12.12.05

Jenter i nerdeverda

"Eigentleg er nesten alle datamaskiner jenter. Dei har jo innebygg mus." Kirsti Pernille etter 4 timar med indesign og tyrkisk eplete.


Biletet du ser over er eit resultat av å google "girl mac". Må sei eg hadde håpa å finne noko meir av typen jente-med-laptop-i-fanget. Men neidå. Eg burde jo ha visst det. Det burde jo ha slått meg at internettverda ikje er snillare enn den "verkelege" verda. I den "verkelege" verda har ein prnoblad og H&M plakatar, på internett har ein, eh, vel, ja. I den "verkelege" verda er jenter objekt som det er ok å valdta, og på internett der kjønn burde hatt mindre å sei er det likedan, eller i alle fall dei same haldningane som rår. (Sånn for ordens skuld kan eg jo nemna at eg gjorde det same søket med boy og mac. Då fekk eg opp mest ting av typen "mac's 5th birthday" og sånn...)
Eg møter stadig på folk som seier ting av typen "men me har jo likestilling i noreg i dag" eller "om kvinner vel å bruka tida si på utsjånaden i staden fro karrieren er det jo deira val og deira problem". Men HALLO! Vakn opp. Korleis kan folk påstå at me har reel likestilling i noreg når premissane kvinner og menn møter i samfunnet er heilt ulike? Korleis kan folk tru at eg, som kvinne, kan gå ut i verda med den same trua på meg sjølv som menn når eg kvar dag møter bilete av "perfekte" kvinner smurt opp over alt? Korleis kan folk tru at eg kan gå på med det same motet som menn når alt eg nokonsinne får høyra er at kvinner ikkje er like bra som menn, at me er intrigemakarar, at me er "sladrekjerringar"?
Vel, I've got news for you. Det er ikkje altid like lett å vera kvinne som mann, for det at eg tilfeldigvis var fødd med innovertiss i staden for utovertis (takk gud for det, forresten) blir eg nok nøydd til å gå litt fleire oppoverbakkar i mitt liv. Men ein ting skal de vita, de må ikkje tru eit einaste sekund at eg har tenkt å gi opp. Ingen skal koma her og tråkka over meg berre for at eg har kort skjørt på meg.
For det er jo slik at når ein har mindre i utgangspunktet så har ein og mindre å tapa, men så mykje meir å vinna.

8.12.05

Happy, triggerhappy

Dei siste dagane har eg røyka 20 om dagen, eller kunne like godt ha gjort det. Den fine byen min, Bergen, er nemleg så full av svevestøv for tida at i dag har astmatikarar blitt oppfordra til å ikkje gå ut i det heile teke.
Bergen har mange inbyggjarar (i alle fall i Norsk skala) og sikkert endå fleire bilar. Eller slik føles det i alle fall. Alle desse bilane køyrer rundt med piggdekk og spyr ut eksos i den kalde, stilleståande, tørrre vinterlufta. Til vanleg merkar ein ikkje veldig mykje til dette, med mindre ein bur på for eksempel danmarksplass (danmarksplass = bydel som har blitt til trafikkork). Til vanleg er det REGN og VIND i bergen. Slik har det ikkje vore i det siste. Desverre. Dei siste dagane har det vore kaldt, tørt og ikkje så mykje som eit einaste lite vindpust. Resultat? Lufta i Bergen sentrum inneheld tre gonger så mykje svevestøv (av den farlegaste typen) som anbefat maxverdi, i følgje bt.no.
Jippi! Eg føler meg så heldig. Eg slepp å døy av å bli påkøyrd av ein trailer, det er nok å gå på fortauet ved sida av...

