1.9.09

Sur feminist

Glitterfitter med fleire syns visst at feministar er for sure.
Eg lurar på kva som feilar folk som ikkje blir sure over at verda er slik som den er:


Eg trur eg hadde hatt større problem om eg ikkje vart sur...

20.11.08

Viktig melding!

Eg er feminist. Ottarfeminist til og med.
Og eg gir blanke faen i kva du har på deg. Verkeleg.

27.4.08

Nedlagt

Denen bloggen legg ned i dag.
Kanskje gjenoppstår den seinare på ei anna dresse. Kven veit.

Grunnen? Det er for mange som diskuterar person i staden for sak og for mange som prøve å pressa blogging inn i ein boks. Eg orkar ikkje å forhalda meg til slikt når eg skriv.

Eg kjem til å fortsetja å skriva i reisebloggen min når eg reiser :)

Er du her fordi du kjenner meg i røynda, ikkje fordi du er ein bloggar? I såfall kan du senda meg ein e-post eller ei melding på fjesbok og få adressa til der eg skriv no.

Minnea og Randi: Eg beklagar oppriktig at eg aldri svara på "oppgåvene" dykkar. Eg hadde lyst til å skriva dei, byrja på dei til og med, men så fekk eg denne bloggeklumpen me har hengt i så opp i halsen at eg ikkje orka. Beklagar.

Takk for meg.

3.4.08

I live

Eg er rett og slett oppteken for tida.
Rett og slett.

18.3.08

Ut på tur

Eg reiser til Kina i morgo tidleg.
Om de vil kan de lesa meir om kva eg føretek meg der på reisebloggen min.

Eg skriv postane Randi og Minneapolise fekk bestemma når eg kjem tilbake:)

8.3.08

Filmar du bør ha sett, 8. mars edition

Alle bør sjå siste episode i sesong 7 av "Buffy, the vampire slayer".
Den inneheld ein fantastisk sekvens der alle undertrykte kvinner byrjar å stå opp for seg sjølve. Som feminist kan ein jo verta rørt til tårene av slikt.

5.3.08

Not ready to make nice

Det hender folk prøver å fortelja meg korleis eg skal leva livet mitt. Kva eg bør prioritera, kva eg bør meina, korleis eg bør kle meg, snakka og oppføra meg. Kva kampar eg skal kjempa. Fordi eg er feminist.

Det hender folk meinar at eg burde snakka litt mindre om sex. At eg ikkje burde driva å masa om likestilling i noreg, for det er jo så mykje verre i somalia, må vita. At eg burde ha litt lenger skjørt. At eg burde eller ikkje burde barbera leggane mine. At eg berre burde godta at kvinner og menn vert famstilte gjennomgåande som motsetningar i media, for hadde det ikkje vorte keisamt om alle var like?

Vel, gjett kva. Ingen har rett til å fortelja meg korleis eg skal leva livet mitt. Eg er ikkje feminist for å vera snill, inkluderande eller visa omsorg for dei stakkars kvinnene i afrika.

Eg er feminist fordi eg må. Det er tvingande nødvendig for meg. For at eg skal kunna leva livet mitt slik eg vil. Fordi eg, på grunn av kjønnet mitt, ikkje har same mogelegheitar som menn. Og det er ikkje haldbart. For meg.

Å vera feminist er ikkje ei løna stilling. Eg er ikkje tilsett av nokon som kan bestemma korleis eg bør prioritera. Eg prioriterar på bakgrunn av kva eg, eg ja, syns er viktig. For meg.

Det er alltid nokon som har det verre. Det tyder ikkje at dei andre kampane ikkje er viktige. Å oversjå eigne behov til fordel for å hjelpa andre er sjeldan lurt. Faktisk er det ein av dei mindre konstruktive eigenskapane i den tradisjonelle kvinnerolla. Å vera sjølvutslettande. Eg trur at å tre inn i den tradisjonelle kvinnerolla ville ha begrensa meg så mykje at eg ikkje ville ha vore i stand til å arbeida med og for kvinners rettar globalt.

Så ikkje kom og fortel meg kva eg burde gjera, kva eg burde sei, meina og kjempa for. Kva eg skal bruka mi tid og mine krefter på. For det er det faktisk eg som bestemmer.

"I’m not ready to make nice
I’m not ready to back down
I’m still mad as hell and I don’t have time to go 'round and 'round and 'round"



Og eg lurar på, desse som dukkar opp ei gong i blant og er sure fordi eg snakkar om sex når eg kunne ha snakka om omskorne damer i somalia, når gjorde dei sist noko for å hjelpa omskorne damer i somalia? Eg berre lurar...
Det hadde nok vore meir effektivt om dei engasjerte seg sjølve i staden for å kjefta på meg for at eg brukar kreftene mine på "feil" ting. Just sayin'.

Overskrift og sitat henta frå "Not ready to make nice" av Dixie Chicks. Ja, eg veit kva den eigentleg handlar om.