8.12.05

Happy, triggerhappy

Dei siste dagane har eg røyka 20 om dagen, eller kunne like godt ha gjort det. Den fine byen min, Bergen, er nemleg så full av svevestøv for tida at i dag har astmatikarar blitt oppfordra til å ikkje gå ut i det heile teke.
Bergen har mange inbyggjarar (i alle fall i Norsk skala) og sikkert endå fleire bilar. Eller slik føles det i alle fall. Alle desse bilane køyrer rundt med piggdekk og spyr ut eksos i den kalde, stilleståande, tørrre vinterlufta. Til vanleg merkar ein ikkje veldig mykje til dette, med mindre ein bur på for eksempel danmarksplass (danmarksplass = bydel som har blitt til trafikkork). Til vanleg er det REGN og VIND i bergen. Slik har det ikkje vore i det siste. Desverre. Dei siste dagane har det vore kaldt, tørt og ikkje så mykje som eit einaste lite vindpust. Resultat? Lufta i Bergen sentrum inneheld tre gonger så mykje svevestøv (av den farlegaste typen) som anbefat maxverdi, i følgje bt.no.
Jippi! Eg føler meg så heldig. Eg slepp å døy av å bli påkøyrd av ein trailer, det er nok å gå på fortauet ved sida av...

Dette er for øvrig ikkje noko nytt problem. Slik har det vore i bergen kvar vinter, sidan, tja, i alle fall dei siste 15-20 åra. Det har til og med blitt bestemt at ein skulle gjera noko med det. I 2002 vedtok bystyret billegare bussbillettar på dagar med middels eller høg luftforureining. Det høyrest jo fint ut. Bortsett frå at det ikkje har skjedd då...
Det beste hadde jo sjølvsat vore bilfri by. For det kan vel ikkje vera så mykje vansklegare for alle dei vaksne (som insisterar på å køyre ein og ein i bilen på veg til jobb) å ta bussen enn det er for skuleelevar, studentar og pensjonistar? Eg for eksempel greier jo heilt fint å ta bussen til jobb kvar dag. Er ikkje noko vanskeleg det. Sikkert ikkje dyrare enn å køyra bil heller (sjølv om busskortet jo er ALTFOR dyrt, men det kan eg skriva om ei anna gong). Eg må innrømma at det er få eg har så lite respekt for som dei som insisterar på å køra bil til jobb kvar dag. Heilt aleine i bilen. Gjennom sentrum og FORBI huset eg bur i. Drittsekkar. Kva har eg gjort dei? Kva rett har DEI til å øydeleggja MINE lunger? Og ja, det er greit nok at nokre må plukke opp ungar i barnehagen, men eg veit om opptil fleire aleineforeldre som ikkje har råd til bil, men som heilt fint greier å få med seg ungane heim kvar dag likevel. Det er rart med det. Kva ein får til om ein berre vil.

No som det er sagt at ein kan greie seg utan bil til og med i dag seier det seg sjølv at den dagen me får bilfri by med gartis buss og bybane vil det ikkje vera noko som helst problem og koma seg frå A til B (til C...) for nokon.
Eg las ei gong ein stad (hugsa ikkje kvar, så kan ikkje sei dette talet sikkert) at 400 menneske dør av ting som kan relaterast til svevestøv i Bergen kvart år. Det er faktisk ganske mange. Det er noko som burde bli teke på alvor.
Så lat oss håpa at det ikkje er så lenge til det vert bilfri by, for det må jo vera folk å ha bilfri by for igjen i byen...

Bergen ein "fin" vinterdag.

3 Comments:

Anonymous Guro said...

ehm...plutselig ble mine planer/drømmer om å studere i Bergen feid bort med vinden... Kunne den ikke feid bort støvet med det samme?

December 11, 2005 2:42 AM  
Blogger Guri said...

No er det bra igjen då. No har det regna.... Men bergen e ein veldig fin by altså, eg bur jo her til trass for støvhelvette ;)

December 11, 2005 11:23 AM  
Anonymous Guro said...

"No er det bra igjen då. No har det regna"
Betyr det at hvis jeg ikke vil dø av svevestøvforgiftning, så må jeg drukne i regnvær? *skuff*

December 12, 2005 9:34 AM  

Post a Comment

Links to this post:

Create a Link

<< Home