller dumme ting likestilling får skulda for del 1.

I dag kom eg over eit blogginnlegg på vg.no.
Innlegget handla om romantikk, eller rettare sagt, om at romantikken er død. For det fyrste, er romantikken død? Det har i alle fall gått meg hus forbi. I fjor gjekk eg på Toneheim Folkehøgskule, og der var det i alle fall nok romatikk og søtsupperi. Ein kan jo få diabetes av mindre (ja eg er singel). Men uansett.
Grunnen til at romantikken er død skulle visstnok vera den store, stygge likestillingsulven, som skremmer livskiten av alle menn med urimelege og usansynleg skumle straffer om dei skulle finna på å kjøpa blomar til dama. Hæ? Jaja.
Det mest interessante var for øvrig ikkje blogginlegget, men diskusjonen som fulgte. Sidan bloggen låg på hovudsida til vg.no fekk den nok merksemd.
I diskusjonen vart det hevda at grunnen til at romantikken er død er at kvinner og menn har blitt for like (fritt samndrege). Eller med andre ord. Romantikk er avhengig av at ein har ei kvinneleg kvinne og ein macho mann. Javel. Og kva med alle romantiske homofile par då? Det fins jo nok av dei.
Dette påpeika eg og i diskusjonen. Svaret eg fekk var at det var vel ei "kvinne" og ein "mann" i dei skeive forhalda då.
Ikkje for å pirka, men er det meg i skjørt eller den andre dama i skjørt som er mannen? Det har ikkje ramla folk inn at grunnen til at ein vel å leva skeivt i utgangspunktet er at ein ikkje "fell" for det andre kjønnet? Om eg ikkje likar menn, og dama eg datar ikkje likar menn (hypotetisk sett), kvifor skulle me då date ei "mannekvinne"? Beats me...
Kan ikkje berre folk snart insjå at ikkje alt som har med kjærleik/sex/romantikk osb. spring ut frå "den lille forskjellen", men folka som er involvert?

For øvrig har Caralin skrive interessante funderingar kring legning etter romantikkinlegget.


Den store stygge likestillingsulven.

2.1.06

Å elska og æra til døden skiljer dykk...


I dag hende det noko usansynleg skummelt. Plutseleg poppa det opp eit bilete av Torbjørn Røe Isaksen på datan min. Så då sat eg der og hylte og vifta med armane då (eg gjer sånt, det ser visst frykteleg morosamt ut). Berre bra det ikkje var Harald Viktor Hove (gæh), då hadde nok Ranveig funne meg skjelvande på golvet når ho kom heim frå ferien. Det blir nok lenge til neste gong eg tør klikka på ein link hjå VamPus. Greit nok at eg har perlekjede, pen genser og ei bukse som er dobbelt så dyr som mp3-spelaren til veslesystera mi på, og at eg dessutan syng klassisk, så eg verkar sikkert som eg passar fint inn i Høire. Men det får då vera greneser for kva ein stakkars jente må tola.
Men det var ikkje dette eg eigentleg skulle skriva om no. I dag då eg var på butikken og handla kom eg til å kasta eit blikk på BA. Smurt ut over framsida sto det "Bruden (17) fikk hakeslepp, Kurt kuppet bryllup". Jaha. Brud på 17. Hugs det.
Tidlegare i haust, nærare bestemt i valkampen hadde RV og RU ein aksjon for kjønsnøytral ekteskapslov. To par beståande av jenter i 15-18 års-alderen vart "vigde" på trappa til Johanneskirka i Bergen. BA dekka denne saka med framsida "RV utnyttar lesbiske barn i valgkampen" (fann ikkje artikkelen på ba.no). Javel, så når 15-18 åringar aksjonerar for kjønnsøytral ekteskapslov etter eigen, fri vilje vert dei utnytta, men når 17 åringar giftar seg på ordentleg (forhåpentleg og etter eigen fri vilje) då er det heilt greit? Det her med at ein skal vera konsekvent kan umogeleg ha gått inn hjå ba-redaksjonen. Dette luktar av homofobi. Eg er villig til å vedda ganske mykje på at om "barna" på kirketrappa hadde spelt heteropar hadde ikkje ba-redaksjonen så mykje som letta på augneloka. Faktisk så hender det kvar jonsok (st.Hans) at barn ned i 2-3 års-alderen spelar heterobrurepar utan at BA reagerar på dette. Eg berre nemner det.
Personleg synes eg at det er mykje verre at små barn vert pådytta heteronormative ritual som hetroekteskap frå dei er heilt små enn at tenåringar aksjonerar for kjønnsnøytral ekteskapslov. Ja eg går til å med så langt som til å sei at eg synes det er verre at 17-åringar giftar seg enn at andre 17-åringar spelar ekteskap. Tenk det!
No er eg jo ikkje nødventigvis mot ekteskap, men det er unekteleg eit faktum at å gifta seg får store koneskvensar og at å gjera dette i ein alder av 17 kanskje er litt tidleg. Medan ein aksjon er jo ikkje på noko som helst vis like alvårleg. Om eit par år er nok heile aksjonen gløymt av dei fleste.
Men for all del, BA må berre skriva det dei vil, for det er heldigvis fleire enn meg her i landet som har fått utdelt hjerne til å tenka med.