Dette er for øvrig ikkje noko nytt problem. Slik har det vore i bergen kvar vinter, sidan, tja, i alle fall dei siste 15-20 åra. Det har til og med blitt bestemt at ein skulle gjera noko med det. I 2002 vedtok bystyret billegare bussbillettar på dagar med middels eller høg luftforureining. Det høyrest jo fint ut. Bortsett frå at det ikkje har skjedd då...
Det beste hadde jo sjølvsat vore bilfri by. For det kan vel ikkje vera så mykje vansklegare for alle dei vaksne (som insisterar på å køyre ein og ein i bilen på veg til jobb) å ta bussen enn det er for skuleelevar, studentar og pensjonistar? Eg for eksempel greier jo heilt fint å ta bussen til jobb kvar dag. Er ikkje noko vanskeleg det. Sikkert ikkje dyrare enn å køyra bil heller (sjølv om busskortet jo er ALTFOR dyrt, men det kan eg skriva om ei anna gong). Eg må innrømma at det er få eg har så lite respekt for som dei som insisterar på å køra bil til jobb kvar dag. Heilt aleine i bilen. Gjennom sentrum og FORBI huset eg bur i. Drittsekkar. Kva har eg gjort dei? Kva rett har DEI til å øydeleggja MINE lunger? Og ja, det er greit nok at nokre må plukke opp ungar i barnehagen, men eg veit om opptil fleire aleineforeldre som ikkje har råd til bil, men som heilt fint greier å få med seg ungane heim kvar dag likevel. Det er rart med det. Kva ein får til om ein berre vil.

No som det er sagt at ein kan greie seg utan bil til og med i dag seier det seg sjølv at den dagen me får bilfri by med gartis buss og bybane vil det ikkje vera noko som helst problem og koma seg frå A til B (til C...) for nokon.
Eg las ei gong ein stad (hugsa ikkje kvar, så kan ikkje sei dette talet sikkert) at 400 menneske dør av ting som kan relaterast til svevestøv i Bergen kvart år. Det er faktisk ganske mange. Det er noko som burde bli teke på alvor.
Så lat oss håpa at det ikkje er så lenge til det vert bilfri by, for det må jo vera folk å ha bilfri by for igjen i byen...

Bergen ein "fin" vinterdag.

6.12.05

Om møtekultur og sånn

No har eg nettopp vert på møte. og eg må sei at eg er litt indignert. For maken til hersketeknikkbruk er det lenge sidan eg har sett. Oh my god. Her er ein på møte i ein organisasjon der ein i alle fall skulle tru at medlemmane hadde ein viss feministisk forståelse av samfunnet. Men nei då.
Det er greit nok at innleiaren kom litt seint, og at det på grunn av dette var litt anarki på byrjinga av møtet. Eg meinar, sånt hender jo. Men eit minimum av respekt for at andre snakkar må ein jo likavel kunne forventa. Det er jo ikkje ein gong eit spesielt feministisk krav, det er vanleg FOLKESKIKK.
Men det verste var for øvrig at til trass for at dette møtet var eit jævlig godt eksempel på at jenter og gutar ikkje stiller på lik fot her i verda og at særskilt jenteorganisering er ikkje berre lurt, men naudsynt, så satt ein masse gutar (og nokre jenter) der og påsto at hersketeknikkar rammar gutar i like stor grad som jenter og at særskilt jenteorganisering er dikriminering av gutar.
Eg gir opp... Har ikkje folka auger i hovudet? Kan dei ikkje sjå kva dei sit der og gjer på? Er dei blinde og døve?

Er det nokon der ute som blir med på å laga eit nytt land? Der alle blir behandla som individ og ikkje som kjønn, der alle blir respekter for den dei er og ingen trur dei har større rett til å snakke in public enn meg berre fordi dei tilfeldigvis har ein dum utovertiss....

4.12.05

Det klassedelte samfunnet


Er no i Trondheim på 4/5 dagen (det er ca midt på natta). Har i løpet av mi korte tid her oppdaga noko ganske interessant, nemleg at Trondheim i alle høgaste grad er ein klassedelt by. Dette kjem jo ikkje som noko sjokk, verken på meg eller (forhåpentleg) på nokon andre. Det som nok sjokkerar meg litt er kor tydeleg det er. "Dei rike" ha sine butikkar og sine fancy hus medan "dei andre" har sine butikkar og sine delar av byen. Hm...
No har jo ikkje eg særskilt inngåande kunskapar om Trondheim og Trondheims historie så eg har inga bra forklaring på kvifor klasseskillet er så mykje tydlegare her enn mange andre stader. Det kan jo sjølvsagt ha med å gjera at det er ein gamal by, og at overklassen her dermed er "eldre" og meir "innbarka", men i så fall burde jo overklassen i bergen (som og er ein relativt gamal by) og ha vore like tydeleg. Eg veit ikkje (tips blir mottekne med takk). Men ein ting er i alle fall sikkert, det er ganske spesielt å sjå eit så klassedelt samfunn i Noreg.