24.11.05

Å ha blogg



Så har endeleg eg og kapitulert og fått meg blogg. Ganske gøy, skulle berre hatt litt betre tid til å fiksa og ordna på den. Jaja.
Har nesten ikje fortalt nokon at eg har fått blogg endå. Sånn i frykt for at dei skulle synast at den var stygg og keisam. Men men. Folk finn det vel ut etter kvart...
Wish me luck :)

23.11.05

Artikkel eg har skrive til loaklavisa heime

I dag skal eg byrja med ei gamal historie, eller gåte om du vil. Nokre av dykk har sikkert høyrt ho før, men det får berre vera.
Ein mann og hans son var ute og køyrde bil ein kveld. Pluttseleg skjena ein bil over frå motgåande køyrefelt og krasja med bilen som faren og sonen sat i. Faren døydde momentant medan sonen vart sendt til sjukehuset, hardt skadd.
Då sonen vart trilla inn på operasjonstova utbraut kirurgen; -Eg kan ikkje operera, det er son min.
Korleis kan dette ha seg?
Eg håpar du skjøna korleis ting heng saman. Om ikkje burde du gå og skamma deg (for så å gå og spørja ho som vaska sokkane dine når du var liten om svaret, for ho veit det nok).
Og poenget mitt med historia? At me kan tru at me lever i eit land der alle er likestilte og har same rettar uansett kjønn, legning eller hudfarge så mykje me berre vil, men det er ikkje sikkert det stemmer. Når det er sagt er det sansynleg at du tenkte på at faren kunne vera homofil før du tenkte på at kirurgen kunne vera mora (for det er jo sjølvsagt det som er det rette svaret).

I “likestilte” noreg er det framleis slik at kvinner i snitt tener 36% mindre enn menn. Dette har sjølvsagt fleire grunnar, blant anna at kvinner jobbar meir deltid, at typiske “kvinneyrke” er lågare lønna enn typiske “mannsyrke” og at jenter vel desse typiske “kvinneyrka” med mykje deltid. Særskilt det siste er interessant, for er det eigentleg slik at kvinner har lyst til å gjera drittarbeidet til låg løn i 70% stilling?
Det vert ofte sagt at kvinner frå naturen si side er utstyrt med meir empati, altså evne til å føle med andre, enn menn, og at det difor er naturleg at kvinner vel yrke som hjelpepleiar eller barneskulelærar.
For det fyrste veit eg ikkje heilt om det er så kult for mennene at dei liksom IKKJE skal vera utstyrt med dei same menneskeleg følelsane som kvinner, men det får me ta ei anna gong.
Altså, kvinner er liksom fødd med eit empatigen som menn manglar og difor vil me arbeida på gamleheim i 70% stilling. No kan ikkje eg påstå at eg ser samanhengen mellom eit eventuellt empatigen og deltidstillingar, men den fins visstnok. Kanskje tanken er at ein føler med alle dei som eventuellt ikkje hadde fått jobb om alle med deltidstillingar hadde fått heiltidstillingar? Men frå spøk til alvor.
Det er altså slik at i den sektoren som nok (og her berre trure eg) anset flest kvinner fins det nesten berre deltidstillingar. Det blir i utgangspunketet nesten berre lyst ut deltidstillingar. Hm. Kanskje det kan vera litt av grunnen til at så mange kvinner har deltidstillingar. Ufrivilleg. For det er jo ikkje slik at alle dei deltidsansette kvinnene i helse og omsorgsektoren har gått til sjefen og sagt;- Duuu, atte, eg synest det er så mykje meir givande å vaske golva heime enn å jobber her og tene pengar, så eg vil berra ha 60% stilling. Dei fleste arbeidar faktisk ufrivillig deltid. Dei berre hadde ikkje noko val, dei fekk aldri valet mellom fulltid eller deltid. Så difor er mange kvinner deltidsarbeidsledige, for det er jo det dei i realiteten er.
Det er det forøvirg ikkje alle som har noko i mot. For om det er slik at alle kvinner er fødde med eit omsorgsgen så kan jo dette slå ut på mange måtar. For eksempel ved at ein vel å arbeide på gamleheim, men og ved at ein vel å ta seg av familien sin. For det er jo det ein gjer når ein steller heime, vaskar golv og tørkar støve. Sagt med andre ord, dette omsorgsgenet er ikkje berre eit omsorgsgen, men eit tørke-støv-gen. Ja.
No trur eg nok at alle som nokon gong har kasta eit blikk inn på eit av dei romma eg har budd på opp gjennom åra tvilar litt på at eg er fødd med eit tørke-støv-gen. Eg personleg tvilar på at konseptet støv i det heile teke var påkome på den tida menneska utvikla genmaterialet sitt.
No er det sikkert nokre konservative, gamle gubbar og livmorfeminister (du veit, slike som går rundt og masar om at ein må oppskatte det kvinnelege, kva no det måtte vera, dei er ofte svenske eller med i Krf) som føler seg djupt indignerte, såra og vonbrote og ikkje så beint lite forvirra etter å ha lese det forrige avsnittet. Det får så vera. Eg har nemleg ikkje tenkt å lata som om eg likar å vaske opp berre fordi nokon har ein illusjon om at det ligg i min natur å gjera slik.
No som me har slått fast at det mest truleg ikkje fins noko særskilt kvinneleg omsorgsgen (les: tørka-støv-gen) må me nok prøva å finna nokre andre grunnar til at kvinner (og menn) likevel vel så tradisjonelt når dei skal få seg eit yrke. Kanskje har det noko med strukturane i samfunnet å gjera? Kanskje har det noko med oppveksten vår å gjera? Kanskje er det slik at når den fyrste leika til vesle Lise er ei dokke så gjer det noko med ho. Kanskje er det slik at når vesle Per vert med pappa for å hente ved og vesle Lise blir igjen på kjøkkenet med mamma så spelar det ei rolle for korleis Lise og Per vel seinare i livet. Det er ikkje utenkeleg, er det vel?
Så, kva gjer det eigentleg med kavrdagen til Lise og Per at dei gjer val som gjer dei ulik løn når dei vert vaksne?
Vel, for det fyrste så får menn og kvinner ein ulik økonomisk situasjon. Denne skeivheita er ikkje basert på noko anna en kva kjønn ein tilfeldigvis vart fødd med, noko som i utgangspunktet slår meg som urettvist.
Denne skeivheita betyr fil dømes at kvinner i utgangspunktet har dårlegare kjøpekraft enn menn, har dårlegare forutsetningar for å betale husleige, mat,

guris gale verd

Så hadde eg og fått meg blogg. Jupp. Finn ikkje ut kordan eg skal redigera linkane. HJELP!
Kanskje berre dataen er dum? Hm...