1.1.06

Same procedure as last year...?


Nytt år, nye mogelegheitar. Or so they say.
Personleg synes eg at nyttår er oppskrytt, på samme måte som jul, bursdagar og “gode gamle tradisjonar”. For faktum er at 1. januar er like mykje “den fyrste dagen i resten av ditt liv” som ein kvar annan dag. Det er jo nemleg ikkje slik at fordi kalendaren tilfeldigvis syner at me har byrja på eit nytt år (kven har forresten bestemt at dette skulle skje akkurat på denne tida av året?) får ein automatisk ein ny "kvote" med mogelegheitar. Kva ein i bunn og grunn har lyst til å gjera med livet sitt er i bunn og grunn opp til ein sjølv. Om datoen ein vel å byrja på sitt "nye og betre liv" er fyrste januar, 13. mai eller åttande november er heilt totalt likegyldig. Det som spelar ei rolle er jo faktisk om ein går aktivt inn for å endra på ting. No veit eg jo at det ikkje nødvendig vis er så enkelt, ein har jo system og mekanismar i samfunnet (kapitalismen, patriarkatet, janteloven...) som gjer at ting ikkje er like lett for alle, men det kan me ta ei anna gong.
Men tilbake til ting som er oppskrytte. Sånn i samanhengen nyttår kan ein jo godt nemna nyttårsfestar. For det må utan tvil vera årets mest oppskrytte festar, kanskje med konkuranse frå jolebord. Dette standpunktet har ført til at eg år etter år i staden for å gå på ein eller annan "bli-totalt-drita-og-kline-med-halve-festen-før-midnatt-fest" finn meg blant tanter, onklar, syskenebarn, foreldre, grandtanter og, i år, fire (levande) kyllingar i det det gamle året går over i eit nytt. Mi mor er ein del av ein syskenflokk på sju (seks jenter, ein gut) der alle har minimun tre barn kvar. Kvar nyttårsaften samlast alle desse med ektefeller, barn, barns kjærestar og diverse øvrige slektningar på familie(frukt)garden i hardanger. Der festar ein inn i det nye året med minst tre måltid frå seks om kvelden og utover, diverse (meir eller mindre) festlege selskapsleikar og i år utprøving av mormors gamle swingskjørt får nittenhundre-og-blomkål som ho bruka etter å ha fått to barn og som eg og mi kusine Marit var dei einaste som var for "kjukke" til å få på seg. Jaja. Koseleg det. Det eg eigentleg hadde tenkt å koma fram til med dette var familie. For der har du ein ting (til som nok og er oppskrytt) som eg har eit litt delt syn på. For på det eine sida er det jo veldig koseleg og "kjekt å ha". For min del betyr det at eg altid vil ha eit relativt stort nettverk som vil følgja meg gjennom livet uavhengig av korleis eg elles gjer det i livet. På den andre sida er det utruleg hetronormativt og ein av dei tinga som får folk til å skilla seg ut på ein negativ måte i samfunnet om ein ikkje har/har eit dårleg forhald til sin familie. Ikkje sånn å forstå at min familie ville ha freaka om eg hadde dratt med meg ei jente på nyttårsfeiringa, men om mormor hadde vore lesbisk så hadde nok aldri den familien eg har no vore mogeleg. Homofile får jo til dømes ikkje adoptera. Eller om eg hadde hatt ein valdeleg far hadde eg nok ikkje hatt det same forhaldet til familien som no. Med andre ord, familie er utruleg "uretvist". Det er noko ein ikkje kan velja eller endra, noko ein "berre er fødd med", nesten i like stor grad som kjønn. Vel, eg stoppar der. Eg har ikkje tenkt å koma med nokon fasit eller noko slikt i dag, dette var berre mine tankar, sånn på den fyrste dagen i det nye året. Eg har forresten ingen nyttårsføresett. Sånn i tilfelle nokon lurte. Mitt "nytt og betre liv" startar stort sett etter sommarferien...